UGIFT MOR
Du dømer meg, syster, og talar um hor. - du ligg trygg i di ekteseng. Ja slik kan du kalle det, det å bli mor. Du har lov til å vera so streng.
Eg gav meg av kjærleik. Du gav deg for mat, for tak over hovud og seng ! Di framtid ligg reidd, du er kjælen og lat, du har det som kua i eng.
Eg ynker deg, syster. Du stakkar vert mor av plikt mot din herre og mann. Eg vart det av kjærleik. Du kalla det hor fordi eg gjekk ikkje i band.
Åsta Holth. I: "Arbeider-Revy nr. 23, 1934
Ill. : Skulptur, Tønsberg.
|
|