<title>Omkring Ibsen-jubileet / av Ivar Digernes.




Omkring Ibsen-jubileet

av Ivar Digernes



Den 23. mai 1956 var det 50 år sidan Henrik Ibsen døydde i Oslo.
Vi er ikkje så flinke med jubileumsfeiringar her heime som i dei større kulturland. 100-årsdagen for dødsdagen til ein annan Henrik - Wergeland - kokte heilt bort for oss, i 1945.Men det var menneskeleg slik, den tida hadde vi sanneleg anna å tenke på. I 1956 var nemnda som skulle førebu dei "internasjonale festspela" i Bergen så gløgg at ho heilt gløymde at Ibsen har hatt noko med Bergen å gjere og det trass i at dei bergenske turistattraksjonane skulle starte i sme veka som hovudstaden i huj og hast måtte ta på seg å vere vert for alle dei Ibsen-ekspertar som strøymde til frå alle kantar av kloden.

Hovudstaden greidde oppgåva upåklageleg. Kan vi ikkje noko anna, så kan vi då improvisere. Det fall seg så lagleg at nokså mange Oslo-teater i dei siste åra har hatt uventa suksess med Ibsen-oppføringar som ingen for ei 20-30 år sidan kunne ha tenkt ville "trekke". Nationaltheatret hadde til og med teke opp eit så vågeleg verk som "Keiser og galilæer", dette elefantdramaet som ingen ville tru hadde noko på ei scene å gjere.

I ei heil veke sto Oslo i Ibsens tekn. Det vart skrive mange artiklar og halde store talar, Francis Bull var i elden sjølvsagt, det var stor fest hos Gyldendal og endå større fest hos kommunen på Rådhuset. Dei utanlandske gjestane vart drassa omkring frå mottaking til fest og frå fest til mottaking. Ein av dei skreiv etterpå at inntrykka er så overveldande at han dessverre ikkje ser seg i stand til å gi lesarane sine noka orientering om den "norske Ibsen", men må nøye seg med å prise den norske gjestmilde og den usnobbete og ledige norske livsstilen.

Etter at veka vel var overstått, laga nokre sure danske og svenske teatermeldarar litt mislyd ved å påstå at det Ibsenteatret dei hadde sett på Oslo-teatra var konvensjonelt og gammaldags. I dette låg det ein viss insinusjon om at vi ikkje har skjøtta arven etter Ibsen som vi burde. Men det var det ingen som tok seg større nær av. Vi er vande til amper kritikk frå grannefolk som ikkje har nokon Ibsen.

Under Ibsen-veka var det iallefall berre harmoni. Tok vi oss ikkje på tak kanskje? Her laga Universitetsbiblioteket ei særskilt utstilling med mykje og forvitneleg stoff, her ga gyldendal ut eit sprenglærd verk av tsjekkaren Pavel Fraenkl om Ibsens ungdomsdikting, og her tok Oslo kommune spanderbuksa på og brukte mange pengar til verdig råme om minnet til vår store son. Gyldendal selde Ibsen i lag med dei tre andre store, for ein rein spottpris. Og den som ikkje idst lese meisteren, kan berre skru på radioen. Der kunne ein høre "Keiser og galilæer" patetisk framført i ti kveldar. Kom så og fortel at vi ikkje held våre føregangsmenn i akt og ære, vi frå Ibsens land.

Ei spak aning av ein tvil om at ikkje alt sto vel til med røkten av Ibsen-arven kom likevel fram då det vart nemnt at UBs norske avdeling kanskje kunne byggjast ut til eit sentrum for norsk Ibsen-gransking. Noko Ibsen-institutt eller Ibsen-bibliotek eller dilikt har vi nemlig ikkje her til lands. Vi har ikkje såpass som eit dosentur, for ikkje å snakke om eit proffesorat i teatervitskap. Slikt har vi ikkje hatt råd til.

Det finst vel dei som synest at det er usømeleg å kome med slike ynskjemål i desse harde tider. Vi greier oss utan opera og, greier oss bra. (Albania har). Og dei kan ha rett i at det finst meir verdige trengande enn akkurat Ibsen. Livsverket hans blir då halve [halde] levande ute i den store verda. "Et dukkehjem" blir spela på ungdomsteater i Peking og på amatørscener i Oklahoma, så det står ikkje på.

På desse vektige innvendingane kunne ein svare at vi, forutan det reint turistmessige, som slett ikkje er å forakte med den kroniske tilstand vår betalingsbalanse er i - burde ha eit Ibseninstitutt for eiga skuld. For er det ikkje slik at vi Ibsens landsmenn i grunnen har gjort svært lite for Ibsens "Weltgeltung" når alt kjem til lat [alt]? Vi burde kanskje ikkje gløyme at Henrik Ibsen er den mest kjende av alle nordmenn, i grunnen den nordmann som ved sida av Grieg, og i større mon enn Grieg, representerer vårt folks mest originale tilskot til verdskulturen.

Det var "det unge Tyskland" som omkring 1890 sloss for Ibsen mot den litterære og sosiale reaksjonen ute i Europa. I Russland var det Tsjekhovs Kunstnarteater som gjorde Ibsen til fana for eit nytt, levande samtidsteater. I England skapte Barnard Shaw omgrepet "Ibsenianism". Vi kom etter då slaget var vunne. Ibsen fekk sanne at det er noko i det gamle ordet at det er vanskeleg å bli profet i sitt fedreland.

