SALME



Du som låg i natti seine
sorgtyngd, vanvyrd og åleine,
skjelvande på såre kne,
du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde,
stridsmann frå Getsemane!

Du som spotta vart og banna,
krynt med klungerkrans um panna
medan augo brann i sorg,
du som stod i namnlaus pine,
skild frå dei du kalla dine,
einsam i Pilati borg.

Du som hekk til krossen nagla
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
"Fader, kvifor gjekk du frå meg!"
Å, lat nådens blodstraum nå meg,
offerlamb frå Golgata.!

Lær mi sjel kor du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
so eg frelst mitt auga vender
upp til deg på krossen du.




Jakob Sande.
***
I: Storm frå vest, 1931.
***




1