Nordahl Grieg under krigen


Nokre personlege minne


Av Olav Rytter


Då eg fekk oppmoding om å skrive om minne og personlege inntrykk frå samvere med Nordahl Grieg, serleg under krigen, var det ei hending som fyrst og fremst kom føre meg:
Det var 16. mai 1940. Eg hadde då vore knytt til den norske kringkastinga frå BBC siden 18. april, etter oppdrag av den norske regjeringa, som enno heldt ut på den siste strima fri norsk jord i Nord-Norge.
Vi sat saman nokre landsmenn på eit hotellrom i London. Somme var bufaste i London, andre hadde kome frå ymse kantar av verda for å finne seg eit rom i rekkene i den utefronten som no var i si fyrste byrjing. Samtalen kom inn på sams kjente og folk vi kjente av omtale. Skal tru kva den eller hin var i dag, og kva gjorde dei? Då vart namnet Nordahl Grieg nemnt, og ein av dei som var til stades syntes å tvile på om han var å finne i den norske motstandsfronten. Som grunn nemnde han den politiske verksemda til Nordahl Grieg, serleg tilhøvet hans til Russland og dei spanske republikanarene. Eg svara, ikkje heilt roleg: "Eg er viss på, at anten sit Grieg i dag i tysk fengsel, eller så er han med som soldat i Nord-Norge". Eg minte i den samanhengen om det svaret Grieg gav på eit åtak i ei Oslo-avis under vinterkrigen i Finland. Ein innsendar hadde slutte med eit direkte spørsmål til Grieg: "Hvor er nå Deres tanker? Hos russerne eller hos finnene?" Grieg svara frå posten sin som soldat i nøytralitetsvernet i Finnmark: "Mine tanker er - hos Norge."
Morgonen etter sat eg ved eit improvisert arbeidsbord i den norske legasjonen og la siste hand på eit syttandmaiprogram som skulle gå ut om kvelden. Det var redigert som ei helsing frå landsmenn i det fjerne og på havet til folket der heime. Det var velmeint og vel og bra alt i hop, men eg mangla noko som kunne gje det oppsong og reisning.
Då kom ein av kvinnelege sekretærane inn og med tårer i augene eit telegram på bordet mitt. Det var frå Tromsø. Eg stava meg gjennom dei fyrste linene:


i dag står flaggstangen naken
blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen
vet vi hva frihet er.



Det rann gjennom meg: Nordahl Grieg! Eg bladde ut til siste telegramflaket, og der stod namnet. Eg skjemst ikkje for å tilstå at "øyet ble stort og vått", før eg hadde lese diktet til endes.

NRK i London,
Olav Rytter til venstre på bildet.
Foto i Norsk krigsleksikon
Se her


Eg dro avgarde til Broadcasting House på flekken og las diktet inn på lydbandet som innleiing til programmet. Den kvelden var det nok ingen nordmann som tvila på kvar Nordahl Grieg var å finne. Kanskje hugsa mange eit anna dikt, frå "Norge i våre hjerter":


Intet gav jeg; men prøv mig
kræv hvad jeg har og kan.
Kald på min ild og ungdom,
vi dem til dig, mitt land.
La mig få gi og elske,
ikke med døde ord,
men livet mitt som en kappe
over din nakne jord.



Eg vart ikkje kjend for alvor med Nordahl Grieg før i 1937. Han var nett komen frå Spania og skreiv på "Spansk sommer". Hendingane i Spania, og endå meir det som hende eller rettere ikkje hende utanom Spania, hadde skaka han opp til inste trevl. Han verka uroleg, oppriven, men var samtidig full av eit bittert kamphumør. Vi møttest på dette antifascistiske grunnlaget, som eg kunne vide ut med det personlege tilhøve eg hadde til den lagnadstunge utviklinga i Mellom-Europa, serleg Tsjekkoslovakia.
Eg og mange andre hadde ofte undrast over arbeidsmåten til Grieg. I samver var han ivrig opptatt av alt mellom himmel og jord utan av seg sjølv og sitt eige arbeid. Han tala lite om det han heldt på med. Og korleis fann han tid til å skrive? "Vi som var hans venner," skriv Johan Borgen, "ser ham aldri for oss ved et skrivebord, enda han må vel ha sittet der også." Men så kunne han kverve som ein skugge, til han ein vakker dag dukka opp med eit dikt eller eit utkast til eit skuespel.
Ei hending gav meg eit glimt inn i den åndelege verkstaden til Grieg. Det var ved hundreårssjubiléet for Aleksander S. Pusjkins død i 1937. Nordahl Grieg vart beden om å skrive eit dikt om den store russiske diktsren til ein minnefest ved universitetet. Erik Krag og eg skulle halde taler. Dagen før møtet hom Grieg i telefonen: "Jeg skal dikte om Pusjkin til natten. Vil du komme opp i kveld og fortelle alt du vet om Pusjkin?" Eg tok ikkje dette så bokstaveleg. Eg visste at Grieg kjende betre til Pusjkin enn kanskje nokon annan norsk diktar.
Frå eg kom og til eg gjekk vart det ikkje tala om anna enn om Pusjkin. Eg fortalde alt eg kunne hugse om diktinga og livet hans og om tilhøvet hans til samtida og miljøet. Eg las opp nokre omsetjingar eg hadde liggjande av lyrikken hans, og merka meg at Grieg fyrst og fremst beit seg merke i dei fyrste glimta av den sosiale oppreistånda i ungdomslyrikken, dikt som "Landsbyen" og "Til fridomen". Etter fire timar som eg trygt kan kalle intense, sa han: "For meg er Pusjkin først og fremst en sosial opprører mot det miljøet han falt som offer for. Og slik skal jeg skrive." Etter å ha tala ei lita stund om dei hendingane som førde til PUSjkins duell-død, reiste han seg og sa: "Takk skal du ha. Jeg ringer i morgen." Før eg hadde fått på meg hatt og frakk og kome meg ut gjennom døra, sat han alt - ved skrivebordet.
Ut på formiddagen dagen etter var han i telefonen: Jeg er akkurat ferdig med Pusjkin. Ka synes du?" og så las han opp "Pusjkins siste vilje."
Denne hendinga synte meg ei side av Grieg som eg sidan skulle bli vitne til under andre forhold: Den fanatiske konsentrasjonsevna som låg løynd under den livlege, springande og altomfatande omgangsforma hans til dagleg, evna til å suge inn inntrykk, velje ut det vesentlege og karakteristiske, forme og krystallisere det ut, gje det symbolsk tyding og makt. Eg har sett han framfor andre objekt, det kunne vera ein sjømann eller ein flygar han bad om å "fortelje alt han visste". Men det var den same intense innlevinga, den same sjølvgløymande oppgåinga i emnet, som hin kvelden med Pusjkin som ein usynleg tredjemann.
Dette intense og samtidig varnæme, ja nesten personleg nærtakande tilhøvet til menneske og hendingar og problem var sjølve kjernen i Griegs personlegdom som diktar. Han var nervedirrande mottakeleg for alt han opplevde, - og det var jo ikkje lite. < Det er denne nerven som skjelv i "Skibet går videre", om sjøfolka, i "Vår ære og vår makt", for sjøfolka, i "Nederlaget" og "Men imorgen - for arbeidarrørsla, i "Ung må verden endnu være", for russarar og spaniarar, I "Norge i våre hjerter", for Norge.
Men Grieg kjende det med rette som urettvist, når dette draget hos han vart tolka som stemningsskifte og vingling, for ikkje å nemne opportunistisk kappesnuing. Det var ein kjerne bak nerven, ein målmedviten vilje og eit livssyn i vokster bak leitinga. Han vart berre 41 år gamal. Men nett denne intense opplevingsevna hans og hans sjølvoppofrande innstilling til desse opplevingane herda eit par krigsår denne kjernen til meir enn eit "livssyn": I det grenseområdet mellom liv og død han ferdast i i desse åra, og der han visste at kvart dikt kanskje skulle bli hans siste ord bråmognast diktinga hans fram til noko meir: til eit litterært testament, sårt og stålt på samme tid.

