Om tukling

I følgje politiet
er det vanleg i dag
å tukle med barn,
sende bilder på Internet
og tene pengar på det.

Det er meir stue-
eller laboratoriereint
å tukle med gener.
Det tener dei enda meir på
i Monsanto, Cargill og Dow
- så sant ikkje folk nektar
å ete maten.

"Det blir eit problem",
seier direktørene.
Men heldigvis kjem
det klimaet vi har tukla med
til hjelp for oss.

Det har tukla fram
tørke og hunger i Afrika.
Og nå ligg det rikeleg
med gentukla mat
i afrikanske hamnebyar,
så svoltne ungar
kan tukle den i seg."


Hartvig Sætra (Lappeskomaker´n)
I: Friheten,
13. september. 2002.
1