Internationale [om Karl Marx] / av Olaus Fjørtoft
Prøyseren Karl Marx e dæ, som hev grunda Internationale. Om han stend dæ i eit franskt bla:
Marx e fødd i Triers 1818. Ette han hadde slutta aa studere i Bonn og Berlin, vart han lærar på Høgskulen i Bonn i 1841. Aare ette ga han ut eit Bla i Køln. Men Styre forbau han aa skrive. Sia laut han fare fraa sitt Fedreland og strauk til Paris, og der slo han seg ihop mæ ein Fransmann og ga ut Bøker og Bla. Men dæ prøysiske Styre hadde Auo sine mæ han her mæ og kravde, at den urolege Mannen skulde visast ut or Frankrik au, og Ludvik Filip som daa styrde, gjorde dæ og. Marx for daa te belgien og vart der te 1848 og ga ut eit Bla, som heitte "Tysk Tidende". Ette Februarstormen fekk han koma att te Tyskland. Han ga seg no fyre i Køln og ga ut sitt gamle Bla, der han kjaure paa som fyrr og forsvara de, som hadde vore mæ i Junioprøre. I Mai 1849 vart dæ Oprør i Baden og Saksen og mange andre Staen i Tyskland, og Blae vart paa ny tekje fraa han. Marx rømde daa til Paris att og der ga dei han Vale millo aa verte sett fast elde utvist. Han valde daa aa fara fraa Frankrik, og so for han te London.
I London hev han butt alt sia 1850 mæ Kona si og tvo Døttre paa ei vakker Løkke uttafør Byen. Her va dæ han i 1864 gjorde Utkast te Logene fyr dæ store Samlag millo Arbeissmennene i alle Land, Internationale.
Karl Marx e ein svert trottig mann. Dæ e han, som driv Brevskjiftinga
mæ alle Hovedmenn fyr Internationale kring Lando, stend fyre Hovudutvale, skriv Opropa te Arbeissmennene og skriv te alle Arbeiarlag te aa faa dei te aa vera mæ
Internationale. Han hev gjitt utt fysste Hefte av eit Arbei, som heite:
Kapitalen, ei Gransking av dæ politiske Hushald. Men mæ dette arbeid vert han vel vant færig, naar han skal staa fyre dæ internationale Arbeie, som krev heilt ein Mann.
Internationale [om Karl Marx] / Olaus Fjørtoft
I: Fram. - (1871-10-28)
Gjeve att, m.a. ved:
Internationale. - S. 158
I: Olaus J. Fjørtoft : biografi og tekstar / Birger Risnes.
Oslo : Samlaget,
1985. - 197 s. : ill. (Vår nære fortid)
ISBN 82-521-2512-3