Nordahl Griegs syttandemai-bodskap hadde gått ut til nordmenn heime og ute. Så gjekk dagane vidare i London, fulle av spaning og uvisse om utfallet av kampane der heime, og ikkje minst var det eit sakn at vi enno ikkje hadde mykje direkte personleg kontakt med hendingane heime. Det kom ikkje mange "over". Så ein dag i siste veka av mai kjem ei kjend Bergens-røyst i telefonen: "Er det "Dette er London"? Dette er gamle Grieg`en. Ta deg fri resten av dagen. Jeg er sprekkeferdig."
Det vart ein samtale på 12 stive timar. Eg fekk fyrste-utgåva av ollevvingane til "gullgjengen", som hadde berga Norges Banks gull via Tromsø Til England. Skildringa i "flagget" er eit meisterverk i konsentrasjon og dramatisk lune. Men den ville ha bleikna ved sida av eit stenografisk referat, for ikkje å seia eit lydopptak av skildringa hans denne dagen. Men som i sjølve Oddyséen, vart sjølve ferda berre som ein tråd gjennom eit epos av tragedie og komedie, av episodar, stemningsbilete, profilar, historie og legende på same tid. Det var heile Norges kamp som vart rulla opp for meg, slik Grieg slik Grieg hadde soge det inn i seg med alle sansar.
Etter at han hadde fortalt i to timar, fann eg grunn til å spyrje: "Enn du sjølv då?" "Jo, eg hang med. Jeg, antikapitalisten, stelte med disse gullkassene, som om de skulle ha vært reivunger."
Grieg var det reine fyrverkeri av kampglede og optimisme ved dette møtet. Det opprivne uroa frå sist eg såg han var som stroken bort. Otten for at nazismen ville gå til åtak på Norden hadde lege som ei mare over han i åra før. Den hadde no vike plassen for kampglad offervilje, no då han stod andlet til andlet med dødsfienden. Og alt no var han fullt og fast overtydd om at folket ville syne moralsk motstandsvilje, sjølv om det skulle lide eit militært nederlag.
Bak denne kampglade yta, låg ein undertone av djup medkjensle og samskyn med folket der heime, som hadde fått denne krigen kasta over seg. Korleis ville mennesket i oss reagere på denne umenneskelege situasjonen? Ei heil rad med opplevingar, som han fortalde med serleg innleving, synte at han hadde stelt seg dette spørsmålet. Noko av det som hadde gjort sterkast inntrykk på han var den måten dei norske soldatane hadde reagert på sjølve kampen: å drepe menneske. Ein løytnant hadde fortalt han, at han hadde hatt stort strev med å få karane sine til å skyte, første gongen dei låg i bakhald for å ta ein tysk soldattransport som kom opp dalen. Då bilane nærma seg, fulle av syngjande soldatar, hadde ein ung gudbrandsdøl spurt om dei ikkje burde gje seg til kjenne, før dei plaffa laus. "Dette er jo mord", hadde han sagt. Først då det hadde falle eit par kamerater, kom det fart i sakene og det var gjort reint bord nede på vegen.
Bonden på ein gard han heldt til på var i full gang med våronna. Ein dag syntes han at skytinga nede i dalen vart hosta hard. Han kom inn og sa til kona si: "Eg trur mest eg får hjelpe te litt." Så hekta han krag´en sin ned av knaggen og rusla sørover vegen.
Ut på kvelden kom han att. Då han hengde krag´en opp att, spurde kona: "No?" "Å, det vart tri," sa han, og strauk svetten av panna. "Men det var kufst." Stort meir vart det ikkje sagt den kvelden.
Han hadde to historier fra brygga i Molde, under innlastinga av gullkassene. Heile byen stod i eit einaste flammehav. Forutan saga-kommentaren til ein borgar av byen, - "Her har ingen vennehånd syslet," som han har nemnt i skildringa si av gulltransporten, fortalde han også denne samtalen: Han hadde kome i prat med ein moldensar, m. a. om Finnland. "Ja, stakkars Finnland", hadde mannen sagt med eit sukk. Grieg la berre til: "Akkurat da tok det til å brenne i brygga også."
Ei anna historie ehan hadde stor moro av å fortelje var frå Tromsø. Under turen opp langs Nordlandskysten hadde dei hatt framifrå hjelp av ein legendarisk storsmuglar, som hadde aust ut med rasut hand all sin oppsamla visdom om kronglete og lite trafikerte leier i skjærgarden. Under ein middag, som styresmaktene gav for gullgjengen då dei nådde Tromsø, hadde han reist seg i alt sitt velde, slått neven i bordet og sagt: "No ska æ seil for Norge til siste slutt. Alt for Norge."
Slik hadde Grieg alt no samla inni seg ei heil rad med inntrykk av det andlet folket hadde synt krigen. Alt no hadde han, enno umedvete, kanhende, funne det emne han etterkvart skulle bli så oppteken av: mennesket audsynes krigen, og som han tok opp i det eine diktet etter det andre, fram til programdiktet "Den menneskelige natur".

