SV på billigsalg.

SV har visst 14.9 på Gallup,
men få vil stå på listene.
Derfor brukar dei millionar
på annonsar med mange ni-tal
jamsides Rimi og Rema.

"Parti-shopping, dere!"
"Medlemskap 9,90"
"Ni gratis øl i baren
til nr 29 på lista!"

Kunden spør:
"Kva får vi så igjen for det?"
"29,9% motstand mot Balkan-krig,
39,9 for samisk sjølstyre,
49,9 mot privatisering,
59,9 mot Afghanistan-krig,
69,9 mot krig i Irak,
79,9 for store rovdyr,
89,9 for alt som er bra,
99,9 for meir til alle."

Og kunden spør vidare,
om han er lappeskomaker,
småbonde eller flyttsame:
"Har ikke SV
noko som er 100%?"
Men da er millionane oppbrukt,
så det kjem ikkje noko svar til


Lappeskomakern,
(Hartvig Sætra)
i:
25-10-2002.
1