Kattevask-partiet.
Ein Høyre-mann i Tromsø vil at ungane skal vaske skolen for å spare pengar til Høyres skattelette. Han har ikkje oppdaga at reingjering er ein profesjon.
I gamle dagar sa ho mor når vi var slurvete over vaskefatet: "Det vart visst kattevask i dag". Ved valet i 2001 satsa Høyre på "kvalitet i skolen". - Men det skal ikkje koste, for vi har jo meir behov for skattelette og syden-turar enn veggmåling og lærebøker.
Og så kan ein jo skylde på sidemålet når målinga flaknar av veggane og vikaren uteblir. Skal vasken gå for seg i dei timane?
Uansett er eg redd for her eg sit ved skomakarbenken at reinhaldet blir slett. Men vi kan jo skifte namn frå "skolepartiet Høyre" til "Kattevask-partiet"!
Lappeskomakern, (Hartvig Sætra) i: 15-09-2002.
|
|