Nordahl Grieg kom inn i det spente og uvisst ventande London-miljøet som eit friskt ver, han førde med seg humør og optimisme. Ein dag eg sat oppe på hotellrommet til Grieg, kom portieren i telefonen: "Lieutnant Colonel Karl Evang wants to speak to Mr. Grieg." Eg gav mikrofonen til Grieg, som sa: "Nei, er det oberstløytnanten? Dette er menig Grieg!" Evang kom opp i full mundur med dei stjerner og striper som tilkjem ein medisinaldirektør på krigsfot. "Nei, så fjong du er! Og eg måtte kjempe for Gamle Norge i en soldatuniform som var tre nummer for liten." Nokre dagar etter heldt Evang foredrag om inntrykk frå Norge, sakleg og optimistisk. Grieg las opp syttande-mai-diktet sitt og "Norge" frå "Norge i våre hjerter". Mange hundre sjøfolk var tilstades. Dette var det første friske og inspirerande pustet heimanfrå. Begeistringa stod høgt i taket.
Grieg var snart oppteken med konkrete arbeidsoppgåver. Det viktigaste var å skaffe ein kortbylgjesendar til Regjeringa i Nord-Norge. Grieg skulle tilbake dit, og sendaren ville han gjerne ha med seg. Vi tinga med dei tekniske instansane i Britisk kringkasting og sakene såg ut til å gli. Ein av dei siste dagane i mai fekk vi lovnad på ein stasjon som alt stod fullt montert. Eg hadde sjølv brennande lyst til å bli med og gjekk alt og brygga på ein søknad. Men så tok det til å koma fleire men´ar i vegen frå britisk side, og ein dag i fyrste veka av juni vart vi kalla til ein konferanse med Mr. Collier, sjef for den skandinaviske avdelinga i Foreign Office, etter krigen britisk ambassadør i Oslo. Vi la ut med stor iver om situasjonen og planane videre. Han sat berre og høyrde på utan eit ord. Til slutt sa han: "I am sorry. You will have to give up your plans. You will get some explanation afterwards." Han tok oss i neven og fylgde oss til døra, framleis liksom litt brydd og med eit merkeleg drag av medkjensle i andletet. Då vi var på veg ned trappa, stogga Grieg brått opp, sette augene i meg og sa: "Det skulle vel ikke bety at de har tenkt å evakuere Nord-Norge?"
Det var grunnen til dette avslaget. Få dagar etter visste vi at Kongen og regjeringa hadde landa i Storbritannia.
Grieg var snar til å skyne at når fyrst gale skulle vera, så var dette det einaste rette. Han hadde også ein personleg grunn til å vera glad: Med ein av regjeringsbåtane kom også Gerd Egede Nissen over. Dei vart gifte få veker etter. Dette var ei stor lykke for Grieg. Med sitt kunstnarsinn, si store innlevingsevne i alt han var oppteken av og med sitt urokkelege mot i mange farar og vanskar, var ho ei stor moralsk støtte for Grieg, også i tider då arbeidsoppgåvane deira førde dei frå kvarandre lange periodar av gongen.
Så underleg det no kan høyrast, fall det ikkje Grieg så lett å innrette seg og finne sitt rom i utefronten til å byrje med. Under vekene i London før regjeringa kom over hadde han levd med andletet mot Nord-Norge. Han var full av planar om alt han skulle gjera der, med kortbylgjestasjonen som basis. Han hadde til og med valt kjenningssingnal for stasjonen, nemleg marsjsongen til hans kjære Altabataljon, der han hadde vore lagførar under nøytralitetsvakta.

