<title>Omkring Ibsen-jubileet / av Ivar Digernes.




Åndshøvdingen og fridomsmannen Arne Garborg


av Ivar Digernes


Arne Garborg vart fødd i Time på Jæren 25. januar 1851.
Heile det norske folket hyller i dag minnet om den gjeve åndshøvdingen og fridomsmannen.

Arne Garborg har i dag sin trygge plass på det norske Parnasset jamsides klassikarane Ibsen, Bjørnson, Kielland og Jonas Lie. Litteraturhistorikarane skriv tjukke verk om han, og skriftene hans blir dissekert og kommentert etter alle kunstens reglar. Så kom ikkje der og påstå at det norske folk ikkje gjer ære på sine døde åndsmenn.

Kva er no det store ved Garborg? Det kan ikkje væra hans fantasi, tankeflog og "skikkelsedannende" evne, i så måte når han knapt opp mot nokon av dei "fire store". Det kan ikkje vera lyrikken hans, for både Ivar Aasen og Vinje har skrivi vel så gode dikt som han. Og det kan ikkje vere hans "djupe tenkjing", for Garborg var med all sin kvasse polemiske kunst ingen sjølvstendig "filosof."

Garborg kalla seg "litterat" - homme de lettres.

Han byrja som bladmann, redaktør av eit blad for folkeskulelærarar, og han arbeidde som journalist og kritikar i mange år før han sto fram som diktar med "Bondestudentar" i 1883.
Trongen til å gripe direkte inn i dagsens strid og tale til folket, ikkje berre i diktande biletspråk, men propaganda og agitasjon, er ikkje berre eit uttrykk for det allsidige i Garborgs givnad, det sterke intellektuelle reflekterande draget hos ham, men det heng saman med at Garborg sto folket nærare enn nokon av dei "fire store". Han var tendensdiktar tvers igjennom, ville ikkje berre skildre og forklåre verda, men kjende med seg at det var hans plikt å gjere sitt til å forandre verda. Gjennom alle hans skiftande standpunkt, all hans gruvling og leiting etter ei klår stemmelei heldt han alltid sviklaust fast på den store grunntanken: at diktinga som all kultur er til for å tene det store arbeidande folket og slåst mot dei som undertrykkjer det. Det er dette som er hans verkelege stordom.

Garborg voks opp i den tida då det halvvegs naturaløkonomiske bondesamfunnet gjekk i uppløysing under slaga frå den moderne kapitalismen. Han var sjølv frå ein heim der dei enno mintes dei "gode gamle tidene" før mammon og elendigheita kom inn i verda, og lengta tilbake dit som til eit tapt lukkeland.
I artikkelen: "Sandheden og partierne" (1872) skildrar han - 21 år gamal - korleis det kjendest for eit levande menneske å vere til i ei slik tid.

Det er de store overgangstider, da gammelt og nyt brydes med hinanden, der plages av den urolige tvil, om hvad der er sandt eller ikke. Da hersker slaphedens og splittelsens ånd, og hele verden opløser sig i fiendtlige partier, likegyldige spottere og melankolske tvilere. At leve op i en slig gjærende og brydende overgangstid er for den enkelte yderst slemt ... .
Den ; som nå lever midt oppe i denne brydning, er dårlig situert: han skylles frem og tilbage, hives op og ned, han får neppe trække pusten i den almindelige forvirring og må være overvættes glad, hvis han kan slippe fra historien uden at få sit hoved knust ... .
Men der er kun to alternativer: enten må man give sig over og lide skibbrud, eller også må man tage parti og hårdnakket kjæmpe kampen med.
At få fred, at leve i solskin og gode dage således som i den og den tid, da det endu så oprørte hav lå roligt og spejlede sig som en dam - det lader sig således ikke gjøre. Men man må være med - eller man kastes op som vrag, hvis man ikke ligefrem går under.


Den ideologiske uppløysings- og nyskapingsprosessen som fylgde med den overgangstida har Garborg spegla av i sittlivsverk som ingen annan nordmann. Ein kann godt seie at alt det han har skrivi, er ein samanhengande kommentar til samtidshistoria i Norge.

