Din saknad.


Din saknad
ber
eit draumsjukt
tungsinn
med seg.

Den fører deg
på stille,
svarte venger

ti tusun mil
frå menneska,
og slær seg
ordlaust ned.


Det kviler
ålsvart
over alt
ditt landskap

Eit myrker
ikkje
nokor makt
kan spreide.


Du går i ring
og søkjer
- leitar liksom
mot eit

andlet.

Men
berre tomleik.
Som ein sus
or æveaudni,

og
ingi menneske.

Ei
gravsens
einsemd
over verdi,

der alt
som andar
jagast
mot
sitt vanvet

og stuper
trøytt
attmed
det siste
stupe.


Da lettar fuglen!
Nokon lær
i djupe.

I eine ti'n
kverv myrkje.
Som det splintrast

av ljose i frå dette
som du sakna.

Du mét det
som ei vitring.
Ein ande frå Gud.

Det er som du
for andre gong
blir fødd til live.


Hjarta høgg vilt,
i glade slag
mot dagen!

Og alt
ditt tungsinn
har
fått kvite venger,

det letter stilt,
og
ber deg

ti tusun
glade heimferdsmil
attende.



Jan Magnus Bruheim.
I: "Yta og djupe".
Aschehoug.
Oslo. 1945
. s. 39-40.




1