Han ville gjerne ha spela inn ei grammofonplate for fullt orkester av denne marsjen og ha med seg tilbake. Tragedien var berre den at han ikkje kunne koma på melodien. Eg ser han enno lange fram og tilbake over golvet, med armane svevande elegant ut til sida: "Alta, Alta, Alta, traderaderadada! Hvordan til helvete var det nå den gikk!" Eg har han mistenkt for at han tenkte alvorleg på å gjennomføre eit framlegg frå meg, nemleg at han skulle gå i Sjømannskyrkja ein søndag, og så reise seg og spyrje: "Er det noen fra Alta her?" Kort og godt: Eg trur desse kringkastingsplanane hans er den psykologiske bakgrunnen for idéen hans med ein kortbylgjestasjon på Jan Mayen. "Øya X", som det heitte i den søknaden vi sende inn til Regjeringa. Han og vi andre som ville vera med å realisere idéen, undervurderte den gongen vanskane med å få ei verkeleg norsk kringkasting frå London. Det var ei side av saka. Ei anna og minst like viktig var at vi ikkje var vant med å vera emmigrantar enno. Vi kunne liksom ikkje tenkje oss å laga noko på framand grunn som verkeleg kunne fenge heime. Og der låg då Jan Mayen og lokka som det einaste frie norske territorium. Kanskje var det også ein trang til å setja alt på eit kort, i staden for å seigpinast i det invasjonstruga London. Nok om det. Det var ein draum kanskje, og noko romantikk også. Men planane vart utarbeidde realistisk nok. Martin Linge hadde kome over frå Åndalsnes, såra i foten. Men så snart han kunne kreke på to krykker, kom han til London og var fyr og flamme for idéen, som han ville vera med å realisere, militært sett. Vi hadde to fangstmenn frå telegrafverket med oss, Ivar Fjeldstad og Reidar C. Halvorsen, den siste hadde til og med overvintra på "Øya X".

Når vi sat og la planane i detalj, teknisk, programmessig og militært, så syntes vi det var svært så fornuftig og realisabelt det heile. Men hugsar også at Grieg slo seg på låret og lo begeistra ein kveld. "Dere er så urkomiske alle sammen, der dere sitter gravalvorlig og diskuterer alle tiders indianerleir! Si meg, har vi i vår spede ungdom forlest oss på Jules Verne´s Den hemmelighetsfulle øy?"

Det er mogleg at det var det inntrykket Regjeringa fekk av planen. Det vart i alle fall ikkje noko av det. Og sidan fekk vi jo Norsk Rikskringkasting også i London. Men Grieg fekk i alle fall den oppreisning at det vart organisert ein norsk garnison på Jan Mayen, som han sjølv også tok ein tur til. Og om det ikkje vart kringkasting, så vart det i alle fall værmelding derifrå.

eit punkt ville vi ha slått denne garnisonen: Det ville ha stått en kvinne bak. For Gerd skulle vera med. Fru Grieg gjorde på den tid stor lykke blant nordmenn i London med Bnjørnsons bondefprteljingar, serleg innleiingane til "Arne" og "Ein glad Gut". "Dere kan vel tenke dere," sa Grieg, "hva virkning det vil ha på landsmenn under fremmed åk, når de en vakker kveld, for ikke å si en stormnatt, slår på vår stasjon og så hører de Gerd lese om Øyvind og bukken fra Jan Mayen." Som sagt, så hadde Grieg vanskar å stri med når det galdt å finne seg fotfeste og rom i den utefronten som etterkvart vart bygd opp og organisert utover hausten og vinteren 1940-41. Det vart gjort en freistnad på å legge vanskar i vegen for samarbeidet hans med den norske kringkastinga frå BBC. Han skulle vera så upopulær heime på grunn av den politiske verksemda si før krigen og for somme av verka sine, som "Skibet går videre" og "Vår ære og vår makt". Det vart svara på vegnar av Norsk Rikskringkasting, at Grieg hadde vore meir upopulær enn kanskje nokon annan nordmann blant Quislingane både før og etter 9. april og at denne upopulariteten berre var ein grunn meir til å stelle mikrofonen til disposisjon for Grieg. Han kunne óg av og til møte landsmenn, serleg offiserar i handelsflåten, som enno ikkje hadde skift meining om "Skibet går videre".
Grieg tok seg nær av denne udefinerbare motviljen, som det var så vanskeleg for ikkje å seia uråd å koma tillivs. Den politiske motbøren tok han av gamal vane forholdsvis lett. Det var verre med sjøfolka. Han visste at skildringane i sjøromanen hans hadde vore med å gjeve tildriv til betre sosiale og hygieniske tilhøve ombord. Og hadde han ikkje brote ein lanse for sjøfolka i "Vår ære og vår makt"? Grieg var difor den fyrste tida nærtakande og på vakt når det galdt hans rom og rett i rekkene. Men etterkvart som han vart overtydd om at han hadde stønad av Regjering og offisielle instansar og etterkvart som han merka tilliten og varmen strøyme imot seg frå den meinige mann til sjøs, til lands og i lufta, så kvarv etterkvart også denne såre og vare innstillinga hos Grieg. Det kan her vera på sin plass å minne om ein ting som kanskje ikkje ligg så i dagen no: Grieg var på mange måtat ein einsam mann i dei siste åra før krigen. Det var ikkje så folksamt at det gjorde noko på den kneikete og tornete stigen han meinte var "veien frem" i kampen mot nazismen. Det kan hende at han henta seg fleire sår enn han ville vera ved, sky og sjølvironisk som han i grunnen var. Det var difor ei lykkeleg oppleving for Grieg at kjenne denne veksande kontakten med folket ute og heime. Dette kunne han i stor mon takke den innstilling han sjølv hadde til de ukjende soldatane på utefronten. I tenestemedfør kom eg til å tala med hundrevis av sjøfolk og soldatar under krigen. Og domen over Grieg var samrøystes: Ein kjernekar. Eg trur hovudgrunnen til denne tilliten, ja, ein kan godt seie kjærleiken som serleg sjøfolka hadde til Grieg, låg i at de aldri hadde inntrykk av at han var "folkeleg" eller nedlatande "gjemenslig" når han var i lag med dei. Dei la merke til at han alltid var seg sjølv, han var den same anten han tala med messeguten eller kapteinen, med hjelpesoldaten eller generalen. Han var ingen intervjublokk på stive bein. Han fortalde iveg om seg sjølv og sine eigne opplevingar, han las opp siste diktet sitt, strødde omkring seg med episodar og vitsar, diskuterte litteratur og politikk med dei. Det var alltid morsamt å sitje ilag med Grieg´en på banjeren. Og så kom tilhøyrarane også på glid, og då på ein menneskeleg og naturleg måte på like fot. Det er dette som er bakgrunnen til den livnære, naturlege tonen i Griegs skildringar av sjøfolka og soldatane.

