Hartvig Sætra 1933-2004

Hartvig Sætra døydde brått 29. februar. I nokre år hadde han hatt kreft og hjartesykdom. Tross i høveleg sjukehusbehandling og idrottsmannens fysikk merka vi at han sleit dei siste leveåra. Med ei slik bør, er det imponerande at han publiserte til siste veke, med lesarinnlegget "Usanne påstandar om jødehets i Friheten", i Aftenposten 23. februar.

Han under teikna seg som utanriksspaltist i Friheten, men Hartvig har vore langt meir for denne avisa utetter åra. Utanom spaltene "Det bittelille Vi" og "Lappeskomaker´n" formidla han mykje kommentarstoff frå progressive kjelder, og var like eins ein pådrivar for andre til å skaffe stoff av høg kvalitet.

Hartvig Sætra var fødd i Krødsherad, Buskerud, sprungen ut av den folkelege radikalismen. Han blei tidleg politisk aktiv, først mot Frankrikes kolonikrig i Algerie. Etter AUF var han politisk aktiv i Sosialistisk Folkeparti, Sosialistisk Valforbund og frå 1975 i Sosialistisk Venstreparti, men etter 1983 partilaus. I 1999 melde han seg inn i Norges Kommunistiske Parti, etter det han sjøl har sagt, som følge av NKP si konsekvente haldning mot imperialismen og krigen i Jugoslavia.

Han var i skolen som adjunkt, seinare lektor, med hovudfag i 1971 på ei oppgåve om tilveksten av granplantingar i Nord-Noreg.

Meir allment kjent vart Hartvig Sætra dette året med boka "Populismen i norsk sosialisme". Her ser vi ei økopolitisk vinkling som er tufta på marxismen, med nyare tilfang frå Borgstrøm, Fischer, Frank, Gorz, Rossanda, og med vekt på bidrag frå Ottar Brox ("Hva skjer i Nord-Norge", 1966). Sætra ytra den gongen "Vi er i dag inne i ein pinleg periode for norsk venstrefløy" og kritiserte både høgredreining og "venstre" -sekterisme.

Dei seinare bøkene hans som "Jamvektssamfunnet er ikkje noko urtete-selskap" gir ei utdjuping av den økopolitiske sosialismen med vekt på ressursgrunnlag, berekraft, og demokratisk innretting av samfunnet.

Torstein Engelschøn og Mari Aasen


Hartvig Sætra og Friheten

Med Hartvig Sætra er ein av dei beste skribentane Friheten har hatt gått bort. Ja, det er vel ikkje å ta for sterkt i å seie at han som forfattar, pressemann og debattant rakar høgt i Noreg.

Med sine kunnskapar og skarpe penn ville han ha vore ettertrakta i kvar redaksjon som helst. Men på grunn av plasseringa på venstresida i politikken, hadde han store problem med å sleppe til i avisene og i massemedia i det heile tatt.

Etter vandring på venstresida i norsk politikk, vart han til slutt overtydd om at NKP og Friheten låg hans hjarte nærast. SV vart han sterkt skuffa over, særleg under krigen mot Jugoslavia i 1999.

Dei mange artiklane om sviket mot Jugoslavia frå hans hand er ein liten straum av sanning mot den svære flaumen av artiklar i dei store avisene med innhald av svik og ettergjeving når det gjeld denne saka.

Hartvig hadde vore skribent i Friheten før eg kom inn i avisa i 1992. Men det vart eit opphald då; han ville vel sjå kva det blei til med den vesle lefsa av ei avis som byrja kome ut i april det året. Men etter kvart byrja artiklane å strøyme på.

Hartvig var ein mann som ikkje veik unna for strid når det trongst, især når han syntest at sanninga måtte fram. Mange kjem til å sakne han i Frihetens spalter.

Hans Petter Hansen


Alvor og engasjement

Hartvig Sætra framstod seint i 60- og tidleg i 70-åra som ein av dei fremste økopolitiske pionerane i Noreg. Sjølv møtte eg han først på ein studietur til Libanon i siste halvdel av 70-åra, arrangert av den dåverande Palestinafronten.

