Jan Magnus Bruheim. Skymning.

I skymningsstilla.

Klokka tikkar i skymningsstilla.

Er det eit hjarta som ventar

nokon i natt?


Ligg det eit andlet mot rute---

Stirande augo.

Tuslar det ute?

Kom inn!

Ljoden døyr i det skume huse.

Stilla held fram
med det tome suse.

Det kviskrar som anden

av strå i vind.


Hyss!

Var det nokon---?


Ingen kjem.

Einsleg er den som ventar.


Kva er det nå att---

Tyss!

Var det steg i svali?


Nei....Berre eit hjarta

som blør i natti.


Jan Magnus Bruheim.
I: "Yta og djupe".
Aschehoug forlag.
Oslo. 1945. s. 34-35.


1