Arbeid under stjernene



"Stjerneadvokatene på Aker Brygge
har bygd opp Finance Credit
som svindlet for milliarder".
står det i avisene.
Eg kjenner dei ikkje.
Dei er ikkje kundar
hos en vanleg lappeskamaker.

Men forfedrane mine
hadde kundar der.
Det var da hamrane klang
mot blankt metall,
og stolte skuter glei ut fjorden
med sjøgutar i sixpence og frakk.

Lukta av køl seiv inn i verkstaden
og blanda seg med eimen av ler.
Det lukta framsteg.
Nuddar eller metallsaum -
vi slo dei inn med kraft
og sto støtt på resultatet.

Ingen av oss var stjerner.
Stjernene var over oss.
Dei var draumane våre.

Men nokon stal frå oss
hamrane, stålet og leret.
Dei stal heile hamna og brygga.
Det verste var
at dei stal draumane våre
og kalla seg sjølve stjerner.

Og dei sluttar ikkje å stele.
før vi finn hamrane våre igjen.


Hartvig Sætra,
"Lappeskomaker´n"
I: Friheten
22. november 2002.


1