På den tida var den proisraelske opinionen framleis massiv, i Noreg som i andre vestlege land. Palestina-aktivistar vart spytta etter på gata, og kalla både terroristar og antisemittar. Usemja gjekk framleis langt inn i venstresida. Eit tiår før, då SF sprakk og SUF marsjerte ut og seinare danna AKP (m-l), var Palestinaspørsmålet ei av dei sentrale, konkrete sakene.

Dei okkuperte områda var stengde av Israel, og vi kom berre til Golan, der vi kunne sjå inn over grensa. Men det heldt lenge med det sosiale elendet i dei palestinske flyktningeleirane i eit borgarkrigsherja Beirut. Turen vart ein augeopnar for Hartvig Sætra, som for oss andre. Eg fekk her på nært hald oppleve alvoret og engasjementet som prega alt arbeidet hans, og det gjorde eit djupt inntrykk.

Vi hamna på same hotellrom, og eit sentralt diskusjonsemne var Pol Pot, som han på den tida ikkje var særs skeptisk til. Seinare las han Lise Winther sine reportasjar frå Kambodsja i Friheten, og fekk klart for seg kva dette eigentleg dreia seg om. Han målbar frå då av NKP si linje i saka på ein framifrå måte. Eit godt døme på at ikkje berre vart Hartvig Sætra etter kvart ein av Frihetens mest markante og sentrale medarbeidarar – avisa betydde òg mykje for han. Påverknaden gjekk begge vegar.

Her i avisa vil han truleg likevel bli best hugsa for å ha vore med på å meisle ut og stå for ei klart antiimperialistisk linje i Jugoslavia- spørsmålet, noko artikkelen hans om ”rettssaka” mot Slobodan Milosevic i førre utgåva av avisa er eit siste godt døme på.

Dette er ei av dei mange viktige sakene der Friheten har vore einaste pustehol i ein kvelande graut av einsretta, propagandistisk NATO-presse. Her fekk også Hartvig Sætra merke at når det verkeleg gjeld, er sensuren i det borgarlege ”demokratiet” konsekvent, jarnhard og effektiv.

Også dei grunnleggjande tankegangane i og premissane for miljørørsla, som Hartvig Sætra var ein del av, er rette. Det gjeld ikkje minst fokuset på fornybare kretsløpsressursar kontra fosssile ressursar. Eit noko uklart tidsperspektiv førte til eit mellombels attendeslag i 80- og 90- åra. At det berre er snakk om eit tidsspørsmål, framgår m.a. av Hartvigs artikkel ”Livet etter møtet med oljestaupet” i Friheten nr. 8/2004, der ikkje minst analysen hans av konsekvensane av gradvis redusert global oljeproduksjon er framifrå. At kapitalismen ikkje evnar å ta til seg elementær kunnskap av denne typen vil få alvorlege følgjer for oss alle.

Tenk sjølv og vær kritisk til makta, same kva form den framstår i. Denne haldninga var grunnleggjande for Hartvig Sætra. På det viset blir ein sjeldan populær i nokon ”leir”. Og det ein kjem fram til på denne måten har ein viss likskap med forskingsarbeid - det treng ikkje alltid vere rett, men når det stemmer, blir det gjerne det vi kallar nybrott av det.

Det er få gitt å setje varige spor etter seg i samfunnsdebatten. Hartvig Sætra er ein av desse.

Jan Herdal




Til minne om Hartvig Sætra

Min gode ven og partikamerat Hartvig Sætra er borte etter lengre tids sjukdom. Han vart berre 70 år. Han etterlet seg et stort tomrom både som medmenneske, fagmann og ikkje minst som brennanse samfunnsengasjert.

Hartvig arbeidde heile livet på venstresida i norsk politikk. Han var m.a. ein av stiftarane av SF. Dei siste åra var han medlem av NKP. Han såg på NKP som den mest konsekvente systemkritikaren av kapitalismen, sjølv om han nok kunne ynskt ei større vektlegging av det økologiske perspektivet i NKPs plattform og analysar. Eg tør våge den påstanden at det er ingen i Noreg som har greidd å kombinere ein marxistisk maktanalyse og ein økopolitikk på eit så høgt fagleg nivå som Hartvig. Dei to bøkene "Populismen i norsk sosialisme" frå 1971 og "Den økopolitiske sosialismen" frå 1973 blei klassikarar og banebrytande i arbeidet med å integrere økologi og politikk.

