Ståtarkongen Bondevik

I gamle dagar vart Fattigkassa
betalt av motvillige
borgarar og bønder.
For at utgiftene
skulle haldast nede
hadde heradet ein mann
som avviste folk ved grensa.
Han vart kalla ståtarkonge.

Venstre gjorde slutt på
Fattigkassa.
Men 102 år etterpå
opprettar ei regjering
med V, H og KrF
ei ny fattigkasse

Borgarane murrar fortsatt,
mens dagens bønder
sjølve står med lua i handa.
Også nå har vi
streng vakt ved grensene.

Så dersom kongehuset forvitrar
slik mange trur,
er vi berga likevel.
Vår nye monark
blir ein ekte, gamaldags
ståtarkonge:
Kjell Magne den første.


Lappeskomaker´n
I: Friheten
11. oktober 2002.