Kattevask-partiet.

Ein Høyre-mann i Tromsø
vil at ungane skal vaske skolen
for å spare pengar til Høyres skattelette.
Han har ikkje oppdaga
at reingjering er ein profesjon.

I gamle dagar sa ho mor
når vi var slurvete over vaskefatet:
"Det vart visst kattevask i dag".

Ved valet i 2001 satsa Høyre
på "kvalitet i skolen".
- Men det skal ikkje koste,
for vi har jo meir behov for
skattelette og syden-turar
enn veggmåling og lærebøker.

Og så kan ein jo skylde på sidemålet
når målinga flaknar av veggane
og vikaren uteblir.
Skal vasken gå for seg
i dei timane?

Uansett er eg redd for
her eg sit ved skomakarbenken
at reinhaldet blir slett.
Men vi kan jo skifte namn
frå "skolepartiet Høyre"
til "Kattevask-partiet"!




Lappeskomakern,
(Hartvig Sætra)
i: FRIHETEN
15-09-2002.