|
NYNORSK ROMAN
Alfred Hauge: "Aret har ingen vår" Ansgar
Malin er dømt frå sin fysste dag. Ho er "lausonge", ho er fattig. Ho tar til å slite for seg sjøl frå ho er barn, går under pisken heile sitt liv. Ikkje ein dag har ho rådd seg sjøl, det er andre menneskje som dikterar kvart stig ho skal ta. Ho har ingen vilja å setta imot, ho er for godt opptukta til det. Ho har berre å lyde. Ho elsker ein, men må gifte seg med ein annan. Manner er eldre, han gifter seg for å få kvinnfolkhjelp på garden, ja - for ein ting til, sjølsagt. Han er ikkje vond, men han tenkjer ikkje eit sekund at andre kan vera anleis enn han sjøl, ha kjensler som han ikkje har sjøl. Svigermora er eit hespetre. Millom desse går så Malin i eit evig slit med krøter og bån og svangerskap. To av båna døyr tidleg, ho rekk ikkje å få dei døpt. Heile livet plager ho seg med dette: Er dei to krypa i helvite fordi dei døydde udøpte? Ho freister å finne svar på dette. "Ingenlunde" seier Pontoppidan. Ho klenger seg til dette ingenlunde, men tør ikkje tru det heilt, for Luther og Petter Dass og soknepresten seier det motsatte. Ho vil gå og spørja ein predikant som er kommin
til bygda, men mannen nekter henne å gå på møte. Han har merka at ho ikkje er heilt klar i toppen sommetier, og meiner at religiøst prek og grublerier vil gjøre henne verre. Han minere det godt, men verknaden blir den motsatte. Mannen, svigermora, presten, heile bygda med, samt Luther og Dass, klemmer henne mot avgrunnen. Sinnsjuka slår ut. Ho blir kjørt til asylet med den vanføre dottra står og ser fortapt etter vogna, og eit ungdomslag som har friluftsmøte syng: "Her er sommersol nok, her er sedejord nok, jord nok, bare vi, bare vi hadde kjærlighet nok -. Ja, det er just kjærleiken som vantar. Kven som helst kan ta ordet i munnen, men ingen tenker over kva det tyder. Men når menneskja omkring Malin har så lite kjærleik å gi, så er det fordi dei sjøl aldri har møtt kjærleik og skjønsemd. Forfattaren er klar over det. Han har hjarta til og med for dei vonde i boka, som er meir tankelause, hemma og bundne enn rett og slett "vonde". Men med den hjartelause presten, og med dei som skulle vita betre, med dei sjølgode og dømmesjuke, har han ingen medynk!
Hendinga går for seg i ei kystbygd i den tia da Jåbæk og Sverdrup var aktuelle navn. Vi kan roa oss med at det er ikkje slik lenger. Verda ha gått framover sia attenhundre og den tid.
Ja, har ho no det? Hossen har dei sinnsveike, dei vanføre og fattige det i dag?
Og vi sjølve? Hossen er vi mot dei som er verst stelt? Innprenta vi båna våre at dei måtte vera snille mot vesla som hadde klumpfot på skulen og guten som var "mindre begavet"? Sa vi det ordet til ei eller anna Malin - det ordet som kunne lyst opp for henne og frelst henne frå vanvitet?
"Året har ingen vår" er ei bok som ein kunne ønske mange ville lesa - og la seg skaka av. Boka er velskreven, og alt anna enn kjeisam. Alfred Hauge har hjartelag, menneskekunnskap, og ein godmodig, avvepnande humor. Til dette kjem at språket er eit ledig og sikkert nynorsk som det er ein fryd å lesa.
Aasta Holth i
FRIHETEN 19-10-1948.
|