Åsta Holth


TORE


Det var ingen som hadde so mange vener som Tore. Og ingen var so åleine! Sume tider tenkte ho som so: Kunde eg berre byte dei alle! For ein einaste som var min og som åtte meg!

Enno hadde ho aldri råka den eine. Alle likte henne, alle sette pris på kameratskapet hennar, den greide måten ho snakka på, ærlegheita som lyste ut av henne. Men ingen brydde seg um det hjarta som var under alt dette , og som lengta etter noko meir enn tamt venskap.

Tore var stor og verka litt kantet. Ho hadde aksler som ein kar. Andlitet var sterkt med litt innhole kjakar. Håret var ljost gyllent, det same var dei lange augnevippene som aldri hadde kjend sverte. Ljost - reint -, det var det fyrste inntrykket ein fekk når ein såg Tore. Ho lukta av utetørka lintøi og god såpe. Gutane kalla henne "kompis" og gjentorne trudde seg til henne med alle sine gleder og sorger og små hjartesår. Og Tore var klok og god og skynsam. Men ingen spurte etter hennar gleder og sorger. Og at ho og hadde eit hjarta, det fall då aldri nokon inn å tenke på. Og likevel svalt dette hjarta etter kjærleik - som gjentehjarta flest.

Det er med skaparen som med sume store kunstnarar. Dei kan laga eit meisterverk som ingen legg merke til fordi dei ikkje forstår det. Noko slikt var det med Tore. Ingen såg det vene med henne, for det var av eit anna slag enn det vanlege. Det var ikkje understreka og utfyld av det mjuke, dårande, kvinnelege. Ingen tenkte på at akslane hennar var snøkvite med smilehol i under arbeidsskjorta. Og ingen annan enn skaparen gledde seg over det mjuke muskelspelet i dei sterke armane hennar når ho arbeidde i drivhuset.

Det var likevel ein som såg på henne som kvinne ein dag. Det var den nye kontormannen ved gartneriet. Det blinket som han fekk frå auga hennar hadde ingen mann fått frå henne før. Men han forstod at dette strålande, nesten kjærlege, ikkje gjaldt han, men den praktfulle monaco´en ho nett lyfte auga fra. Det vara berre ei ørkita stund. Men han hadde sett henne. Sett at ho var noko anna og meir enn berre styrke og kløkt kledd i arbeidsskjorte og dongryoverall. Og då han fyrst hadde sett sopass, då såg han at håret hennar lyste og at midja hennar var eventyrleg smal i det breide lærbeltet.

- Ein nydeleg blom, den der! sa han.
- Chrysantemum er vi heldig med i år, svara ho. Og serleg Monaco -. Fingertuppane hennar rørde lett ved den veldige gule blomekrona. Han tenkte at ho hadde uvanleg fine hender til gartnar å vera. Men ho stod ikkje lenge stille for å lata ein mann glane på seg Ho hadde tusen blomebarn å røkte. Og han gjekk ut - og gløymde henne for den gongen.

------

Hav av chrysantemum - myrkgrøn sjø med kvite, gule, ljoslila, raude og bronsefarga skumtoppar. Skog av primula og cinneraria. Rosor på geledd. Cyclamen periskum med farge som snø og kveldsskyer. Uppi alt dette Tore med gullhår og blåbukse. Dette var hennar verd. Ei angande og fargerik verd. Her hadde andletet hennar det uttrykket det skulde ha: venleg og blidt. Ho elska desse blomane. Ho hadde fylgd dei frå det chrysantemumen var små stiklingar som ho sjøl hadde skore og planta i kasser. Ho hadde prikla og potta dei, potta dei um og potta det ut, pinsera og pussa og bunne dei upp. Ho hadde sådd cyklamenfrøet, fylgd det frå dag til dag, frygda seg over kvart nytt blad som vaks upp frå den vesle kulerunde rotknollen, kvart nytt sylvbrokademynster som brodera seg ut på blada, kvar ny blomeknopp som tøygde seg upp på fine svanehalser, kvar ferdig blome som folda vengerne ut, til det var som svermar av ljose fivreld sveiv over det grøne.