Hartvig var ein utroleg kunnskapsrik og velorientert mann. Han hadde kunnskaper på så mange fagområder, og var som eit levande leksikon. Men den politiske kunnskapen er lite verd om han ikkje blir omsett i handling. Og eg trur ikkje eg har opplevd et menneske som har vore så brennande engasjert i å kjempe mot naud og urettvise i verda som Hartvig. Heilt til det siste skreiv han artiklar og arbeidde med å avslutte prosjektet "ØSK - den gløymde menneskerettskonvensjonen" med støtte frå utenriksdepartementet. (Frå Jagland si tid.) Det er ei nettside som er laga for vidaregåande skular og høgskular.

I sin kamp for dei undertrykte, dei utbytta og ikkje minst for dei sveltande i verda var Hartvig kompromisslaus. For dei borgarlege media vart dette oftast for sterk kost, slik at Friheten, med altfor få lesarar, vart hans pustehol. Men han hadde fortjent ein langt større lesekrets.

Sjølv om Hartvig var kompromisslaus i sin utrøyttelege kamp for dei svake, hadde han ein mild og lun væremåte i sin omgang med sine medmennesker. Eg er svært takksam for å ha fått lære å kjenne Hartvig, og saknet etter han er stort og sårt. Han ville så mykje, og hadde så mykje ugjort.

Dette vesle skrivet har berre pirka i overflata på Hartvigs omfattande virke fagleg og politisk.

Kjære Hartvig, takk for ditt utrøyttande arbeid for verdas undertrykte og lidande! Du er sårt savna! Eg sender mine tankar til Hilde som sit att åleine i "Misjonshuset" i Målselv.

Alta 04.03.04.
Jostein Hansen

(Ven av Hartvig og leiar av Finnmark NKP)



Minnetale ved Hartvig Sætras båre,
9. mars 2004


Vi er samlet er i Målselv kirke i dag ved Hartvig Sætras båre for å minnes og ta avskjed.

Hartvig var født 25. oktober 1933 i Krødsherad i Buskerud. Han ble døpt og konfirmert i Krødsera og gikk på folkeskole på Snersrud. Han var enebarn og mista faren sin før han ble født. Dette bidro til at han fikk ei barndoms- og ungdomstid under enkle kår, før, under og like etter krigen. Han tok realskolen i Vikersund og gymnaset i Hønefoss (-52). Han var en skoleflink ungdom. Han fór til Gratangen som erstatningslærer, som det het før, studentlærer het det etter hvert.

Han tok lærerskolen i Oslo og jobba også i Oslo-skolen, på Sagene, for så å reise tilbake til Gratangen. Han ble gift i 1959 og fikk sønnene Gunnar (-60) og Dagfinn (-67). Han fortsatte studiene med hovedfag i botanikk, og også studier i fysikk, kjemi, matematikk og nordisk mellomfag. Han var lærer og lektor på Kongsbakken videregående skole i Tromsø, men først og fremst på Storslett i Nordreisa helt fram til pensjonsalder i ´98 da han kom hit til Målselv hvor han gifta seg med Hilde 19. februar 2000.

Heile livet hadde Hartvig eit brennande politisk og sosialt engasjement. Kanskje ble det grunnlagt i barndoms- og ungdomstida, det var store klasseforskjeller på landsbygda på det indre Østlandet den gangen. Og Hartvigs utgangspunkt allerede da var fra den svakes side, fra de underpriviligerte , fra dem som ikke var født på solsida. Han var først medlem i DNA, så i SF, for å så finne sin politiske heim i NKP, partiet som ikke sviktet sine egentlige grunnideer, som det ble sagt.

