Internationale / Olaus Fjørtoft



Internationale e eit stort Arbeiarsamlag, som Folk utyve Lande vist hev haurt mykje gjiti. Dei seie mange ta han "Sant Ola" seie dei fyr eit gamalt Or og so e dæ nokk mæ Internationale mæ. I Blao skriv dei baae dæ dei veit og inkje veit om dæ som alt anna, og inkje e dæ noke no fyr Tia, so nær som Kommunen i Paris va, dei trur so mykje stygt om som dæ. Dæ eine Blae kjem kjøyrande ette dæ andre og fortel, at International vil bryte ne all Sedskap, plundre alle Rikmenn og live flust ta dæ Storkarane hev spara seg opp. So skal dei ha sett opp, at Fedrelanselsk e noke Vaas, og at Fedreland og Gud ska dæ inkje vera og at all gudeleg Tru ska vekk or Jora. Kor Folk hev dette fraa, ska eg la vera usagt, for eg veit dæ inkje. Idag ska me her prente av Logene fyr dette store Arbeiarlage, som hev samla seg te aa føre fram te Sanning dei gamle vituge og rimelege Krav , som baae Diktara og Presta og Tenkjara hev drøymt om te alle Tie. Arbeie hev sin Rett, og hev i Grunnen dæ fysste Krave i Live, og noke anna e dæ inkje Internationale vil. Sameleis som Kongane strende Land og Strand om før aa kjysse kvarandre og slaa seg ihop mot folk og Fristatsmenn te aa offre Liv og Mannablo, og sameleis som Vitskapsmennene kjem ihop og dryfte vitskaplege Emne paa ein skjikkeleg Maate, soleis e detta store Arbeiarsamlage og eit Møte av dygtege Arbeissfolk fraa alle Land, som veit meir hell aa mate seg og som høyre te dei, som dæ stend om i dæ Unges Forbund, at dei inkje berre fyr si eia Skuld, men og fyr andre. Dæ e Folk, som krev Friheit og Likheit og Brorskap i Live og inkje berre paa Papire, krev rett fyr Arbeie fysst og fremst og fyriut fyr Pengane og Stordomen, som Gud bære oss mangein Gong hev trampa Rett og fattigmann under Fot og fritt aat seg Einrett i Staten og Live. Men om detta seinare meir. Denna Gongen ska me berre prenta av Logene, so kan Folk sjøl døme om detta Lage, og so ska de faa sjaa noke som de og vist fyrr hev merkt og mangein Gong, at dæ e inkje truande alt som stend i Blao. I Utlande e dei, som hev ei daarleg Samvittigheit, rædd Arbeismannen, naar han vil ta te aa tenkje sjøl, difyr lyt dei sverte han. Her heime gjere Morrablae seg Nytte av dæ te aa sverte Sverdrup og andre Friheitsmenn. "Der ser de, kva dæ vil koma ette dæ, Sverdrup og Bjørnson og Jaabæk og Berner og Fristatsmennene preika, seie Morrablae. Ugudelegheit berre."


Logene fyr International

Arbeiarstanden maa sjøl arbeie te aa verte fri.
Men dette Arbeie e inkje noken Lagskamp om Einrett elde noke gamalt Kastestell, men ein Kamp fyr at alle Meniskje ska ha Rett te dei same Krav og ha dei same Skjylde, og at Standsskjilnaden ska døy ut i Live.

Grunnen te all Trældom, all Elendigheit, all aandeleg Kryping og Umyndigheit i Stat og Stell e dæ, at Arbeissmannen e Træl fyr dei store Pengemenn.

Difyr maa Arbeissmannen fysst og fremst løyse seg fraa detta Træle. Dæ maa vera dæ store Maale, som maa gaa fyriut fyr alle Røringa i dæ politiske Liv.

Men te dessa hev dæ gaatt smaatt mæ detta, for ein Arbeissmann hev inkje kjent seg som Bror aat hin, hev berre Handverke vore eit anna hell hass, og helde inkje støtt hev dæ vore Samhald nokk millo Arbeissfolk, som hadde dæ same Handverk eingong.

Men denna store Arbeissreisinga e inkje noke, som eig heime berre i ein By elde ei Bygd elde eit Land soleis at Brøre utenom skulde vera like sæl, kor dæ vert løyst der; men dæ e eit Spursmaal fyr alle Land og Rikje, som fylgje mæ dei nye Tankane i Heimen, og om dæ snart ska løysast e noke, som kvile paa dei Land, som e mest oplyst og seda.

Dæ maa gji go Von, at Arbeissreisinga e vekt att i Europa; men maa ta oss i Vare fyr aa gjera dei gamle Mistaka opp att og me maa skunda oss aa faa Greie og Tanke i Arbeie vaart, som te dessa hev vore tankelaust stellt mæ fraa fysst te sist.