Grieg såg si oppgave, og fekk den: Han ville vera kronikøren og skalden til sjøfolka og dei vepnade styrkane, med eitt ord, som likevel ikkje på langt nær dekkjer all verksemda til Grieg: krigskorrespondent. Regjeringa gav han ei månadsløn som han greidde seg med, og fenriks grad. Dermed var han nøgd. Men det er typisk for Grieg, at denne eine stjerna på uniformskragen gav han ikkje fred før han hadde gjeve også dette symbolet eit realitetsinnhald. Han hata tome fasader og ytre prunk. Hans tilhøve til verdiar minte meg mang ein gong om gamal, god Gjerne Bergensk kjøpmannshederlighet: Det galdt å vera solvent og god for sin hatt. Det var difor ikkje berre for å studere soldatlivet at Grieg melde seg til befalskurset i Skottland og gjennomførde det med heider. Det var også for å utdane seg til det denne stjerna fortalde: troppsjef. Det same tok seg oppatt då regjeringa la på til tre stjerner to år seinare. Han melde seg då til hard kompanisjeftrening hos amerikanarane på Island og greidde seg framifrå mellom yngre og fysisk betre utrusta medaspirantar. Mange krigskorrespondentar ville kanskje ha meint at dette var burtkasta tid. Men det fortel noko sers viktig ved Griegs karakter: Hans fanatiske trang til redelighet, åndelig og moralsk. Han ville ha realitetsgrunnlag for det han var og det han skreiv om, han ville vera solvent likeoverfor dei kan kjende seg i skuld til: den menige mann som førde denne krigen for fridom og menneskerettar. Denne trangen kom til å koste han livet. Men det var óg den som lyfte og bar Griegs diktning fram til det rom den har i dag i medvetet til alle nordmenn.
Denne trnagen til å røyne på sitt eige skinn kampen til den ukjende soldaten, synte seg alt under den langvarige bombeperioden i London 1940-41. Då nattbombinga tok til for alvor i midten av september, var Grieg ute natt etter natt, i verneromma, som frivillig i sloknings- og bergingsgrupper, i ambulansebilar. Ein morgon kom eg tilbake til South Kensington Hotel frå ei nattevakt i BBC, etter ein busstur gjennom ein by som oste av brandrøyk, med gater sperra av husruinar, bloddammar på gatene etter lik som nyleg var henta. Da møtte eg Grieg i hallen. Han var kledd i en slags improvisert overall, sotet og flerret. Andletet hans var var grimet og dratt etter spaninga og slitet om natta. "Jeg fikk være med den rene suicide squad (sjølmordargjeng) i natt. Nå kan jeg skrive. Kan du ordne med opptak til i overmorgen." Han skreiv reportasjen sin, men opplevde til si store forundring at den vart refusert av den militære sensuren. "var den ikke god, da?" spurte han. Eg svara at den var truleg altfor god. Men Grieg visste råd. Om nokre dagar kom han med eit dikt, "London". "Her har du reportasjen på verseføtter." DEt vart sendt til sensuren og kom tilbake med påteikning: "Over to the literary adviser." Den litterære rådgjevaran, som forresten ikkje hadde noko han skulle ha sagt når det galdt den norske kringkastinga, sende det til oss med merknaden"Best poem on London ever read." Denne hendinga er typisk for Grieg. Han hadde kjøpt seg retten til å skrive om London med å vere med i kampen til the man in the street. Og denne lina fylgde han konsekvent i alle faser og greiner av kampen, heilt til det siste.

Nordahl Grieg vart eitt med utefronten. Men det var ein annan front som han berre kunne nå med tankane: heimefronten. Han var uendeleg vâr for alle reaksjonane heimanfrå på diktninga hans. Det spørsmålet han alltid stelte seg var: Er eg på bylgjelengde med folket der heime? Eg trur visst eg kan seia at den største gleda Grieg nokongong hadde som diktar, den opplevde han dei siste månadene av sitt liv, då det låg føre tallause vitnemål om at diktninga hans var ein av dei aller største inspirasjonane for kampen på heimefronten.
Det var først og fremst Viggo Hansteen som var symbolet på heimefronten for Grieg. Tilhøvet til denne venen er kjent for alle som har lese diktet "Viggo Hansteen". Les her
Grieg tala alltid om Hansteen ned varme og beundring, og kom ofte tilbake til det siste samværet med ham i Tromsø.


Viggo Hansteen

Eg var i lag med Grieg då bodskapen om Hansteens død kom. Det var oppe i en forblåst kystby i Skottland. Grieg skulle lese dikta sine på eit møte, som eg skulle lage reportasje frå. Om kvelden kom eg springande til hotellet, i siste liten til å høyre dagsnytt frå London. Då eg kom inn i gangen høyrde eg røysta til Kiran frå radioapparatet inne i hallen. Med det same går døra opp og Grieg kjem ut, bleik og med tårene rennande nedover andletet. Det var berre så vidt han greidde å seia: "Vet du hva jeg hørte?" De har drept Viggo!" Eg fylgde han ut på gata, men skyna at han helst ville vere åleine, og let han gå. Eg såg han tok vegen opp mot ei knausete lynghei bortanfor hotellet. Han var ikkje tilstades då møtet tok til. Men han kom inn like før det var hans tur, og las dikta sine med den intense dirrande ro som var hans. Ein av tilhøyrarane bad han lese 17. mai-diktet sitt, Då han nådde lina:

Her skal vi minnes de døde
som gav sitt liv for vår fred,

då brast røysta og han hadde vanskar med å fullføre.

I dag står flaggstangen naken....Nordahl Grieg leser... her

Alle skyna, og Hansteen og Wickstrøm var nok i alles tankar den stunda. Grieg har seinare fortalt meg at diktet om Viggo Hansteen vart til under den einsame vandringa oppe i lyngheiene etter den tragiske radiomeldinga.

