60 år sidan Den raude hær sigra ved Stalingrad.



Den 20. august 1942 stod tyske avdelingar framføre Stalingrad. Stalin sende ut ein dagsordre der han sa: Hald stand, koste kva det koste vil. Tilbaketoget er slutt.


Av Olav H. Aarrestad



Den Raude Hær førte fram alle disponible forsterkingar og budde seg på å halda stand. Tyskarane hadde fått store troppemassar over Don og grupperte seg mot nord, aust og sør for å kringsetja byen. 2. september nådde dei Volga like nord for Stalingrad, og 11. sept. var dei på breidda av Volga sør for byen. Stalingrad er langstrakt og smal, forsvarane måtte slåst på ei strekkje på 40 km. Med forstader hadde byen om lag 700 000 ibuarar.

11. september trengde tyskarane seg inn inn i dei ytste forstadene, 13. september nådde dei dei sørlege under så heftige kampar at verda ikkje hadde opplevd noko liknande. Tyskarane lukkast kløyva byen i to ved ei 1 ½ km kile mellom nordlege og sørlege bydel.

26. september melde tyskarane at dei hadde kontrollen over den søre delen. Kampane raste vidare i den nordlege. 2. oktober storma tyskarane den vestlege forstaden Orlovska og kringsette fabrikken Dsjersjinski. General Rodintsjev leidde forsvaret av dette enorme fabrikkanlegget og gjorde ein heltemodig innsats saman med sine menn. Beleiringa varde i 13 dagar. Tyskarane sette inn 25 000 mann og 100 tanks. Då dei inntok fabrikken, hadde kvar einaste forsvarar gjevi sitt liv.

20. oktober bombarderte tyskarane tyskarane fabrikken Raude Oktober, tusenvis av tyskarar storma fram, men lukkast berre ta halve fabrikken. Den 19. november byrja sovjethæren ein offensiv og hadde fått fram så store forsterkingar og ressursar at dei kunne gå på med stor kraft.

Den 23. november var dei tyske styrkane i Stalingrad innringa, og snart var alle forsyningslinene deira skorne over. Hitler gav ordre om at Stalingrad skulle haldast, det kom ikkje på tale å slå seg igjennom. Alle forsyningar måtte koma luftvegen, og dei tyske flya tok 47 000 såra med seg tilbake. 30 tyske generalar var med i staben for dei innringa styrkane.

Under 67 dagar var Stalingrad igjen eit helvete, byen var ein ruinhaug. 23. januar kom det siste tyske flyet med forsyningar. Fot for fot trengde sovjetsoldatane fram. Igjen stod kampar kring Dsjersjinski - komplekset.

Tyskarane siste haldepunkt var GPU-bygningane midt i byen. Den 31. januar kl. 3 om morgonen gav dei opp. Sovjetsoldatane hadde tatt 91 000 tyske fangar, 57 000 var falne. Sovjetfolket hadde hatt minst like store tap, men det var tap som det var meining i; Sovjetunionen hadde gjevi inntrengaren eit nederlag som representerte ein avgjerande snunad i krigen.

Frå no var tyskarane komne på vikande front, det var berre eit spørsmål om tid før dei måtte kapitulera definitivt på alle frontar. Sovjetfolket hadde tatt støyten og synt for all verda at det hadde noko å forsvara.

Til alle tider vil slaget om Stalingrad stå som det største i soga om den 2. verdskrigen, som tallause prov på heltemod av eit slag som er utenkjande for dagens NATO-soldatar.


Nokre ”historikarar” har freista sverta innsatsen til Den Raude Hær ved Stalingrad, det skal dei ikkje lukkast med. Til alt hell ser det ut til at jamvel i dagens kontrarevolusjonære Russland vert minnet om Stalingrad haldi høgt i hevd.

Det finst enno veteranar frå slaget i live, deira høgste ønske er at byen skal få att det namnet som gjorde han kjend over heile verda. Minnet om sovjetfolket sin utrulege innsats og oppofring i denne heltebyen vil lysa i alle framtid.

I: Friheten
7. februar 2003-nr. 6.


The white rose of Stalingrad.
her

Om den store fedrelandskrigen.
Les her.