Arbeid under stjernene
"Stjerneadvokatene på Aker Brygge har bygd opp Finance Credit som svindlet for milliarder". står det i avisene. Eg kjenner dei ikkje. Dei er ikkje kundar hos en vanleg lappeskamaker.
Men forfedrane mine hadde kundar der. Det var da hamrane klang mot blankt metall, og stolte skuter glei ut fjorden med sjøgutar i sixpence og frakk.
Lukta av køl seiv inn i verkstaden og blanda seg med eimen av ler. Det lukta framsteg. Nuddar eller metallsaum - vi slo dei inn med kraft og sto støtt på resultatet.
Ingen av oss var stjerner. Stjernene var over oss. Dei var draumane våre.
Men nokon stal frå oss hamrane, stålet og leret. Dei stal heile hamna og brygga. Det verste var at dei stal draumane våre og kalla seg sjølve stjerner.
Og dei sluttar ikkje å stele. før vi finn hamrane våre igjen.
Hartvig Sætra,
"Lappeskomaker´n" I: Friheten 22. november 2002.
|
|