Krossen og Slegga



Du som til vinst for andre
for-førd som eit blinda dyr,
lyt krøkt under vandre
i trældommens seige myr,
du som all livsens lukke
lyt nedtrødd i søyla sjå,
og utan ein gong å mukke
let tuktarens vilje rå:

Ser du den jordgrå bylgje
av duvande kross ved kross?
Eit villfare jammersfylgje
der kvar er ein del av oss.
Ser du den nakne planken
som tyngjer din bror i kne,
og kjenner du reisingstanken
som ligg i det tunge tre?

Trugande likt ei slegge
ris det mot himmelrand:
hammar og skaft har begge
og sjølv har du arm og hand.
Armods- og vanmaktsmerket
med trældommens blodsegl på,
reis det for fridomsverket:
lyft krossen av herda og slå!

Jakob Sande
I: Krossen og slegga,
1939.




1