Eit problem Grieg var sterkt oppteken av var: Norges kamp sett i ein større nordisk samanheng. Tilhøvet til Danmark var greitt nok: det var sams kamp mot sams fiende, sjølv om Danmark måtte mangle den ytre einskapen som Norges kamp hadde i og med at Kongen og regjeringa var utanfor landet. Grieg var fanatisk på vakt mot alle utslag av norsk sjølvgodskap likeoverfor den danske motstandsrørsla. "Hvor lengeville vi ha sloss i et lite pannekakeland som Danmark?" Hugsar eg han sa ved eit slikt høve. Han var ein trufast ven og hjelpar for representantar for den danske motstandsrørsla i London. Den danske journalisten Tillge Rasmussen var ein av hans aller beste vener. Diktet hans "Danmark" er sprunge fram av denne trua på Danmark. Han fekk og den gleda å oppleve, så vidt, at den danske motstandsrørsla slo ut i lys og open loge få veker etter at han hadde lese diktet sitt i dansk kringkasting frå BBC.
Når det galdt Sverike, hadde han den samme sjølvransakande innstillinga: Korleis ville vi ha greidd oss om Sverike hadde vore okkupert og vi nøytrale? Diktet hans til Sverike er open og usentimental tale mellom to brør. Men ikkje med ei line har han gjeve tilskot til eit bittert tilhøve mellom dei to folka. Grieg såg djupt og først og fremst langt fram i tilhøvet sitt til grannefolket i aust. Det same galdt Island, der han var lange tider og gongen, og hadde mange vener. Når Grieg i dag i stor mon er sameige for heile Norden, så har det sin grunn i den opne og erlege, men først og fremst varmhuga innstillinga Grieg hadde til dei andre folka i Norden.

Grieg var ingen venesel mann i den tyding at han hadde lett for å få vener. Han var omgjengeleg, venleg og grei i samver med folk han likte. Han slepte ikkje så lett omgangsvener inn på livet av seg, men fekk han først full tillit, var han trufast i venskap som få. Han var mykje borte, i Amerika, i Island og på Jan Mayen, på ferder til sjøs og i lufta, var kontakten alltid den same. Den same opne måten når han tala om eigne opplevingar og tankar, den same brennande interessa for det ein sjølv stelte med. Ein ting vil eg nemne serskilt: den ofte sjølvgløymande interessa Grieg hadde for arbeidet til meir eller mindre kollegar av han: journalistar, krigskorrespondentar, filmfolk, både norske og allierte. Han gav med raust hand av tankar, idéar og synsmåtar. Han kunne vera hard i kritikk, med like raust med råd og oppmuntring.
Eg må få lov til å fortelje om ein liten episode som syner denne innstillinga hans. I slutten av september 1943 kom eg att frå ein Atlanterhavskonvoi med ein norsk korvett. Eg hadde mellom anna vore så heldig å få ned på grammofonplate eit velluka åtak mot ein tysk u-båt. Alt hadde klaffa. Mikrofonen stod klar på brua. Det hadde gått ti minutt frå alarmen gjekk og til søkkminene gjekk ut over u-båten. Det var akkurat den tida vi rådde over til tilleggsprogram etter dagsnytt. Opptaket var teknisk sett førsteklasses, trass i sjøgangen. Men den militære sensuren hadde herja fælt med manuskriptet og stroke mykje av både kommandoord og kommentar, som rimeleg var forresten. Grieg var opp i veret over denne reportasjen. "Du kan vel skjøne og begripe at du har skutt gullgåsa i egen høye person! Det må ut i alle femogtjue sendingene i BBC." Og no galdt det å berge stumpene. Grieg gjekk med meg til teknisk studio, og i to stive timar stod vi no og sveitta over platene, for å "dubbe" ned på ei samleplate kvart einaste usensurert ord på orginalplatene. Brått sier Grieg: "Du ntror ikke jeg kunne få med meg dette teknikkens vidunder ombord i flyet? Tror du jeg kan få låne et opptaksapparat?" Så lo han og sa: "Jeg kom til å huske noe fra guttedagene. En kamerat av meg hadde fått sykkel. En dag punkterte han. Så stod vi der, akkurat som nå, og lappet. Da han kjørte avsted igjen, sa han høymodig over skulderen til meg som stod der fattig igjen: Hvis du vil hjelpe meg å lappe en annen gang, skal du få låne sykkelen." Då det punkterte programmet var vel og vakkert ute om kvelden, ringde Grieg og sa: "Det greidde vi fint." Eg lova han, høymodig, at han skulle få låne sykkelen!
Han hadde opptaksapparat ombord då han starta på si siste ferd om kvelden 2. desember, to månader etter den episoden eg her har fortald.

