Utdrivinga frå landsbygda.

Rural Exodus.


Rural Exodus" - "utdrivinga av bøndene" - er eit begrep som blir brukt av både sosiologar og politikarar over heile verda, under ordskiftet om framtida for landbruket og bygdesamfunnet. Dei tolkingane som blir brukt av det store britiske venstretidsskriftet "New Internationalist" har vi tidlegare omtala her i avisa.

Det går ut på følgjande: I dei fleste rike og ”halv-rike” land flyttar folk, spesielt ungdom og kvinner, frå landsbygda til byane. Ein del av dette har si årsak i nedgang i levestandarden og mangel på arbeidsplassar. Dette kjem igjen av internasjonal frihandel med landbruksvarer, og sterkt press på prisane. Med relativt låge oljeprisar er det langt billegare å satse på maskinar i produksjonen enn på folk, og det er billeg å frakte matvarer frå lågkostland til høgkostland, sjølv om det ofte er snakk om å frakte varer som for 80-90 prosents vedkomande består av vatn. Dei som taper i denne samanhengen, er dei fattige menneska i u-land som ikkje klarer å konkurrere med europeiske konsumentar som ønskar lågare matvareprisar.

Denne utviklinga blir også påskunda av media, som stadig lovpriser livet i byane og ”the American Way of Life”. Dei påverkar også befolkninga til å stille krav om stadig lågare prisar på landbruksvarer, slik at dei sjøleigande bøndene og deira kooperative organisasjonar går konkurs.

Den overnasjonale matvarekapitalen (”Agrobusiness”) har ofte store aksjepostar i slike media, og nedvurderinga av bygdene er ein strategi for å få unge menneske til å gi opp jordbruket, slik at Agrobusiness kan få kjøpt eigendomane billeg. Og legg merke til at den jorda som folk forlet i store skarar, ikkje ligg i fattige, tørkeprega afrikanske land. Tvert om: Dei områda som er under press, har godt klima og jordsmonn, og i mesteparten av dei rike land - ikkje minst i Norge - vil både temperatur og nedbør bli enda gunstigare i framtida. Det er det gode klimaet og jordsmonnet som gjer at Agrobusiness er interessert i å bli kvitt dei sjøleigande bøndene, for deretter sjølv å overta jorda og drive den med billeg, innført arbeidskraft i staden for lokale, kulturbevisste bønder med krav om rimelege levekår.

Det er ikkje så enkelt å få kjøpt opp jorda i tradisjonelt sosialdemokratiske samfunn som dei nordiske landa og Nederland, eller i land med ein sterk bondekultur, som Italia og Frankrike. Men i den canadiske provinsen Saskatchewan, der det var bortimot 90% sjøleigarar for 25 år sidan, blir i dag berre ein firedel av jorda driven av sjøleigande bønder, og i USA er det langt verre: ”Sjøleigar-bruka” er nede i 2% i enkelte Midtvest-statar. Til samanlikning blir omlag halvdelen av det kommunistiske Cubas jord driven av småbønder, anten kvar for seg eller i frivillige kooperativ. Det er den høgaste prosenten sjøleigande småbønder på den vestlege halvkula.

Også i dei tidlegare ”realsosialistiske” landa blir eigarforholda i landbruket dirigert av kapitalen, for eksempel i Polen. Mens det før var den polske staten som dreiv alle større bruk, blir ein god del nå selt til vesteuropeiske kapitalistar, som konkurrerer ut dei lokale småbøndene. Når Polen kjem inn i EU, står store delar av den polske småbondestanden, som har vore sjøleigarar under heile den realsosialistiske perioden, i fare for å bli ”kollektivisert” av vestlege kapitalistar! Ikkje berre det - dei risikerer å miste arbeidsplassane sine i tillegg.

Også i Aust-Europa ser vi dermed det samme uventa fenomenet som på den vestlege halvkula: At eit sosialistisk system tillet større grad av sjølveigarskap i landbruket enn dei kapitalistiske landa. Til og med sosialdemokratisk styrte land er mindre gunstige for frie småbønder enn dei sosialistiske landa, spesielt Cuba. I følgje polske småbønder var det tryggare for dei under real-sosialismen enn i dag - for ikkje å snakke om kva som vil skje i eit utvida EU der Polen er med.

Også her i landet har bindinga til EU gjennom EØS hatt stygge konsekvensar, spesielt i Utkant- og Kyst-Norge. Kravet om å droppe fritaket for arbeidsgjevaravgift er eit tiltak som skal fremje ”Rural Exodus”, spesielt når ei ser det i samanheng med andre sterkt distriktsfiendtlege tiltak som overvakingsorganet ESA er ekspertar på.

Tapet av allmenningsretten til fisket er starten på ”Coastal Exodus”. Eg viser i den samanhengen til Svein Johansens artiklar i Friheten. Norge har fram til denne tid vore eit nokså særeigent land på den måten at bygdefolk har hatt relativt høgt utdanningsnivå og overraskande stor politisk makt. Likeeins har vi eit utruleg likeverdig inntekts- og velferdsnivå i alle delar av landet. Denne stabiliteten i busetting og politisk makt er sjølvsagt ei hindring for dei kapitalkreftene som er ute etter å legge under seg viktige fornybare framtidsressursar som fiske, fiskeoppdrett og jordbruk.

I og med at dei samme kapitalkreftene er tungt inne i media, er det ikkje rart at den politiske offensiven mot Bygde-Norge frå ESA og den Høgre-dominerte Bondevikregjeringa blir følgt opp av FRP, Dagbladet, Dagsavisen, NRK og heile ruklet av reklame-TV-stasjonar. Den som vil skaffe seg ein skikkeleg feit jobb som ”informasjonsdirektør”, stiller sterkt dersom vedkomande anten har stått bak kulturell sjikane av Bygde-Norge gjennom NRKs moro-program, har gitt til beste reportasjar om grensehandelen ved Svinesund, eller har regissert filmar som ”Høtten”.

”Rural and Coastal Exodus” er for tida både ein god leveveg og eit viktig springbrett til framtidig karriere i norske media. Og årsaka er heilt soleklar: Norge har halve Europas kystlinje mot Atlanterhavet, og ein vesentleg del av Europas utmarksområde. Tradisjonelt har desse enorme naturressursane blitt kontrollert av folket som bur i området - i grell motsetning til store delar av Europa. Dette vil matvare-kapitalen ha slutt på. Og norske media med godt betalte media-nissar står i kø for å hjelpe til med å framtvinge kapital-kontroll over Utkant-Norge.

Men diskusjon om Rural Exodus tør dei ikkje ta. Underskrivne har prøvd fleire større aviser opptil fleire gonger, utan respons. Det skjer her i landet, mens verda omkring oss diskuterer RE med stort alvor og på breitt grunnlag. Ved å bruke Rural Exodus som oppslagsord på søkemotoren Google fekk eg litt av eit sjokk da resultatet vart oppgitt til nesten 47 500 treff. Maskinen leverte oppslagsord til 950 artiklar. Av desse var 2 - to - norske, og dei har eg skrive sjølv, i Friheten. Resten av dei 950 var alt frå vitskaplege avhandlingar til brennaktuell politisk polemikk.

Dagbladets harselas med Norge som ”utenforlandet” har med dette slått kraftig tilbake på avisas redaksjon. Og på resten av norsk dagspresse.



i Friheten,
november 2001.

1