Her i gartneriet hadde ho byrja soµ tiåring, med å plukke ugrås i frilandsgartneriet og drivbenkane. No var ho øverstekommanderande i drivhusa. Tore kunde ikkje laga eit mål mat eller brodere ei sofapute. Men ho kunne potte tretti fuksia i timen og visste kor mange varmegrader det nysådde gloxsiniafrøet skulde ha under glaset, og korleis ein kunde få hortensiaen til å bera kvite, raude eller blå blomor. Ho visste på ein prikk korleis jorda måtte settas ihop til azalea, rosor, gladiolus, pelargonium. Verda utanfor glassveggane brydde ho seg ikkje um. Det er ei turr og fargelaus verd der kvinnorne gikk i kjoler og hadde visne musklar. Tore likte best å gå i dongry. I arbeidsskjorte gjorde det ingen ting at akslene var litt maskuline, og overallen gav henne lov til å gå som ein mann -
Med heile beinet frå hofte og ned.

Like rank og ljos som ho var av skapnad på sjela. Bestefaren som ho hadde vakse upp hos hadde ikkje hatt tid til å hefte seg so mykje med henne, og tjenestegjenta var glad ho slapp. Soleis hadde ho ikkje vorte utsett for nidkjær foreldrekjærleik, hadde aldri vorte straffa og aldri mått lære å ljuge. Ho vaks upp med dyra på det vesle småbruket såg dei para seg og fødde og hadde ikkje aning um at det var skamfullt eller stygt. Ho hadde inga komplekser frå ein forfeila barndom å drage på.

Utanfor glassveggen - der var ho einsam. Der gikk dei to og to, der gikk unge mødrer og skauv barnevogner. Der dansa dei. Tore kunde ikkje danse. Ikkje kunde ho flirte heller. Ho var open som ei bok, og mannen har no eingong fått det i seg at kvinna skal vere ei gåte og eit mysterium. Det var heller ikkje nokon som fekk seg til å flirte med henne. Det gjekk ikkje an å tulle og vera morosam eller koma med smiger upp i dei opne auga hennar. Og likevel - kor gjerne vilde ho ikkje klemmes og kjæles for - ho som andre. Men det vart berre kameratsleg klapp og slag i ryggen og velmeinte håndtrykk. - Du er jævli greid. Um alle kvinner var om deg! sa mennene. Og fann seg venninnor som var det motsatte av henne.

-------

Um ho var lik deg! sa den unge frilandsgartnaren. Han hadde trudd seg til Tore, og Tore hadde muntra han upp og gitt han nokre gode råd og vink. Det var ei av gjentorne i pakkehuset det gjaldt. Ho var so god ven med Tore. Tore måtte då vita kva ho meinte med det og det og kvifor ho var slik og slik. Og Tore var skynsam og kameratsleg. Men ho kjende et bittelite stikk i hjarta. Ikkje fordi ho brydde seg um gartnaren, men fordi alle fann kvarandre og ingen fann henne. Um ho var lik deg, sa han. Jaja, men han hadde vald henne slik ho var.

- Kvifor valde du henne då når du vil gjera henne til meg?

Han kremta og vart raud og gikk. Stakkars gut, ho skulde visst ikkje tala slik. Men det var so rart, stødt kom dei til henne og klaga seg. Stødt fortalde dei kor greid og "renhårig" ho var. Men ingen hadde bruk for henne på annan måte. Ho vart ståande betenkt med ein bleikraud fuksiablom kvilande mot handflata si. Slik stod ho då han i frå kontoret kom.

Det reine og ranke ved henne tok han. Ho stod og fingra med fuksiaen med ho snakka med han. Kneip bort eit villskot ved rota, og eit par sjuke blad. - alt var som små kjærteikn av hendene hennar. Han kunde ikkje dy seg, han laut ta burt i henne. Av ein eller annan grunn vart ho raud, og auga hennar var ikkje fullt så sikre som vanleg. Men han såg på fuksiaen og ikkje på henne, og det var ho takksom for.

- Dei likner små lamper, sa han og rørde ved dei nikkande blomane. Begerblada bøygde seg kokett upp og synte dei fine kronblada som likna eit bittelite klokkeskjørt. Og nedanfor alt dingla dei tunne støvtråderne, bleikraude med grå støvknappar.

- Ja, er dei ikkje nydelege? Kom, skal De få sjå dei andre, blå og kvite -. Eg tykkjer dei enkle er finare enn dei dobbelte - -.

Hun snakka iveg um blomor og blomeartar med dei gikk innover. Ho såg berre blomane, han såg berre henne.

Syn meg rosorne! bad han og skauv henne blidt føre seg. Slik hadde ho aldri kjend hendene åt ein mann før. Det vaks eit sårt, meiningslaust ønske upp i henne: - Um å gå slik stødt - innover uendelege skogar av blomar - med hånda hans i ryggen - -.