Det siste møtet eg hadde med Grieg var ein av deib siste dagane av november,nokre få dagar før han fall. Eg hadde ikkje sett han på ei stund, men eg visste at han hadde vore med fleire bombeturar med RAF, også over Tyskland. På den siste turen hadde han vore "heldig", det vil seia at det hadde gått serleg varmt for seg, men det var lagt "ban" (skriveforbod) akkurat på den turen. Det hadde vore ein uhyggeleg tapsprosent over Tyskland i det siste, og det gjekk rykter om at dei var større enn dei offisielle talla sa. No låg Grieg på ein flyplass nær London og venta på tur over Berlin.
Han hadde ein dags permission i London. Vi sat i lag på hotellromet hans utpå ettermiddagen. Grieg var litt uroleg og verka spent. Men elles var han i godt humør og som vanleg fortalde han innleiingsvis, morsame og karakteristiske episodar frå flygarmiljøet. Han var lei for at han ikkje hadde fått skriv om den siste turen. Dei hadde ikkje lov å snakke om den ein gong. "Det som slår en mest er at det er så uvirkelig det hele. I messen rusler disse stakkars djevlene omkring og pusler med sjakk og bridge og leser en bok eller skriver. Men du må ha sett det for å forstå hva de har vært ute i, kanskje natten i forvegen. Jeg slutter aldri med å forundre meg over den menneskelige natur."
stort meir enn dette sa han ikkje om den situasjonen han sjølv var i. Men han var lidenskapeleg oppteken med to ting denne ettermiddagen. Det eine var dei to dikta han hadde skrive med det atterhald at dei ikkje skulle offentleggjerast før etter krigen, først og fremst "Den menneskelige natur". Han hadde manuskriptet med seg og las det opp. Eg la merke til at han av og til stogga i lesinga og skotta bort på meg, noko han elles ikkje brukte å gjera. Liksom for å sjå verknaden, Eg sa som eg ærleg meinte, at det kanskje var det beste diktet han hadde skrive. "Ja, men formen, formen", sa han. "Jeg har slitt meg halvt ihjel med dette diktet. Men når jeg leser det igjennom, så er det bare en skygge av alt jeg har tenkt og villet og følt. Har det reisning, og slår det, rammer det?" Eg hadde aldri sett Grieg slik, eller høyrt han tala om diktninga si på den måten. Eg prøvde å trøyste han med at forma var sprungen naturleg ut av situasjonen. Heile diktet er jo ein lang, indignert monolog, ikkje vend beinveges til lesaren, men til eit tredje objekt, denne "offisersbroren", som symboliserer dødsfienden heile diktet er retta mot. Forma er difor umedvite blitt slik den er, litt stakato, litt oppriven, heilt i samsvar med stemninga og først og fremst situasjonen i diktet. "Ja, ja," sa han til slutt. "Nå får det stå som det er. Jeg kommer ikke til å gjøre mer med det!"
Det andre han var oppteken av var invasjonen av Norge, heimeferda. Han venta som alle oss andre noko i den lei når som helst. For Grieg som krigskorrespondent var det eit brennande spørsmål: Kvar skulle ein vera for å vere heilt viss på å koma i land med dei aller fyrste? Han la ut om dette i detalj, omlag slik: Er du i flyvåpnet har du sjangse til å se det heile ovanfrå under rekognosering og førebuande bombing. Men flyet må tilbake til basis, og det vil ta ei tid før flyplassane på norsk grunn er på våre hender. Med omsyn til hæren, så ville dei fyrste troppane som gjekk i land vera elitetroppar og commandos, med kompani Linge i brodden. Han meinte han hadde lite sjangse til å bli med der, trass i utdaninga si som kompanisjef. "Men det var det jeg helst ville." Dei kunne heller droppe han bak linjene i Norge. "Hvert menneske i landet har jo sett kontrafeien min i avisen," la han til, nesten bittert. "Nei, det er og blir marinen. Den kommer til å ekskortere landgangen og følge opp på kloss hold. Så snart jeg har stoff til å skrive om flygeren, selvopplevet, så snart jeg er solvent (det var den første gangen eg høyrde han bruke det ordet) likeoverfor flygerne, så vil jeg melde meg til marinen for resten av krigen."
Mot slutten av denne samtalen kom han, litt sky, inn på noko vi hadde tala om eit par gonger før: Tilhøvet mellom krigskorrespodenten og dei verkeleg stridande, når det galdt moralen, motet, nervene. Han tok til med å seia: "Vet du hva kaptein..........sa her en dag?" (Han nemnde namnet på ein norsk flygar.) "Vi satt og pratet om dette med nervene. Så sier han plutselig: Jeg beundrer dere krigskorrespondenter for en ting: Dere går ut på det samme som vi, men av egen fri vilje. Vi går av plikt. Med oss er det en skjebne vi er underlagt, og som vi bøyer oss for. Alternativet for dere er jo bare å sitte på et i stedet for å gå til sjøs eller i luften. Kommer dere i trøbbel, så kan dere ikke kikke på andre enn dere selv. Er vi i trøbbel, så er det etter ordre av andre, en utenforstående høyere makt. Og det er lettere." Grieg la til: "Ja, han sa faktisk at de har det lettere. Har du hørt på maken? Jeg kan jo sette strek når jeg vil. De må over Berlin 20 kanskje 30 ganger "grounded." "Men", heldt han fram og eg har aldri sett Grieg så alvorlig på eigne personlege vegner, eller høyrt han snakke så, ope før om personlege problem - "under den siste bombeturen satt jeg og tenkte på det han hadde sagt. Det var en halv times tid at det var ganske jævlig, og du sitter der og har det vondt i all stillferdighet, sugingen under brystet, klamheten, ja, hvorfor ikke spytte ut og si det: du sitter der med de forskjellige symptomer på fysisk redsel. Du vet at alle de andre har det på samme vis. Vi er alle mennesker, og hva sier ikke det gammelnorske ordtaket: Det er redd mann som ikke tør å skjelve. Forskjellen på mot og feighet er om man reagerer ukontrollert på redselen eller ikke, for åpenbar redsel er smittsom. Det ville skade helheten, kollektivet. Jeg ser meg rundt i flyet. Enhver steller med sitt. Alle er bleke, anspente, men gjør sin jobb. Og som han sa kapteinen: etter en høyere ordre. Det er noe upersonlig over det hele. Kanskje har han rett. Du kan i svake øyeblikk høre en stemme inne i deg: hvorfor ga du deg med, hva skulle du på den galei? Den stemmen slipper i alle fall de andre å høre. Du er frivillig, og må svare for deg selv. Ja, slik satt jeg altså og filosoferte. Og jeg tilstår at jeg trengte til å stive meg opp med tanken på alle andre frivillige, alle de som frivillig og uten våpen, med livet som innsats, arbeider på hjemmefronten. Alle soldater trenger å føle seg som ledd i et kollektiv for å holde ut. Flygerne har sitt moralske kollektiv med seg i flyet. En frivillig som jeg har dette kollektivet hjemme i Norge, og når jeg tenker på det, får jeg også følelsen av dette upersonlige, dette å være underlagt en høyere makt og skjebne. Jeg tror kapteinen hadde rett. Det er lettere å være modig under en felles skjebne."
Som sagt: Eg har aldri høyrt Grieg tala så alvorleg om seg sjølv før, utan ein snev av den sjølvironiske tonen han brukte å slå an ved slike høve.Eg har prøvt å gje att det han sa etter minnet. Orda kunne vere andre i mangt. Men tankegangen brente seg inni meg.
Før vi skiltes prata vi om laust og fast, og Grieg var i eit framifrå humør. Han friska opp eit par minne frå Jan Mayen og slo nokre vitsar om "Øya X". "I det lange løp ville vel lytterne bli litt leie av å høre reportasjer om revefangst på Jan Mayen." Då eg gjekk, sa han at han trudde han skulle vera ferdig med oppgavene sine i flyvåpnet uti januar ein gong og at han då gjerne ville over i marinen. "Treffer du Corneliussen eller Horve eller Storheill, så forbered dem på en skånsom måte på at gamle Grieg´en snart vil stikke til sjøs igjen!"
Om kvelden var vi begge invitert til eit lite lag hos ein sams ven, ein embetsmann på utefronten. Samtalen gjekk om vanlege emne, om situasjonen på frontane og heime i Norge. Men ein del av samtalen står klart fram i minnet: Vi kom inn på tilhøvet mellom arbeidarrørsla og dei sosialistiske intellektuelle frå borgarlege miljø. Det vart hevda at det var vanskeleg, for ikkje å seie uråd for desse å skyne arbeidarane og arbeidarrørsla, og at den mistilliten dei ofte vart møtt med frå arbeidarhald var velgrunna. "Mot Dag" vart nemnt i denne samanhengen. Grieg reagerte sterkt på dette og meinte at nettopp "Mot Dag" hadde gjeve prov for at intellektuelle nett ved deltaking i arbeidarrørsla kunne finne utløysing for verdifulle sosiale instinkt og evner. Han nemnde ei heil rad med "Mot Dagistar" og synte at den og den i gjerning hadde vist både i fred og i krig at dei var verdfulle samfundsmedlemer med den mest intime samkjensle med arbeiderklassa i kampen for demokratiet. Man nemnde serskilt Viggo Hansteen. Til dette vart det svara at, vel, skulle ein først diskutere dette problemet, så kvifor ikkje, med all respekt for Hansteen, med han som døme og utgangspunkt? - På dette reagerte Grieg med eit temperamentfullt utbrot: "Nå får det være nok! Skal Hansteen og Wickstrøm få stå i fred sammen som symbolet på samhold mellom arbeiderne og de intellektuelle? Jeg foreslår at vi snakker om noe annet."
Morgonen etter ringde han frå jernbanestasjonen på veg tilbake til flyplassen. "Jeg var noe ubehersket under diskusjonen om Hansteen i går. Vil du undskylde meg likeoverfor verten? Du kjenner mitt forhold til Hansteen. Du vil kunne forklare det hele." Så tala han om eit par private ting, som han bad meg ordne, fordi han hadde hatt for lite tid i London. Og så: "Husk det med marinen! Kan vi si: på gjensyn i marinen?" - Ja, på gjensyn."
Det vart min siste samtale med Nordahl Grieg. Tre dagar etter kom meldinga:
"Missing in raid on Germany."

