1. mai

Den reine hjartefane
vaiende i gater
allstad denne dag.

For fred og likeverd
viast deira blod
til flagg dei bar

Slik var det i år og tid
til von og vende
i nyskapt dag,
før den mette gløymsle
for så mange
løynde kven som tok
og kven som gav

Ennå fins der urett
enno fins der rov og krig
Enno fins der hjarte
som aldri kan gløyma
den makt som syg si næring
ut av annan mann sitt verd.

Jarle Tufta
I: Friheten,
14. mai 2004.

1