- Ho er som ei rose millom alle roserne, tenkte han, - ei stor urørd rose -.

Det var slik det byrja. Snart kunde han ikkje lata vere å tenkje på henne. Korleis tru ho vilde ta seg ut i kjole, istaden for denne evindelege overallen som gjorde henne flatbrysta og utilnærmeleg.

Han var trulova med venaste gjenta i byen, so han kunde ikkje tilstå for seg sjøl at han brydde seg um Tore. Med henne var det anleis. Det hadde aldri kome ei lygn over dei strålande tennene hennar. Ho freista ikkje å ljuge for seg sjøl heller.

Det vart vår. Tulipaner og narcisser dominera i drivhusa. Tore gikk med oppbretta skjorteermer over snøkvite armer og var ljosare enn nokon gong. No lyste auga hennar når såg han, slik som ho såg ei ven plante før.

Venaste gjenta i byen hadde vorte frue. Tore hadde syrgd litt i smug, men nøygde seg med det som vart tilovers til henne. Ho hadde verkeleg ikkje tid til å sture. Hadde vel i grunnen ikkje orsak til det heller. Såg ho han ikkje kvar dag? Kjende ho ikkje hendene hans kvar dag? Bøygde de seg kanskje ikkje over frøkasserne kvar dag, kinn mot kinn? Det var som det skulde so vera alt saman. Ho raudna ikkje lenger når han kyste henne. Og hennar blomerike innan glasveggene var meir angande og overdådig enn nokon gong. Nei, det var ingen grunn til å stre.
Han hadde for lenge sidan oppdaga at ho hadde kvinnebryster under overallen og eit heitt hjarta under brystene. Det nytta ikkje å nekta det lenger. Han kunde ikkje undvera henne - her i gartneriet. Likeso lite som han kunde undvera kona si heime.

Dei stod saman over ein ny tulipan.
- Det er min tulipan! sa Tore.

Eg har høyrd meg fram i mange år for å få ein reinare blåfarge på Coplandtulipanen. Dei vil gjerne vera grålege, veit du. Men sjå på den! Det er jorda som gjer det. Og temparaturen i lufta. Han skal bli klarare enno. Eg studerer kjemi no. Ein dag skal presentere ein Copland som skal få gartnarane til å hikste etter ver!

Han så teken på henne: So strålande ven kunde ho vera!
- Arne! kalla ein klokkerein kvinnerøyst burti døra.
- Eg kjem straks. Marie. Vent på meg på kontoret-.
Ver snar då, Arne. Uff so våt og varm lufta er her inne! Eg er redd du ikkje har godt av denne dampen.

Dei to kvinnorne såg litt på kvarandre. Tore fann at Marie var eit lite null, og Marie fann at denne store gutegjenta derinne var ingen konkurrent. Ho kysste fingeren til Arne og gikk.
- Eg skal få sjefen til å legge på løna di - det har du ærleg fortent! sa Arne og klemde armen åt Tore før han gikk etter kona si. Tore stod att med eit virvar av nye vonde tankar bak den klåre panna si. So - det var kona åt Borgen. Arne. Tore hadde aldri sagt Arne. Ho kjende han som Borgen, det var det namnet ho var glad i. So kunde han vera Arne for den andre. Sjølsagt var den andre vakker og mjuk og alfelett. Sjølsagt heitte ho noko so hyperkvinneleg som Marie. Tore - det kunde like gjerne vera eit mannsnamn. Og Marie hadde myrke fine bryn og vipper, truleg var hendene hennar kvite som snø og mjuke som silke. Og truleg var ho lunefull og kjærleg og hjelpelaus og moderleg. Å - Tore visste det nok: Ho sjøl var for sterk og for kantet. Ho kunde ikkje med å vera forførerisk og umsorgsfull. Ho tykte det var til å le av når kvinnorne spurde mennene sine: - Du frys vel ikkje? Du arbeider vel ikkje for hardt? Du går vel og er våt på føterne? Ho visste nok at mennene likte det, men ho fekk seg ikkje til slikt.

- Ho skal eige Borgen! tenkte Tore. Eg vil ikkje ho skal ha han. Ho har ikkje meir rett til han fordi um ho råka han før meg. Ho er for overfladisk til å vera glad i han. Og eg - eg kan døy for ham um det er gagn i det!