Han var og ble venstreorientert, ja fjellstøtt venstreorientret. Han ga uttrykk for sine pollitiske holdninger og synspunkter først og fremst som spaltist, som forfatter av artikler og også bøker. Utallige artikler har han skrevet, alltid med et levende engasjement og et helstøpt anliggende til forsvar for fellesskapet og de små, de enkle, for folket. Han skrev i lokalavisene og også i Aftenposten. Første gang jeg så en artikkel av han i Aftenposten ble jeg positivt overraska. Han hadde ikke blitt refusert! Men først og fremst var det NKP-organet Friheten han skreiv i. Der var han fast spaltist. Med sin klare marxistiske samfunnsforståelse, basert på de økonomiske faktores avgjørende betydning for samfunnsutviklingen , advarte han kraftig mot verdenskapitalismens menneskefiendtlige behandling av mennesker og natur, i tett og nær sammenheng med den ideologiske verdensforståelse på det praktiske plan, hørte nærheten til lokalmiljøet med.

Han var en trofast forsvarer av norsk kultur og det var i det rurale, på bygda, i utkant-Norge han fant de sanneste uttrykk for troen på norsk kultur. Lokalpolitisk kom dette svært godt fram i Venstre-orientert Bygdeliste, hvor nettopp det globale politiske gikk hånd i hånd med lokalt miljøvern og lokalpolitiske løsninger. Lokalpolitisk følte nok Hartvig seg hjemme i VOB, men også i mållaget var an aktiv med stor tro på nynorskens framtid. Språkpolitisk var nok nynorsken urnorsken, det mest opprinnelige, ubesudlet av 400 års dansk påvirkning.

Han var aktiv i hagelaget, med mange turer i naturen som han beriket med sin kunnskaper om natur, botanikk, miljøvern. Han var og ble botaniker og hans sterke engasjement som pådriver til opprettelsen av Reisdalen nasjonalpark i Nordreisa, var botanisk og miljøvernmessig basert. I 2001 fikk han Vinjeprisen fra Riksfondet for nynorsk presse: han fikk prisen for tvisyn! Sannsynligvis eneste spaltist i Friheten som har oppnådd noe sånt: Han så tingene fra andre sider enn det tradisjonelle, han var representant for det alternative.

Hartvig hadde en veldig arbeidskapasitet. Det er vel slik når arbeid, hobby og interesser smelter sammen.

Men han var medmenneske - også far og ektemann. Hans ideologiske kamp gjaldt jo det gode og rettferdige. Det ligger kjærlig og nærhet i det. "Hartvig var snill og øm som menneske," sa ho Hilde om han forrige fredag på misjonshuset. Dette kunne lett bli skjult, tildekket, tilslørt i den aktive politiske kampen han førte på det ideologiske plan. Han hadde jo godt lag med unga, dei likte han. På sine eldre dager hadde han kanskje meir tid til å huke seg ned og lekesnakke med dem. Dei menneskelige sidene trådte nok klarere fram også med åra, de siste åra.

Barnebarnet Ingeborg var hans øyesten. Det sprang nok fram mange følelser hos Hartvig i hans møter med Ingeborg.

Det har blitt skrevet mange nekrologer om ham: I Nordlys, Aftenposten, og i vår lokalavis, Nye Troms. Jeg har lyst til å sitere avslutningen i den nekrologen, skrevet av redaktøren i lokalavisa vår. Avslutningen er som en konklusjon, og gir et fint bilde av Hartvig: "Hartvig Sætra kunne aldri bli noen stor politiker, til det var han for firkanta og for mye ideolig. I dag da opportunismen er så fremtredende, er det langt mellom personer av Sætras støpning. Man kunne godt være uenig i hans syn, men man kunne ikke være likegyldig til hans argumentasjon. Derfor vil vi savne Hartvig Sætra og de refleksjoner hans glitrende penn ofte satte i sving. Han satte varige spor."

Fra april -99 var han sjuk, med kreftdiagnose. Han kom på sjukehuset i Tromsø onsdag 25. februar og søndag 29., på skuddårsdagen, ved 11-tida om formiddagen døde han, mens Hilde fulgte han helt frem, så langt vi mennesker kan følge når døden kommer.

Nå følger vi Hartvig videre i trua på en bedre og mer rettferdig verden, en gang der framme da alt skal bli nytt. For "Ein morgon skal alt vera annleis. Du skal ikke vakne opp. Men spiror skal bryte or jordi og blomor opne sin knupp."

Hans Erik Holm, prost.


I: Friheten, mars. 2004.


Hartvig Sætra
Ei minneside frå NKP

her