Krev din odelsrett til
den globale allmenningen!


På veggen har eg ein plakat som eg er svært glad i. Overskrifta er "Reclaim the Global Commons". Ordet "reclaim"har mange tydingar på engelsk i følgje ordboka: "krevja tilbake, temja, sivilisera, leggja under dyrking, odla, kultivera". Vi kan altså både tolke det som "krev tilbake den globale allmenningen!" – eller: "kultivér og sivilisér den globale allmenningen!". På norsk betyr "odle" både å dyrke opp og forvalte eigarskapen til ein gard - og retten til å ta garden tilbake dersom nokon har teke han frå deg.

Av Hartvig Sætra

På norsk betyr ”odle” både å dyrke opp og forvalte eigarskapen til ein gard - og retten til å ta garden tilbake dersom nokon har teke han frå deg.

Utgjevaren, New Internationalist, brukar som symbol rørsla til dei jordlause i Brasil, Sem Terra, og den globale organisasjonen som både dei og vårt Småbrukalag er ein del av, Via Campesina. Men dei kunne nemnt og avbilda kva som helst organisasjon av fattige og underpriviligerte menneske som kjempar for å oppnå sin del av jordas ”økologiske kvote”.

Allmenningen er ei urmenneskeleg oppfinning som skapte samhald og samhandling i ei barsk verd der andre stammer sto på sprang og ville overta territoriet og ressursane. Menneskeleg likeverd innan stammen var eit vilkår for samhald og overlevingsstyrke. I moderne tid har likeverd mellom menneska gått over til å bli eit allment etisk grunnprinsipp, som kjenneteiknar både dei demokratiske institusjonane, mange av dei politiske ideologiane og religionane. Menneskerettstenkinga har gjort allmenningsrettane globale. Og mottoet ”Reclaim the Global commons” er eit konsist uttrykk for vår tids demokratiske og humanistiske haldningar, i strid med dei kreftene som vil gjere allmenningen til eigendom og salsobjekt for eit fåtal. Vi har hørt ATTAC bruke eit anna slagord i samme lei: ”Vår verd er ikkje til sals”.

Men i og med at dei korporative og overnasjonale økonomiske kreftene alt har lagt under seg store delar av allmenningen, blir slike ordelag beint fram revolusjonære. Den globale ”odels-innløysinga” kan ikkje gå føre seg utan i konflikt med Den overnasjonale kapitalen. Ei slik ”odelsløysing” har også samanheng med å ta tilbake sjølve demokratiet. Gjennom å overta eigendomsretten til rerssursane og styre dei via sterkt sentraliserte, overnasjonale organisasjonar har den korporative kapitalen i praksis gjort demokratiet på stats- og delstatsnivå illusorisk. Det er statsvitarar verda over smerteleg klar over - men dei veit ikkje kva dei skal gjere for å stanse den galopperande utholinga av demokratiet - for ikkje å snakke om bringe det tilbake til idealmodellen frå dei parlamentariske statane i forrige hundreår. Dei siste åra har vi sett at idear om utvikling og demokrati breidd seg blant det undertrykte fleirtalet på jorda. Det fører med seg krav om deling av goda og eit skikkeleg regelverk for allmenningen. Men det er paradoksalt at dess breiare aksept demokratiet har fått blant jordas folk, dess trongare kår får demokratiet i forhold til dei overnasjonale økonomiske korporasjonane.

Dei priviligerte har nemleg ein annan strategi: Dei satsar på å kapre eigarskap over allmenningen. I så fall vil dei ha makt til å kontrollere fleirtalets tilgang på ressursar. Og dersom det blir skort på ressursar - kanskje så alvorleg at det gjeld liv - vil dei sikre seg og sine, og i tillegg sin eigen profitt, i strid med menneskerettane.

For det er menneskerettar det gjeld. Allmenningsrettane er nært knytta til Barnekonvensjonen og Konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar (ØSK). USA godkjenner ikkje desse konvensjonane, og dermed heller ikkje allmenningsrettane. På møtet i Johannesburg går dei tvert om inn for at dei store multinasjonale korporasjonane skal overta retten til lufthavet, ferskvatnet og jorda. Frå før har dei makt over mesteparten av energiressursane.

Når dei rike landa utan vederlag har kunna gjere overgrep mot allmenningsrettane, har dei skaffa seg eit stort økonomisk forsprang på resten av verda. Nå krev resten av verda at også dei skal ha rett til økonomisk utvikling. Det betyr at dei også krev utsleppsrettar. Og dersom ikkje jorda skal gå raskt til grunne, betyr det at rike land må gi frå seg rettar som dei tidlegare har tatt seg til med makt. Det var desse prinsippa som vart diskutert i Rio for ti år sidan. Og både da og på det seinare Kyoto-møtet kom ein faktisk eit lite stykke på veg med saka. Men USA ratifiserte aldri desse endringane og står steilt imot alle tiltak av denne typen.

Nå har Johannesburg-toppmøtet landa på eit slags ”kompromiss” om klimaspørsmålet, der alle land blir ”oppfordra” til å ratifisere og etterleve Kyoto-avtalen. I praksis betyr det at eitkvart land kan gjere som det vil. Verdas største forureinar, USA, ønskar nettopp det. Dermed kan dei som har tatt seg til rette i allmenningen, sjølve avgjere om dei vil gje tjuvegodset tilbake. Det betyr også at dei fattige landas økonomiske vekst må komme i tillegg, ikkje som ein følgje av utflating i rikeland. Dermed er vienda lenger vekk frå ei global berekraftig utvikling. I forhold til Rio er dette eit tragisk tilbakesteg for den globale allmenningen og for gjennomføringa av FNs menneskerettskonvensjonar.

Møtet i Johannesburg handlar om den globale allmenningen. Og som demokratar og forkjemparar for menneskerettane må vi arbeide for at verdas folk skal ta tilbake allmenningsrettane. Dei som vil legge allmenningen under seg, er bittert nok dei samme kreftene som oftast og mest svulstig talar om ”menneskerettar” og ”demokrati”. Det må fleirtalet av fattige og underpriviligerte menneske avsløre, og i demokratiets og menneskerettanes namn må dei stille kravet: ”Vi vil ha tilbake vår odelsrett til den globale allmenningen”. ”Reclaim the Global Commons”.

1