Ho vart meir kræsen med klea sine enn før. Ho fann seg i fotside kjoler og høghæla sko, - til og pudder og litt feitt på augnebryna når ho var ute med han. For det hende at han bad henne med seg ut av og til når kona var burte. Sumetider tenkte ho: Æsj - gjera seg til slik for å slå ut ei anna kvinne! Men so forsvara ho seg: Eg er glad i han. Det er ei ærleg sak. Han er den fyrste og truleg den siste. Eg treng vel ikkje lide fordi han har gift seg med eit vakkert null!

Og Arne vart meir bunden til henne etter som tida gikk. Tore var noko nytt. Noko heilt anleis enn alle andre. Endå ho ikkje kunde vera elskarinne. Ho hadde ein turr og upersonleg måte å ta i han på. Ho tok um hovudet eller hendene hans på same måten som ho vilde ha teke i ei blomsterpotte eller ein annen daud ting. Og endå hadde han sett hor heilt anleis kjærleg desse same hendene kunde røre ved ein blom. Han lo av henne sume tider.

- Korleis vilde det vera um du hadde barn? Vilde du handtere det slik som du gjer med meg? Som um det var ein stein eller ei blomsterpotte?

- Gjer eg det med deg?
Ho såg stort og tankefullt på han.

- Barn? Nei barn er som store blomar, dei. Skal eg handtere deg som ein blom? Ho riste alvorleg på hovudet. Ho greidde ikkje å få til slikt!

- Raringen! sa han.

Ho kunde segja so mykje rart.
- Veit du kva eg trur Borgen? At når noko er vondt nok so vil det kjennes godt, på ein måte.

Korleis kan du koma på slikt?
Jo, for når noko er rektig godt, so er det so godt at det gjer vondt. Eg er so glad i deg, til dømes, at det gjer vondt i meg. Um du stakk ein kniv rett i hjarte mitt - no når eg ligg slik - so trur eg at det vilde gjera so vondt at det gjorde godt. Det er som med varmt og kaldt, ein veit ikkje når det eine slutter og det andre tek til -.

Kva skal ein mann svara på slikt, - anna enn å kysse munnen som talar? - Men det var som ho sa. Når fingrane hans kjærteikna huden hennar, so var det så godt at ho vilde ikkje halda det ut, ho fekk hug til å gråte og sparke han frå seg!

Det var noko som klemde Arne Borgen um dagen. Tore såg det på han, men når ho freista å få noko ut av han so vreid han det berre burt. Ho trudde det var hennar skuld. Det tok vel på nervene hans å dele seg mellom to kvinnor. Best å dra seg undan - endå det vilde vera som å døy. So fekk ho kjenne om det var sant - det med kniven i hjarta.

Spør meg ikkje! sa Arne ein dag. Han var meir nedfor enn vanleg - Du får snart vita det. Han smilte sårt og skakt. Tore la hendene på akslene hans. Kven får vita det fyrst? spurde ho hardt. Ho eller eg?

Han smilte ikkje lenger. Ho? Ånei. Slikt segjer ein ikkje til henne. Det går rett og slett ikkje an. - Går det an å segja det til meg? - Tore du er so stor - i all di ferd - du vil skyne - ? - Seg det Borgen! Ingen av dei merka at ho tok i han på ein ny måte - nesten som um han var ein blom eller eit barn. - So kom det då. At han hadde gjort underslag. Det var den gamle soga: Fyrst eit lite lån som han meinte å dekke fort og fint, men som vart til snøballen som rulla og rulla -. Eg ser ingen veg ut av det-. Det var ikkje "kniven i hjarta" - det gjorde berre vondt. Å halde han inn til seg som for å skjerme han mot all verda - det gjorde vondt det og.