Det hadde vore betre for verda og oss alle om Nordahl Grieg hadde opplevt femitårsdagen sin. Eg trur ikkje at han sjølv rekna så visst med å overleve krigen. Men han var full av uro for framtida. Somtid kunne det slå ut i ein bitter-ironisk merknad som: "Når vi kommer hjem til et fritt og lykkelig Norge og skal til å rive hårene ut på hverandre -". Eller han kunne vera oppteken av faren for ein ny konfliktsituasjon med grunnlag i den ideologiske motsetninga mellom vest og aust. Få nordmenn har forstått betre både britane og russarane. Han hadde ein djup menneskeleg sympati for begge folka. Han var menneskeleg romslig nok til det.
Men Grieg var ingen dogmatikar. Det er i namnet til mennesket, ikkje i namnet til ei fane eller ein ideologi at han reiser sin kamp mot krigen, i dei dikta han skapte i grenseområdet mellom liv og død, først og fremst i det diktet eg trur vi kan rekne som hans siste ord til oss alle: "Den menneskelige natur".
Det er difor uråd og i alle tilfelle burtkasta å spekulere over kvar Grieg "ville stått i dag". Han høyrer heile Norge og heile verda til.
Men til alle oss som i dag syrgjer over at han ikkje lenger er i blant oss, at hans glade, ironiske, flengjande og inspirerande røyst ikke lenger kling med, har han sjølv eit ord med i laget, på vegnar av alle dei han slutta seg til i si siste stund:

De vil ikke sørges til døde
men leve i mot og tro.
Bare i dristige hjerter
strømmer de falnes blod.


Til dei som meiner, og dei er mange, at fremste oppgåva for vår generasjon er å arbeide fram mot den dagen då alle nasjonar av ymis rase og livssyn samarbeider i fred og fridom, til dei har han óg ei siste helsing:

Men dere som lever, må våke
over den fred vi skimtet
i naboskapet av døden,
lidelsens siste glede.
Bli fremfor alt ikke trette -
som mennesker blir etter kriger -

-----

Vi som er tapt i natten,
vi drømte, vi trodde, vi håpet;
og ingen var trette som vi.




Praha, oktober 1952.
Olav Rytter.

I: KVINNEN OG TIDEN,
SÆRNUMMER;
NORDAHL GRIEG: 1902 - 1. NOVEMBER - 1952.










1