Minneartikkel om Nordahl Grieg.


I NKP´s avis "Alt for Norge"
mars 1944.


[av Torolv Solheim?]


Med Nordahl Grieg har norsk kulturliv og politikk misst ein av sine ypperste personlegdomar. Nordahl Griegs liv som kunstnar gir oss ei kunstnarutvikling av dei mest sjeldsynte. I all sin produksjon var han livsnær og aktiv. Alt han skreiv bar preg av hans kjærleik til livet, det som hadde livsens rett, - det som var vegen fram.

Derfor er diktinga hans så gjennomlevd intens, på same tid var og stormande, - som livet er vart, men stormande i kampen for livsretten.

Sjølve tittelen på bøkene til Nordahl Grieg og artiklane han skreiv i tidsskriftet "Veien frem", som han ga ut, bær preg av denne intense livsutfalding og hans aktive livssyn. Han er den aktive kunstnar som vil omforme og gjere livet vakrare og førebu det som skal verte. Derfor var han med overalt i verda der kampen for fridom til livsbryting og livsutvikling i samfunnslivet gjekk for seg. Nordahl Grieg var som sjølve pulsslaget i den tida han levde med i.

I Sovjetsamveldet møtte Nordahl Grieg den nye ungdomen som hadde vakse opp i eit sosialistisk samfunn. I den såg han berginga for menneska mot det nazistiske voldstyranni. I "Ung må verden ennå være" møter vi denne ungdomen full av tru og tryggleik på den kampen han fører for sitt sosialistiske fedreland og for heile menneskeslekta, Vi møter og dissenterane, kapitulantane som i sin egoinnstilling ender i svik mot dei sosialistiske ideala. I skildringa frå Spania møter vi i same boka, Nordahl Griegs tru på framtida bygd på solidariteten hos arbeidarklassen, hans kritikk mot veikskapen og den som sveik i kampen for fridomen.

I tida framfor siste verdskrigen, då skuggane av nazismen hang truande over Europa, vaks det fram ein ny generasjon av sosialistiske diktarar som var sterkt påvirka av den sosialistiske oppbygginga i Sovjet og kulturlivet der og reisinga av folkefronten mot reaksjonen i Frankrike og Spania.
Det er namn som Ehrenburg, Malraux, Aragon, Steinbeck, Nordahl Grieg m.fl.
Lidinga hos dei undertrykte, sosialimens idear, kommunistane sin aktivitet vert skildra tankeklart og med følsom varme, kjærleiken til arbeidet, til fedrelandet, til menneskeslekta, ideane om fridomen, openberringa, vona om det som skal verte, - smelta saman med medvetet om den naudsynlege handling - sosialismens filosofi som ikkje berre vil forklare den verkelege verda, men endre ho.

Nordahl Grieg vart i den norske litteraturen ein aktiv kunstnar som med klarsyn og varme tolka tidstankar og ideear slik at han skapte åndsliv.

Nordahl Grieg var analytikar i sitt arbeid, medveten politikar i sin kunst, samstundes som kjensle og form viser oss kunstnaren fram for nokon. Samfunnsspørsmåla kjem oss ikkje i møte som replikkveksling mellom personane i diktinga hans, men vi møter dei som representantar for klassane i det samfunnet som er. Det er ikkje forfattaren som talar til oss gjennom personane, men personane sjølv tekne ut frå livet og som talar til oss frå sitt miljø, sin klasse.

Det var det som gjorde Nordahl Griegs spelestykke så levande, så aktuelle og virkningsfulle. Publikum, utan omsyn til såkalla kunstnerisk nivå, vart ikkje tyngd med vanskane å forstå det som vart sagt, djupna hos forfattaren som det heiter.

Dei såg samfunnet dei levde i, på scenen; dei kjende røysta, orda til dei som tala, frå gata, frå sjølivet og sjømannsheimane, frå fabrikkane, frå lagslivet.Men appellen frå forfattaren vanta aldri, og den vart alltid forstått.

Dette gjorde at den sosialistiske kulturverda her heime såg med stor optimisme fram til Nordahl Griegs vidare utvikling. Ingen har vi venta på skulle tale til oss etter denne krigen som Nordahl Grieg.

I Nordahl Grieg på utefronten og Viggo Hansteen på heimefronten har det sosialistiske Norge misst to av sine mest strålande personlegdomar i det radikale åndslivet. Arven er tung å ta opp etter dei, men tusen av heltar i fridomskampen heime og ute gir oss tryggleik for at den unge slekta på framstegsvegen vil makte å fullføre det desse to gav livet sitt for.

Vi veit så lite om Nordahl Griegs arbeid som forfattar i den tida han har vore ute. Vi veit berre at der våre sjøfolk kjempa, der soldatane var, der kampen for fridom gjekk for seg, var Nordahl Grieg for å yte sitt, for å lære å kjenne folket sitt og den kampen det førte. Denne innstilling - å vere med der kampen gjekk for seg - førte Nordahl Grieg i døden for den saka han kjempa for og det han skulle dikte om for oss og komande generasjonar.

Vi veit at Nordahl grieg i all si ferd, i all si dikting og arbeid, har utført sin dirrande åndsinnsats for menneska gjennom sin innsats for det folket han høyrde til og som han elska over alt.

Norge i våre hjerter - song han som vaknande diktar. Ung må verden ennu være, forkynnte han som mogen kunstnar. Nordahl Grieg gav livet sitt for det dette inneheld. Her har han og gitt mottoet for den unge slekta.



Nordahl Grieg : minneartikkel / [av Torolv Solheim]
I: Alt for Norge : organ for Den nasjonale front.
[Oslo / Skriulægret] : Sentralkomiteen for Det kommunistiske parti.

Illegal avis fra 2. verdenskrig. Trykt. Utgitt i perioden 1942-1944.


Gjeve att som: Nordahl Grieg. - S. 107-109
I: Fossegrimen : emne frå samfunnsliv, historie og litteratur. - Årg. 2, hf. 3/4 (1955)