Kjell Arnt Labukt. Latterleg historikar.


Spørsmål til Geir Lundestad

I «Standpunkt» på NRK 18.2. 2003 var du til stades, med bakgrunn som historikar og sekretær av Den norske Nobelkomiteen. Den du sist var med på å dele ut Nobels fredspris til var tidlegare president Jimmy Carter.
Som historikar var det plikta di, sidan Midt-Austen var emnet, å gje ei utgreiing om Carter-doktrinen. Kvifor unnlet du å gjere det?

Av Kjell-Arnt Labukt

Vidare veit du inderleg godt at Andre verdskrig i Eurasia blei avgjort på Austfronten. Der hadde Nazi-Tyskland 70 - 90 % av mannskap og materiell. 90 % av dei 5,5 millionar falne soldatar Nazi - Tyskland hadde under Andre verdskrig, fall på Austfronten.

Kvifor unnlet du å opplyse om det? Å teie er den mest effektive måten å desinformere på i historie. Kvifor gjorde du det? I staden tok du del i ei framstilling og forherleggjering av den amerikanske krigsinnsatsen som var reine forvrøvlinga. Kvifor?

Verdshistorias største panserslag stod ved Kursk sommaren 1943. El Alamein var for fyrverkeri å rekne i samanlikning. Kursk er aldri nemnd i historieverk for vidaregåande skole, El Alamein alltid. Sovjetiske styrkar åleine reduserte ved det høve halvparten av der stolze deutsche Panzer til ein rykande ruinhaug. Det var i stor grad slaget ved Kursk som gjorde det muleg for USA å bryte gjennom under The Battle of The Bulge, fordi Nazi-Tyskland med allierte hadde tapt så mykje panser ved Kursk at dei ikkje kunne overføre noko til Vestfronten.

Landgangen i Normandie spela minimal rolle for det militære utfallet av Andre verdskrig i Europa. At landgangen derimot spela ei rolle for tida etter, er ein velkjend banalitet. Dette er slikt som elevar på allmennfag i vidaregåande skole veit, dersom dei har ein tilrekneleg historielærar.

I staden tok du del i den verdsomspennande propagandakrigen USA no driv for å rettferdiggjere ein krig i Irak, gjennom å servere løgner om Første og Andre verdskrig og Den kalde krigen. Her har NRK den mest sentrale rolle i Noreg. Kva hadde til dømes ein representant for Republicans Abroad, Norway, å gjere i debattfarsen? Han var alt anna enn amerikanar. Kvifor tek du som historikar og sekretær av Den norske Nobelkomiteen del i propagandakrigen? Du veit nemleg om han! Du veit også kven personen er som «koordinerer» heile propagandafarsen, kva gjeld Noreg, retta mot såkalla «venlegsinna land.»

Som professor i historie kjenner du sjølvsagd til Document NSC 68. Då forsvarsminister Robert McNamara gjekk av i protest mot det vanvit Vietnamkrigen var blitt i april 1968, gav han til kjenne essensen i Document NSC 68.

Igjen: Kvifor let du vere å seie eitt ord om noko så vesentleg? Vidare veit du inderleg godt at det er olje, og ingen ting anna som har interesse for USA i Irak. Om få år er USA i desperat mangel på olje. Igjen: Med fullt overlegg let du vere å seie det. Kvifor? Vidare veit du inderleg vel at The American Constitution ikkje tillet preventiv krigføring. Kvifor let du vere å opplyse om det?

Meiner du at ein så sentral person som Scott Ritter laug då han på TV 2 heilt uttrykkjeleg sa at Irak ikkje har noko som helst av masseøydeleggingsvåpen og derfor ikkje utgjer noko trugsmål mot grannelanda, langt mindre USA? Kvifor let du vere å syne til Scott Ritter? Vidare let du vere å nemne at USA skuldar FN enorme pengesummar, noko som gjer FN meir og meir handlingslamma.

Du let også vere å nemne den flyforbodssona USA og Storbritannia, heilt utan FN-mandat, har oppretta i Sør-Irak. Her har 5000 sivile irakarar mista livet så langt på grunn av amerikansk-britisk krigføring. Talet er det doble av dei som strauk med i Twin Tower 11.9.2001. (2500 oppgjeven både i «Washington Post» og «The New York Times. ») Igjen: Kvifor?