I røynda har Ibsen aldri vorte retteleg "anerkjent" her heime på berget. Til og med i dei offisielle lovtalene no ved 50-jubileet var det ein undertone av noko usikkert og tvetydig. Some av talarane strika under at det evige og uforgjengelege ved Ibsen ikkje er hans samfunnskritikk, men det "ålmenneskelege", dei sanningar , ikledde klassisk kunstnerisk form, som alle, både rettferdige og urettferdige, er sams om. Andre ba publikum minnast at Ibsen i grunnen var ein djupt religiøs natur, og at kjernen i hans dikting er den tragiske konflikten mellom kallet, det moralske imperativ som skriv seg frå guddommen, og dette skrøpelege jordeliv.

Bak desse ymse tolkingane ligg det dessverre ein altfor tydeleg tendens til å gjere Ibsen om til ein ufårleg klassikar som ikkje bør takast til inntekt for nokon slags radikalisme av det eine eller det andre slaget, men som "alle" kan nyte i brorskap og einskap.

Noko nytt er det ikkje i dette. Det er ein gammal metode som går att: å temje demonen ved å utnemne han til rangsperson. Helge Krog har skrive ei framifrå utgriing om dette.

Ibsen-renessanseen på teatra og i kringkastinga har vist at det filologiske klutesamleriet ikkje har greidd å ta knekken på Ibsen. Publikum lyer seg og undrar seg. Det er noko ved gamle Ibsen som ikkje let seg definere, han er ei gåte som lokkar og dreg. Kva ville han, har han nokon bodskap til ei tid som leitar og spør og svært ofte ikkje kan finne svar?

Ibsen har sjølv aldri gitt nokon universal lykel til sitt livsverk. Han var ikkje vitskapsmann, men kunstnar. Han ga eit bilete av "mannen og vivet" i form av levande, konkrete menneskelagnader, som talar for seg sjølv. Svært mange Ibsen-tolkarar gjer den store feil at dei trur Ibsen identifiserar seg med sine menneske, at han er "Brand", at han er "Peer Gynt" eller Dr. Stockmann. Sjølv ville han ha seg fråbede å bli gjort ansvarleg for det porsonane [personane] hans fann på av vist eller uvist. Den einvise trongen til å gjere Ibsen ansvarleg er og har vore årsak til overlag mykje rot og tull. Det botnar i skort på forståing av kva kunst er, og korleis kunsten skil seg ut frå den vitskaplege, ab4strakte [abstrakte] attgjeving av livet og livslovene.

Ibsen såg si tids drama i levande menneske, og deira strid. Han, analytikaren, byggmeistaren, som har vorte skulda for å konstruere sine drama med kaldt intellekt, bereknande som "ein gamal kaupmann", for å tale med Ivar Aasen, var så mykje kunstnar at han, med rette, tvila på den evige sanninga i aksiomet at 2 og 2 er 4. Og så mykje kollektivist er denne "aristokratiske individualisten" at han fann si naturlege form i dramaet, den mest kollektive av alle kunstarter. Vil ein "forstå" Ibsen må ein dikte vidare på dei skissene han har gitt, ein må ane det ein ikkje ser klårt, det han sjølv heller ikkje såg klårt, men gjennom hildring av framtidsdraum. Dette dypteperspektivet er nok den inste løyndomen med den "dunkelhet", særleg i Ibsens alderdomsverk, som det har vore klaga så mykje og så dumt over.

I forordet til sine "Samlede verker" ga Ibsen det rådet å lese han i samanheng, frå Catilina og utetter. Då ville ein sjå at det hadde vore god samanheng i hans produksjon, at det aldri hadde vore noko brot, at "den klang han fødtes med, den blev sig lig" livet igjennom. Så sa meisteren sjølv. I altfor liten mon er dette rådet vorte fylgt. Resultatet er ei skjematisk inndeling i "perioder": romantisk, filosofisk, samtidskritisk og psykologisk-symbolistisk, som skygger for heilskapen i dette veldige livsverket. Eg trur at hovudårsaka til den utrulege hjelpesløysa som rår i den norske "Ibsen-forskning", mykje heng i hop med dette, at ein har gløymt Ibsens eigne tydelege vink.

Wer den Dichter will verstehn, muss in Dichters Lande gehn, seier Goethe. Det er vanskeleg å gå tilbake til året 1848 for oss som lever i atomalderen. Men det er ingen veg utanom. Vil ein trenge inn i Ibsens verk, må ein gå tilbake til det Norge som i nød og trengsel arbeidde seg fram til det landet vi lever i no. Ingen har gitt eit meir fullstendig bilete av dei menneskelege konfliktane som det store hamskiftet skapte i norske sinn, og ingen har betre enn Ibsen tolka dei stemningar, draumar og voner som fylte dei beste nordmenn i hans tid. Han gjer det oftast i negativ form. Han visste ingen "positive heltar" der dei ikkje fanst, han såg si hovudoppgåve i å rydde grunnen for det som skulle komme, han visste det låg ein tung og lang veg fram til frigjering for folket. Når bodskapen hans så ofte har vorte mistolka, er det ikkje hans skuld, skulda har dei som vanta armen som "skulde arven løfte".

I eit intervju frå 90-åra seier Ibsen:
Jeg har modtatt et heftig inntrykk av den motsigelse vi har skapt mellom menneskets bestemmelse og de samfund menneskene har fått i stand. Derfor har jeg skrevet som jeg har skrevet. Det var mitt kall".

Så lenge denne motsetninga ennå er aktuell, vil Ibsens livsverk vere like aktuelt. Og det er von om at slikt vil vere aktuelt lenge enno.


Omkring Ibsen-jubileet / av Ivar Digernes.- S. 316-320.
I: Fossegrimen : emne frå samfunnsliv, historie og litteratur
Årg. 3, hf. 6/8 (1956)