Internasjonalen

Opp, trælar alle no kring jorda!
Opp, de som låg i naud og svolt!
Som elding lyser rettferdsorda,
det brest i band og slavebolt!
Rått og råte opp med rot vi river.
Opp træler, no or naud og skam.
Kring merkestonga tak vi triver:
Fram kamerat! Til fridom fram!

Av herremenn vi inkje ventar,
vi visst alt for lenge leit på deim.
Vi sjølv i samla fylking hentar
oss fred og frelse, fridom heim.
Mot røvarane rett vi reiser,
og ljos vi krev for viv og born.
Med eigen hamar vi no sveisar
og sleggar ut dei varme jarn.

Imot oss staten lover smider,
av bører blir vi bøygt i kne.
Men rikingen har gode tider,
og plikt han kjenner aldri til.
Alt for lenge låg vi trødd og trampa.
No slær vi slag mot ran og rov!
Vi rettar rygg som før var trampa,-
og så skriv vi vårt samfunns lov.

Arbeidar! Bonde! Inn i laget!
I samla flokk vi siger får!
Mot sjølve lygna slær vi slaget,
til krig mot krigen sjølv vi går!
Bryt børsa av!, riv slavebandet!
Kom kamerat, ei tid er nær:
Ein sommar susar inn mot landet,
og vi, vi sjølve våren er.

Arbeidar! Bonde! Støde, sterke
vi stemnar fram - om det gjekk seint!
I brodden blakrar - sjå! - vårt merke:
det manar oss så raudt og reint.
Vi samla slær all urett ned,
og fengselsmørket, mordarstålet
gir rom for broderskap og fred!

Ole Martinus Høgåsen (1900 - 1964) 1929

I: Kolbein Sterke og andre kvæde : dikt for bonde- og arbeidarungdomen / M. Høgåsen. Oslo : Arbeiderpartiet (DNA), 1929