Dit har vi jaga menneska-


Dit har vi jaga menneska.

Inn i vårt inste kjellarhol.

Langt inn,
så vårt samvit ikkje skal høyre

hennar skakande menneske-mål.

Burt har vi jaga menneska!

Maskina rasar og slær i hel.

Men for kvar gong vi trur vera kvitt´n,

ropar ho inst i vår sjel.


Jan Magnus Bruheim.

I: "Yta og djupe".

Aschehoug forlag.
Oslo. 1945. s. 80.


1