Det lid mot kveld i hytta vår

Det lid mot kveld i hytta vår
og stille skogen drøymer
med' fjelli høge, trauste står
og heile dalen gøymer
Når skuggar sig frå fjelli blå
og fossen susar langan' frå
me heile verdi gløymer

Frå peisen lyser elden raud.
Me sit på golv og pute
og høyrer segn om draug og daud
medan det myrknar ute
Me høyrer ljod og vare fet
Kva var det der som skreik og let
-kva skugge der mot rute?

Men otten døyvest i musikk
og vare draumar vaknar
og talen kverv til smil og nikk.
Ein ikkje ordi saknar.
Ja, kvelden gjeng så alt for fort.
Men um vi snart lyt draga burt
so aldri minna blaknar.



Inger Johanne Halsør
1927-08-06
Aldalen i Volda ,dikt i hytteboka til familien Kårstad

kjelde: Inger Hagerup på nynorsk / av Tulla Hagström.- S. 38
I: Voldaminne : årsskrift / Volda sogelag - Volda mållag.- 2005
Notar: Av innholdet: Dikt i hytteboka fra Kårstad-familiens hytte i Aldalen
(Volda), skrevet av Inger Johanne Halsør 1927-08-06

http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=052207048&kid=biblio