Overgi seg utan kamp. det var ikkje anna å gjere for Arne Borgen. Han hadde rota seg upp i spekulasjoner. Det kunde ha gått vel, men det gikk altså gale. - Eg er glad det er over no. det har leita på-. Han var trøytt i målet. Auga hans var litt raude av for lite svevn. Dette var siste gongewn han var på dette kontoret.- Eg får altså eit lite, "sanatorieupphald". Tilgi meg, Marie - eg-. Og du, Tore. Du får ha takk for alt-. Han stod midt millom dei to kvinnorne og studde seg til kontorbordet. Kana hans var raud i andlitet. Tore var kvit. - Korleis kunde du finne på sliklt, Arne? Og so dra meg med deg i skamma. Det står um deg i alle aviser. Eg kan ikkje syne meg for folk! Eg reiser heim att - til mor og far! - Gjer det Marie. Til eg kjem att-. - For allltid! du venter vel ikkje eg skal halde fast på deg all min dag - etter dette? Han vart endå bleikare. Ho vreid seg undan hendene hans som tok etter henne. - Du har gjort meg so vondt, Arne - at eg måtte vera meir enn eit menneskje skulde eg greide å bera over med det. Ho gret då ho gikk. - Å so godt som vi kunde ha hatt det, Arne! Han stirde på døra som stengde seg etter henne. So sette han seg på stolen. Tore steig burttil og sette seg på bordkanten. Kva skulde ho gjera for han? Det var Marie auga han hang ved. Det var berre Marie no. Han studde panna mot kneet hennar. - Ho gikk, Tore. - Eg skal dit inn, - frå alt her, blomane - og dit! Og ho venter ikkje på meg når eg kjem att-. Med eitt reiste han seg. Eg har ikkje fortent det! Eg er vel ingen røvar! Eg har aldri gjort nokon vondt med vilje. Ikkje er eg uærleg heller. Eg er ikkje det, kva du segjer! Og so skal eg i bur som eit anna dyr. Han seig ned att. - Det er henne du er glad i, sa Tore lågt. - Ja, - det er visst det, likevel, tore - no må ikkje du og bli galen på meg. Eg veit ikkje korleis det har seg - men eg er glad i dykk båe - eg vilde ha dykk båe. Og slikt går ikkje an, kanskje. Men du er so greid - og sjølhjelpen. Marie, stakkar - ho - Han klemde fingrane hennar so ho beit seg i lippa for ikkje å jamre. - Duskyner - ho skal ha eit barn, Tore. No, tenkte Tore, - no døyr eg. No sit kniven der. Ho jamra litt og dro hånda til seg.- Du knuser fingrane mine, trur du ikkje eg har kjensle i dei, kanskje? - Å - gjorde det so vondt? Ho rista litt i hånda og lo. - Neidå, det er ikkje noko å bry seg um. So tok ho han um kinna med båe hendene og snudde andlitet hans hardhendt upp mot seg. Du skal ikkje ta deg nær av det kona di sa. Ho var uppløstog såra. Ver sikker, ho er like glad i deg - og ho kjem til å vente på deg. Alt blir som før. Det lyste upp i auga hans. - Trur du det Tore? Eller trøyster du meg berre? - Eg veit det. Eg kjenner nok medsystrene mine, du! Ho snakka so muntert, og ho var so ljos og vakker at han laut reise seg og ta henne inntil seg. Du er den beste kameraten eg har hatt! sa han varmt. Du er av gull heile gjenta - til og med augnehåra --Ho skauv han hardt i frå seg. Å Gud - kvifor fans det ikkje ei verd av berre kvinnor! Arbeid og blomor - og ingen mann til å støre hjartefreden! - Eg må gå no, Borgen. Takk for hittil. Og so må du vera kjekk gut og ikkje la deg knuse reint av dette. Ho snudde seg i døra og smilte: - Når du kjem ut att, so skal du få ein jobb i gartneriet mitt, altso! Morning! So hadde ho fått han til å smile. Det var ikkje lite berre det. Ho vilde ta med seg det smilet - gjenom den lange einsemda som vilde koma.

Marie Borgen vart ikkje lite undren då Tore kom på vitjing. Ho let henne inn, ga henne plass i sofaen. Tore såg kaldt på henne. Dette vesle nullet skulde ho hjelpe attende i armane åt Arne Borgen. Det var ikkje lett å finne seg i det. - Eg vilde berre helse frå mannen Dykkar, sa Tore og drog av seg hanskane. - Har han send Dykk? Tore møtte kaldt dei mistruiske auga åt Marie. - Nei. Han veit ingen ting um dette. - Eg haar ikkje noko med kva De bestemmer Dykk til, fru Borgen. Men for hans skuld -
Har det vore noko millom mannen min og Dykk? Det og, attpå alt? det loga i auga åt Marie. - Styr Dykk litt, sa Tore. Og høyr på meg. Eg veit at Borgen er glad i Dykk. de såra han umenneskjeleg med det De sa. Vil De ikkje gjera det godt att? Skrive til han? - Det er ikkje han som har såra meeg, vel? - So godt vi kunde ha hatt det - og so skulde dette koma-.