Frå slutten av 1870-åra kom Garborg aktivt med i politikken. Han vart radikal venstremann. I flengjande kvasse artiklar gjorde han upp med den lutherske statskyrkje"kristendomen" som vart ein av hovudhyrnesteinane i reaksjonens forsvarsverk.
og han gjekk til åtak på ein annan hellig institusjon - det borgarlege ekteskapet og den borgarlege kjønnsmoralen. Han gjorde det med eit så gneistrande talent at han vart ein hata mann, utskjelt som førar for den samfunnsnedbrytande "bohemen". Heller ikkje stortingsbøndene likte denne radikale rothoggaren som busa på så uvøre, mannen som hadde skrive "Ein fritenkjar", "Mannfolk" og andre stygge bøker.

Parlamentarismens gjennombrot i 1884 vart ingen siger for demokratiet, som Garborg og dei andre med han hadde tenkt seg.
For ungdomen gjekk vegen til Amerika no som før, Og Kristianiabohemen og Kiellandsaka viste korleis det sto til med åndsfridomen.
Garborg gjorde upp med venstrepolitikken i skadespelet "Uforsonlige" (har det nokon gong vore uppført på eit norsk teater?). I denne tida var det han tok til å interessere seg for anarkismen og sosialismen. han skreiv sin anarkistsong, der han slengjer ei utmaning til borgarskapet:
De handkvite herrar, de trygt kan prala
med ordi fagre som klingar
men oss imillom skal kniven tala
den dag då verdi ho svingar


Men Garborg nådde aldri fram til å forstå at det moderne proletariatet, bondens ektefødde son og sanne arvtakar, er den kraft som skal skape verda om.
Han misste trua på anarkist-"kniven" og, som han hadde mist trua på den litterære bohem-radikalismen. Varnæm som han var for alle svingningar i det åndelege tidsklimaet, forsto han at naturalismen var komen inn i ei blindgate og at ein "idealistisk reaksjon" var på trappene. Det er i denne tida han tek til å interessere seg for Tolstois evangelium og tek til å lengte heim att til Jærs.
Det er skrive mykje uvist om Garborgs "omvending" til kristendomen. Anna kann ein ikkje venta - teologane har alltid gledt seg over angrande syndarar. Det er visseleg nykje uklårt og tilmed sentimentalt i Garborgs interesse for "religionen" i desse åra. Men leitar ein fram kjernen i "Læraren", "Heimkomin son" og "Jesus Messias", vil ein finne at Garborg uppfattar Jesu' lære som ein praktisk moral og nyttefilosofi som skal praktiserast i denne materielle, dvs. røynelege, og ikkje i ein mystisk tåkeheim i det "hinsidige". Det er ein primitiv bonde-sosialisme pynta med bibelspråk og kjærleik til nesten, tolstojanisme omsett til nynorsk.
Til kyrkjelæra, den verkelege religionen med si lære om synd og soning ets., stilte Garborg seg alltid avvisande. Han vart aldri "omvend". Så seint som i 1919 sende han ein spak protest til tidsskriftet "Edda", der det hadde stått ein artikkel som hevda at Strindberg, Johs. Jørgensen og Garborg hadde "umvendt seg frå naturalisme og agnosticisme til eit meir eller mindre romantisk og kyrkjelegt litteratur- og livssyn".
Garborg skriv om seg sjølv:
"Og eg skal leggje til at alt det eg kann ha lært i mine siste 35 år, so veit eg ikkje av, at eg hev "umvendt meg". Minst skulde eg vel kunne umvende meg til den romantikken eg livde på i ti-tolv ungdomsår og som eg då var fullt ferdig med.
Trur artikkelforfattaren at eg er kyrkjeleg, so hev han ikkje lese "Jesus Messias", der eg viser at galilæaren sjølv stend utanfor kyrkja"


I Garborgs ideologi var det mykje som var "tidsbestemt", sanningar for ein dag. Han var merkt av den norske åndelege miseren i ei tid, då det småborgarlege demokrati loga upp som når den turre elden fatnar i turre halmstrå, og berre oska vart att, og den nye revolusjonære klassen enno gjekk sine barneskor.
I Garborgs dagbøker frå eldre år møter vi ein einsam mann, som ofte tykkjest å ha mist både von og veg. Men trass i alt - trua på folket har han ikkje mist. Ein må ta livet med tolugt mod, for ånd skal vinna på troll til slut og vet på den varge villskap.