For USA, utan omsyn til om regjeringa er demokratar eller republikanarar, er det berre ein mangel ved Saddam. Han er ikkje our son of a bitch lenger, slik han var for nokre år sidan. Kvifor let du vere å opplyse om det? Medan Saddam var det fekk han Saringass, som mellom anna var utvikla av kjemikarar frå Nazi-Tyskland saman med amerikanske kjemikarar då dei tok til å samarbeide stutt tid etter 1945. Formelt fekk derfor Saddam Sarin-gassen frå Vest - Tyskland. Gassen kosta 5000 kurdarar livet, utan at det hadde den ringaste interesse for NRK. Det hadde heller ikkje antrax som Saddam fekk frå USA. Heller ikkje gratis våpen til fleire hundre millionar dollar frå NATO-land. Margareth Thatcher var æresgjest hos Saddam medan det heile gjekk føre. Bom stilt om det i NRK. USAs son of a bitch er også NRKs son of a bitch, nemleg!

Nokre praktdøme på USAs og dermed våre son of a bitch: Pinochet, Videla, Laugerud, Zia ul-Haq, Mobutu, Sawimbi, Suharto, Shah Reza Palawi, Diem, Kyh, Pol Pot, krigsforbrytaren Ariel Sharon, Taliban og Osama bin Laden, tyrkiske og greske militærdiktatorar, Marcos, Stroessner, Somoza, Batista og mange, mange fleire. Alle har tent USAs interesser, når USA hadde bruk for dei. Kor mykje har NRK opplyst om det? Du hadde høve til det i «Standpunkt»- farsen du tok del i, Geir Lundestad, og det fortel alt om deg at du let det vere.

Sidan Pearl Harbor var nemnd kan det jo for ironiens skuld leggjast til at alt av japansk miltærmakt som blei nytta, hadde Japan fått gratis for å verne amerikanske interesser i Søraust- Asia.

«Empire by Invitation» var nemnd. Ja, det er velkjend, men kvifor let du vere å nemne at det var europeisk høgreside i vill panikk som stod attom det, Geir Lundestad? Vill panikk etter å ha kollaborert tett med Nazi-Tyskland og europeisk fascisme elles og tent grovt med pengar på det.

Og panikken, til dømes hos ein Churchill, blei ikkje mindre av at europeisk venstreside låg an til å vinne alt av frie parlamentsval i Vest-Europa. Derfor kald krig mot The Spectre of Communism!

Oppsummering: USA gjekk dobbelt så rik ut av Andre verdskrig som landet gjekk inn i krigen. I tillegg hadde amerikanske Big Corporations herredøme over halvparten av verdsproduksjonen ved krigsslutt. Tapstalet for USA var 450 000 falne i løpet av heile krigen, Til samanlikning hadde Sovjet eit tapstal på 30 millionar under sjølve krigen. I tillegg kom 10 millionar «premature deaths,» folk som døydde av krigsskader etter få år. (Jfr Reynolds og Barber & Harrison) Og tosifra milliontal arbeidsuføre sovjetiske krigsskadde. Vest for Frontlina Leningrad - Moskva - Stalingrad, der tyngdepunktet av både jordbruk og industri hadde vore, var alt landområde ein ruinert ørken.

Men, personar i panikk eller heilag einfald, slåss som kjend mot spectres - spøkelse. At slike elementære fakta er anathema i eit USA-servilt NRK, stadfestar eit velkjend mønster. Og det har ingen ting å gjere med at NRK-leiar Bernander er frimurar og høgremann, og kva omgang han måtte ha med skjelett og likkister. All NRKs dekning av utanrikspolitikk er nemleg heilt ut i samsvar med det høgtidlege skrivet NRKfolk som har frekventert Forsvarets Høgskole, må underteikne.

Der skal ikkje gjennom NRKs informasjonskanalar setjast grunnleggjande kritisk søkjelys på den utanrikspolitikk som til ei kvar tid er diktert frå Pentagon eller Capitol Hill!

At du i «Standpunkt»-farsen gjorde deg til latter som historikar, Geir Lundestad, får så vere. At du samstundes gjorde deg til latter som sekretær av den norske Nobelkomiteen, er verre!




I:
28-02-2001.

1