No gret den vesle vene skapningen, og Tore vart mild. Ho var so lita - og vakker til og med når ho gret. Sume kvinnor er vene når dei gret. Tore høyrde ikkje til dei. Men ho kunde godt tenke seg at Marie kunde gjera ved ein mann berre med eit par blanke tårer. Og midja hennar synte sovidt at ho bar ein liten menneskjeknopp inni seg. Tore bøygde seg over henne. - De kan få det godt enno - . - Eg kan ikkje tilgi han, nei det kan eg ikkkje!
Tore smilte litt hædande. - Eg kjenner ein mann som heiter Nietzsche, - kjenner Dykk han? Skal eg sitere han litt for Dykk? Marie såg dumt spyrjande på henne gjenom tårerne. Men Tore sa ikkje noko på ei stund. Det flaug nokre setningar gjennom hovudet hennar - som ho ikkje kunde segja høgt for Marie, men som Marie kunde ha hatt godt av å høre: "- - Dei segjer ekteskapa deira er stifta i himmelen. no ja, eg tykkjer ikkje um denne himmelen åt dei overflødige. - Aktverdig fann eg denne mannen - men då eg såg kona hans, då tyktes jorda full av galne. - Han leita som ein helt etter sanning. So vann han ei lita pynta lygn - den kalla han sitt ekteskap!" - Har De høyrt eller lese desse orda, fru Borgen? "Ein gong skal de elska ut over dykk sjølv. So lær då fyrst å elska!" - Eg veit ikkje kva De meiner - og eg veit ikkje kvifor De kjem her -
- Eg sa istad at det var for hans skuld. de skal vita det - eg kan ta mannen Dykkar Frå Dykk kva tid eg vil! Skal eg gjera det?
Marie gret på nytt.
Slutt å gråte no. Tenk over kva De bør gjera. Vil De det skal koma ei tid då han gir slike gåvor til ei anna kvinne - til meg? Ho peika på armbåndet um håndleden åt den unge frua.
- Det halskjedet har De visst og fått av han - ikkje sandt? - Jo, hiksta Marie.
Han gav so vene ting til meg stødt. Han var so snild - og - Ho gret endå verrew. Tore sette seg og la armen um dei spinkle akslene.
Vil De ikkje at den tida skal koma att? Fpr den kan koma att, um De vil - um De er glad nok i han enno. De skriv til han, ikkje sant? Ellers gjer eg det! Vil De at eg skal fylle cella hans med bloma?

- Nei, eg skal gjera det -
Marie kviskra berre. So såg ho upp på Tore. - Men kvifor gjer De dette? Kvifor vil De so gjerne eg skal vera glad i han? Tore stod stor og rank og smilte. No var ho so stolt og ljos at vesle Marie stirde seg blind på henne.
Fordi eg er gladare i han enn De nokon gong kjem til å bli! Eg har sett at det er Dykk han elskar. Dette er det einaste eg kan gjere for han. Eg har ikkje tenkt å svike han - ikkje eit minutt!
De gjer meg so skamfull, kviskra Marie. De er mykje betre enn eg. De er for god for denne verda - for god for alle menn! Ho hadde teke Tore um halsen.
- De må ikkje vera sint på meg. Eg er so takksam. Kom hit av og til - eg blir so åleine. Åleine! tenkte Tore. Herregud - åleine - ingen visste kor åleine ho vilde vil. Ho takka, men tenkte at det vart nok ikkje av at ho gikk til Marie. Det var nok at kniven sat der, um ein ikkje skulde vrikke på han av og til.
Kva var godt og kva var vondt? var ho ulukkeleg eller lukkeleg?
Ho visste det ikkje sjøl, Tore. Ho sat med ei bok på knea heime hos seg sjøl. Fyrst hadde ho stridd for å vinne ein mann - frå kona hans. Sidan hadde ho stridd tyngre endå for å få kona attende til mannen. Det var idiotisk! Det var for låtterleg tragisk!

Eitt var iallefall sikkert, heretter laut ho arbeide hardere enn før. ho skulde ha sitt eige gartneri. Og ho skulde drive fram ein Copland som ingen hadde sett maken til. Det var uppgåvir nok i verda. Ein fekk sjå å greide seg utan kjærleiken. Den var for dei som hbadde kattemjuke kroppar, hender som kunde kjærteikne, og gåtefulle auga. Ho vart aldri anna eenn "kompis" - og det høvde ho visst best til. Den såre lengten inni seg, den gikk det kanskje an å arbeide ihel.

Den kom ikkje berre av sorg, den tåra som draup ned på orda av Nietzsche:
" - Var eg berre natt! Men det er mi einsemd, at eg umgjorda med ljos!"

Aasta Holth. "Tore".
I: Arbeidermagasinet nr. 5, 1937.