|
Hartvig Sætra: Cuba, utdanning og norsk politikk, i Friheten, 1999. |
Cubas grunnskuleutdanning fekk høgaste utmerking for kvalitet av alle
latinamerikanske land - 350 av 400 mulege poeng - i ein UNESCO-studie av
regionen. Studien vart utført i matematikk og språkfag. Det
latinamerikanske testsenteret prøvde 4000 elevar i 100 vilkårleg valde
skulolar i 14 latinamerikanske land.
"Dette resultatet ville vi aldri oppnådd gjennom førti år utan
revolusjonen", sa den cubanske utdanningsministeren Luis Ignazio Gómez til
det internasjonale pressesenteret i Havana.
Studien nemner spesielt Cubas innsats for å undervise handicappa elevar.
Slik undervisning fanst ikkje før revolusjonen. Nå får 55 000 handicappa
barn spesialundervisning, både i vanlege skolar og spesialskolar. På grunn
av dette er Cuba tildelt Kongressen for Førskole- og
Spesialskoleundervisning i år 2000. Utdanning for alle var eit av dei
revolusjonæres fremste mål, heilt frå åtaket på Moncada-garnisonen i 1953.
På den tida gjekk mindre enn 50% av barna i skole, og over 30% var
analfabeter.
I sin tale under rettsaka etter Moncada-affæren sa Fidel: "I eit land der
bøndene ikkje eig jord, er det lite bruk for landbrukskoler, og i eit land
utan industri er det lite bruk for teknisk utdanning". Revolusjonen
jordreform i 1961 vart derfor følgt opp med ein massiv
leseopplæringskampanje. Og dei måla UNESCO har sett opp for Latin-Amerika i
år 2002, oppfylte Cuba for alt 30 år siden.
Trass i blokaden aukar skolebudskjettet for kvart år. Alle barn er i skole,
og i "ungdomskolen" går 95%. Av desse går nesten alle over i vidergåande
skole. Cuba har ein lærar pr. 40 innbyggarar, mot ein pr. 103 i global
gjennomsnitt. 75% av lærarane er fullt universitetsutdanna, mot 30% på
verdsbasis. Det er også etterutdanningsprogram for heimestudium, og høve
til å ta sabbatsår.
Mens Cuba hadde berre tre universitet i 1958, er det nå 47. Ministeren la i
si nyttårsoversikt stor vekt på kostskolane på landsbygda for byungar, der
arbeid og lesing blir kombinert. Det er ein hundre år gammal tanke fra
"Cubas Wergeland", José Marti, og det er mange land som ønskar å gjere noko
liknande. Nå er det 750 slike skolar, med 318 000 elevar.
Ministaren er spesielt stolt av Cubas medisinske utdanning - og med rette.
Cuba har nå 1400 legar og sjukepleiarar i 50 land. Flest er det i
Sentral-Amerika og Haiti med 880. Talet omfatter spesialistar i biokjemi,
mikrobiologi, urologi, hematologi, intensiv pleie, ortopedi, nevrologi m.m.
Landet tar i januar månad mot 1000 studentar frå regionen til
spesialistutdanning. Denne skal omfatte i alt 5500 over ti år. Desse
eksempla viser klart at landet ikkje viser teikn til å falle i hop slik
mange vestlege medier hevdar.
I utkant-Norge, særleg i Nord-Norge er det mange kommunar som knapt har ein
einaste norsk-utdanna lege. Kanskje vi har litt å lære av Cuba.
|