Fjørtoft
Anders Hovden



Stormen sin Son var du
Mor di ho heitte Have,
og Tungalda var Meiarne under di Vogga
Og du tok i Heiman-Arv
din heilage Harm,
din svimrande Djupleik
og eit Mod med Vengjefang som ørni.
Og sjølv var du ein Tore-Hause,
som steig opp yver Lande,
og ditt Lyn slo ned i den gamle Borg
Brandfolke fekk seg sitt Livsens Spreng,
men enno liver dine Glør i Oska


Uppe yver ditt kvervlande Sky-Velde
av Hugsyn og Harm
kvelvde seg din klaare Stjernehimmel av Forstand
i h�g, kaldblank Ro.
Sjodande Malm var din Hug
rennande seg saman i Støyping
til Klokka i vaart Tanke-Livs Tempel-Taarn.
Men ditt kvasse Vit vov som ein onnug Kingel
Straale-Not yver Norigs Skogholt av urydugt veksande Aands-Liv



Men vaare godkjende Aandskaksar flokka seg burande kring deg
som Stutarne um det raude Klædeplagg,
og Krøteri sanka Soll paa deg,
faavist glanande Augo ringa deg inne
og en Her av Horn.
Farisæarane stod langt burte
og kalla deg Tollarar og Syndarar sin Ven.


Men dei magta kje deg - Daa du seig ned,
so var det einast under di altfor store Bører
av Hundrad Foll ;
for du var rikaste Frukt-Grein,
men der var ingen som sette Stænd uppunder.


Di Evna var kvitglødande av Ihuge og Kjærleik;
men Elden laut nøra seg av ditt eige Blod,
og du brann ned i ein Ungdoms Grav.
Men or ditt bleikande Andlit
lyste Flogvite fram
og kasta som elektriske Lykter
lange Blenk inn yver Framtids Dimma.

***
Fjørtofts Bu?
Ei Veggtavla,
ein losliten Klædnad
og eit par gamle Bøker -
det er det heile.
Men lell kjem han, Ungdomen
furande med Noti
for aa berge Arv etter deg;
for det skvalar som ein Sturtregn i Sjøen
av glinsande Fisk, som spralar og sprett,
og det er vel eit Leven paa naskande Folk og Fugl,
Lufti braglar av sollande Maase, Terna og Tjuvjo.


Dei dilder Vinningi millom seg -
og der var nok aat alle dei,
som sidan hev bygt Lande
paa din og Wergelands Kjempehaugar

-------------------
Heider yver di gløymde Grav!
Enno er du som Kjelda under Jordi -
sjølv naar ho ikkje fram i Dagen,
men ho sillrar djupt nede om Livsrøterne,
ho gjer Jordbotnen lagleg for sterk Vokster -
der er det dei skyt upp, dei digre Eiketre,
som daskar Austanvinden under øyro.


Fraa eit Liv som ditt
er det dei stig, Eventyri,
som Solskyer or eit Morgon-Hav,
driv inn yver Ungdomen
og blæs dei Daadstrong i Barm,
so dei unge Mod stend som bredande, vindfyllte Segl
ut yver Blaahave
mot Livsens store Maal


Og heretter skal ditt Minne
vakna hjaa Ungdomen kvar Vaar.
naar dei brenn Jonsok-Baal paa dei høge Aasar.



Fjørtoft / Anders Hovden. S. 22-25
I: Tungalda / Anders Hovden.
Kristiania : Bigler, 1897



Lokalisert i norske bibliotek gjennom
Samkatalogen for bøker- SAMBOK
Nasjonalbiblioteket

I flere samlinger gjennom:
Diktbasen / Deichmanske Bibliotek