Marsjerende landarbeidere




Til den norske landarbeidar

Av Jakob Sande


Trøytt under børa gjekk du
bøygd mot ei karrig mold.
Svolk for din sveitte fekk du
Aldri di naud du klaga,
ditt tolmod var tungt som jord.
- Det er no eingong so laga, -
var alltid ditt armods ord.

Audmjuk i kyrkjestolen
sat du på småmanns vis
når presten i silkekjolen
svinga sitt svovel-ris
Bringa di saman klemdest
i redsle for brand og bål,
til veik for deg sjølv du skjemdest
og vraka ditt tungemål.

Rådlaus i bank-kontoret
stod du med skjelv i kne,
trivla og tok etter ordet,
skjemd for om brød å be.
Skamma som glør deg brende
då knapt du fekk svar sovidt,
men tung var din veg attende

Regnsus i natta klagar,
tærande tankar brenn.
Maktlaus i myrke dagar
ventar du rettens menn.
Hand på ditt hus dei lagde,
- reidskap, bøling og båt,
sjølv stod du bleik og tagde
og svelgde din beiske gråt.

Ilt var det ord du lærde:
tolmod i trælekår.
Tungt det din livsmerg tærde,
gløymt det, og vegen er klår!
Reis deg, riv iglane av deg,
kvitknyt handa til slag,
krafta ditt yrke gav deg,
bruk ho i denne dag!

Høyr, dine brødre ropar
bak murar av teglraud stein:
Fylk dykk, villfarne hopar,
stå saman med oss som ein!
Inn under fana, frende,
land og by, kom i takt,
er vi trælebrende,
men samla ei sigersmakt.

Dykkar er dette landet
jorda med korn og skog.
Sveittande småfolk vann det
med heimesmidd øks og plog.
Rovgriske menn tok det frå dei,
livsviljen trælebatt,
såmenn i dag: gå på dei,
landet ditt, ta det att !

Til den norske landarbeidar
av Jakob Sande.
- S. 163 I: Krossen og sleggja :
Dikt i utval 1929-1939.
- Oslo : Gyldendal , 1939

Lokalisert i norske bibliotek gjennom

Samkatalogen for bøker-
SAMBOK
Nasjonalbiblioteket

I flere samlinger gjennom:
Diktbasen / Deichmanske Bibliotek


og samme nok en gang

1