Ette alt detta seie difyr Arbeiarmøte, som i Genf e samla, at dæ internationale Arbeiarsamlag held paa Sanning og Rettvise og Sedelighet som den tanken, som ska fylgje oss i Omgang mæ alle Folk, kva Hudfarge og Blo elde Tru dei so hev.
*)

Møte held dæ fyr sin Pligt aa krevja Borgar- og Mannarett inkje berre fyr sin Fylkjing, men og fyr kvar og ein, som gjere si Skjylde.

Ingre Krav uten Pligter
Ingre Pligter uten Krav.

II denne tanke og i denna And hev Arbeiermøte sett opp slike Loge før dæ internationale Arbeiar-Lag:

1. Lagje e grunda te aa hjelpe dei Arbeiarlag, som finst kringom i Lando og arbeie te dæ same Maal, aa vergja Arbeissmannen, og skaffe dei eit fast Samhald, dei kan ha aa halde seg te.

2. Samlagje ska heite: Dæ internationale Arbeiarsamlag (Arbeiarsamlagje fyr alle land og Folk)

3. Hovedstyre vert samensett ta Arbeissfolk fraa alle Land, som e mæ i dæ internationale Samlag. Dæ utnemne av sin Flokk dei Embæssmenn, som trengst te aa halde Styre gaa-ande. ein Formann, ein kasserar, ein Hovedskrivar og Skrivara før dei ymse Land.
Arbeiarmøte set kvart Aar fast, kor Hovedstyre ska vera, vel Embæsmennene og Ti og Sta før dæ næste Arbeiarmøte. Dei, som ska møte fram før kvart Land, maa difyr innfinne seg te den fastsette Ti paa den Staen, Møte ska haldast, utan aa vente aa verte serlegt tesagt. I Nøssfall kan hovedstyre forandre Møtestaen, men dei maa inkje vente lenger hell te den ti som e fastsett.

4. Paa dei aarlege Møte ska Hovedstyre gjera Greie fyr seg og fyr dæ, som dæ hev gjort i Aare, som e utgaatt. I Nøssfall kan Hovedstyre samenkalla Møte fyrr den vanlege Ti.

5. Hovedstyre ska vera Millommannen fyr alle di hine Samlag i dei ymse Land, so att Arbeissmennene i dæ eine Lande støtt kan faa vita kva deira Brøre tek seg fyr i andre land, so at dæ paa ei og same Ti kan verte ettesett kor dæ stend seg ute i Europa mæ Eit og Anna, so at Spursmaal, som kan vera noke vigtegt aa faa Greie paa, som vert framsette av eit Samlag, kan verte svara paa av alle dei andre og so at om det trengst, alle Samlag kan tre fram og ta i alle paa eingong og paa same Maate. So ofte Hovedstyre held dæ før passande, ska dæ ta Leiligheita te aa koma med Forslag te ymse Arbeidarsamlag i Lando. Te aa lette Samarbeie ska dæ gji ut ei Utgreiing.

6. Daa dæ berre kan koma noke utor detta Arbeisskrav, naar dei i kvart Land vil halde ihop, og Hovedsstyre fysst kan gjera noke, naar dæ faar styre fyr Laga i kvart Land, so bør dei som e mæ i Arbeisslaga faa istand faste Hovudutval aa samle seg om . Men dæ seie seg sjøl, at he maa kvart land rette seg ette Landsens Loge, og at kvart Arbeisslag, som stend lausreipa og kan skrive te Hovedstyre for International.

7. kvar mann, som e mæ i Internationale, vil faa Hjelp og Stytte fraa Jamlikara i andre Land, om han vil flytta fraa eit Land te eit anna. Denna Hjelp e:
a) Rett te aa faa Greie paa Alt som kjem hass Handverk ve paa den framande Staen.
b) Rett te Laan ette dæ, som e fastsett i Logene og mot aa gji den Sikkerheit, som dæ i dei krevst.

8. Kvar Mann, som gjeng inn paa Hovedgrunnene før International og vil verja de, kan verta mæ i Samlage.

9. Kvart Undersamlag raar seg sjøl og vel sjøl dei Menn, som skal skrive te Hovedstyre fyr Samlage.

10. Alt mæ dæ alle Arbeissamlaga skal arbeie ihop som Brøre, so hev daa kvart Samlag sitt eie Sjølstyre og eie Stell, som te dessa.

11. Alt, som inkje e fastsett i dessa Hovedloge, kan sia verta fastsett, som dæ store Arbeiarmøte støtt kan rette paa og vøle om


*)Detta e dæ vel, som hev gjort, at Folk hev skrivi og skrivi, at International inkje vil vita av Fedreland elde Gud elde Tru elde Sædelegheit.

(meir)

Gjeve att, m.a. ved:
Internationale. - S. 155-159
I: Olaus J. Fjørtoft : biografi og tekstar / Birger Risnes.
Oslo : Samlaget, 1985. - 197 s. : ill. (Vår nære fortid)
ISBN 82-521-2512-3