Når det gjeld arbeidet for det norske målet, er garborg den som har ført Ivar Aasens og vinjes verk vidare. Han sjølv både landsmål og riksmål med like stor meisterskap. Når han heldt på nynorsken, var det ikkje av romantiske grunnar, men fordi han visste at det må vere noko gale med eit folk som må omsetje sine segner, eventyr og barnesullar, mor sin song ved vogga.
"Språket er eit meddelelsesmiddel", skriv han ein stad, lenge før Stalin hadde gjort den samme uppdaginga. Språket i ein nasjon må byggje på talemålet, og ikkje på den salt- og kraftlause sjargongen til ein overklasse som tek sine mønsterformer frå skriftspråket i eit framandt land.
Dette er no såpass godkjende ålmensanningar at korkje Øverland eller Riksmålsforeningen kann gjere noko ved det. Men Garborg måtte fekte hardt for slike meiningar. og denne smålåtne og stillfarande jærbuen gjorde det med ein eleganse, eit mot og ein takt som vi berre kann bøye oss for.

I midten av 90-åra var Garborg med eks-anarkisten Rasmus Steinsvik og grunnla det radikale venstrebladet Den 17de mai. Det var for si tid eit framifråfriskt blad, og det er synd at utgjevarane av den samlinga Garborg-artiklar som Aschehoug har gjeve ut, ikkje har funne plass for nokre av dei beste "politiske" artiklane Garborg skreiv der. Garborg lærte folket den sanninga at ikkje noko folk kann løyse sine uppgåver når det gjeld å skape ein folkeheim, utan nasjonal fridom og sjølvstende. Garborg var ein republikanar, han ville fram til ein verkeleg fristat, og det vart eit vonbrot for han at borgarskapet i samband med den europeiske reaksjonen fekk smugla ein dansk prins inn i landet. På tale om 1905, som våre historikarar har strevd så mykje med å myrkleggje, så var garborg ein av dei som har største æra for å ha skapt den ukuelege viljen i folket til å gjere slutt på "unionsvrøvlet", den viljen som tvinga dei halvhuga borgarlege politikarane til å manne seg upp og nytte den siste sjansen til å kome fri frå Sverige medan dei vest-europeiske stormaktene var så vetskremde av 1905-revolusjonen i Russland at dei ikkje ville finne seg i "bråk" på den skandinaviske halvøya. Utan desse to faktorane - folkeviljen i Norge og revolusjonen i Russland (som den gongen enda med eit storebels [førebels?] nederlag) hadde det nok ikkje gått so "smertefritt", og vi hadde ikkje fått 1905 halvt om halvt som eit halvvegs "biprodukt" - både til lukke og ulukke for det norske folket.

Jærbu og europear har garborg vorte kalla. Ja, ja. Men er det ikkje å gjere han mindre enn han var? garborg var ikkje nokon representant for den etnografisk-topografiske litteraturen som "blømde" upp etter han. Han var norsk patriot og demokrat, ein lysande tolkar av det beste i det norske folket med sin kjærleik til heimegrunnen som fedrane har rudt, sin lengt etter ei rikare og lysare framtid, sin harm over svikferd, urett og vald.
Han kjende sårt at dei "døde dreg dei levande attende", og vingla stundom på trøtte veg, men som alle store åndsmenn har han andletet vendt mot framtida, mot Norges nye dag, då folket skal bu som brør i dette vårt heimlands rike slott. At han midt i ei osande brytingstid, då synsranda var gruggut og grå, kunne halde denne framtidstrua så rein og levande, det er hans uvisnelege ære som gjer at vi med full rett rekna han som medkjempar i striden for ei fri mannsætt og eit fritt Norge, som skal byggjast i fred åt vore born.


Åndshøvdingen og fridomsmannen Arne Garborg / Ivar Digernes. - S. 5
I: Friheten. - Årg. 11, nr 21 (torsdag 25. januar 1951)