Takk til Asgeir Bjørkedal for opplysningane om Tor Bach og Monitor. Sidan eg
er den "antisemittiske" forfattaren til kronikken i KK på onsdag, synest eg
jo det er interessant å bli gjort stas på av Tor Bach.

Det finst ein lang tradisjon for latterleggjering/bakvasking av Hartvig
Sætra, diverre også i Klassekampen - sjølv om avisa har slutta med dei jamne
personåtaka som ein hadde tidlegare. Eg bad Jon Michelet koma med ei
orsaking til Sætra for fem år sidan. Det gjorde han ikkje - sjølv om
praksisen til avisa vart ein heilt annan. Men eg kan jo la oppmodinga gå
vidare til Bjørgulv Braanen.

Hartvig Sætra har sidan algeriekrigen drive eit livslangt arbeid som
hobbyjournalist for å stikka hol i offisiell, journalistisk
mainstreampropaganda. Sætra byrja m,a. å formidla arbeidet til John Pilger
20 år før Klassekampen.Eg er slett ikkje samd med Sætra i eitt og alt, men
meiner likevel at det ikkje kan vera tvil om at han fortener heider for
innsatsen. Difor var eg - saman med mellom anna Andreas Hompland - med og
nominerte han til Vinjeprisen, som han fekk i fjor.

Eg har eit par gongar - mellom anna under Balkan-krigen - sett at Sætra har
brukt kjelder som eg ville vore skeptisk til. Det må det sjølvsagt vera lov
å koma med sakleg kritikk mot slikt. Men når ein brukar ein artikkel som
Friheten sjølv har orsaka til å sverta Sætra og Friheten som "antisemittar",
er det politisk gjørmebryting av verste slag. Det interessante er: Kvifor
gjer Bach dette?

Det bringer meg vidare til mitt bidrag til antisemittismens historie:
Kronikken på onsdag (og sannsynlegvis også rolla som
omsetjar/tilretteleggjar for Israel Shamir).

I kronikken "kven drap Jesus" freistar eg gå laus på ein del etablerte mytar
som gjer alliansen mellom kristne og jødiske sionistar mogleg. At
kristensionistane i denne samanhengen er nyttige idiotar meiner eg at eg har
dekning for. Slike folk som forsamlinga i indre Ryfylke som Halvar D.
Pettersen portretterte i Klassekampen nyleg veit ikkje kva dei gjer - dei
blir brukte av folk som er flinke å dra vekslar på den naiviteten du ofte
finn hjå alminnelege, truande kristne. Eg trur mange av dei ville vorte
forskrekka om dei oppdaga at dei bidrog til systematisk forfølgjing av
kristne i det heilage landet. Men dei vil ikkje oppdaga det, avdi leiarane
greier halda dei inni ei lukka boble av propaganda.

Om Bach eller andre hadde noko å fara med, ville dei sjølvsagt imøtegått
kronikken. Men det gjer dei ikkje. Eg har kjelder og kunnskap, medan dei
"syns" at det eg skriv er "over streken". I eit offentleg ordskifte vil dei
koma til kort. I staden driv dei bakvasking bak ryggen min.

Kva er dette eit uttrykk for? I USA finst det ei mengd med slike private
organisasjonar av typen "Monitor" som driv overvåking og registrering for
ymse "gode føremål". Siste skot på stamma er nettstaden "Campus Watch", som
mellom anna registrerer folk som skriv under på underskriftslister til
støtte for Edward Said for "anti-Israelsk aktivitet". Nokre av desse, som
Anti Defamation League, kan ved først augnekast sjå veldig hyggelege ut. Når
du ser nærare på dei - td. samarbeidet mellom ADL og FBI mot svarte
aktivistar i ei rørsle dei sjølve deltok i - blir ein meir skeptisk. Og når
ein freistar finna den verkelege dagsordenen bak, blir heller konklusjonen
at organisasjonar som ADL er eit stort trugsmål mot ytringsfridom, og at
dette overskyggar det positive dei gjer.

Eg vil ikkje utan vidare sortera Tor Bach i denne kategorien. Difor
utfordrar eg han til å imøtegå det eg skriv offentleg, i staden for å driva
ærekrenkjande bakvasking bak ryggen min.

Beste helsing

Hans Olav Brendberg, Alstahaug
1