<title>Om Per Sivle / av Ivar Digernes. - S. 241-246.<br> I: Fossegrimen : emne frå samfunnsliv, historie og litteratur.<br> Årg. 1, hf. 6/7 (1954)

Per Sivle


Ivar Digernes
om Per Sivle

Femtiårsdagen for Per Sivles død vart ikkje høgtida med store fakter. I Kringkastinga fortalde ein mann noko om Per Sivle og Drammen. Ein litteratursakkunnig i eit hovudstadsblad fann at det ikkje var nokon grunn til å bruke dette "jubileet" til å gjere freistnad på nyvurdering av Sivles verk. han nytta høvet til å åtvare styresmaktene mot å vere knipen mot dei levande poetane og viste elles til litteraturhistoria, der Sivle for lenge sidan har fått sin tilbørlege plass.

Sivle har skrive eit dikt som heiter "Bautar". det fortel litt om hans syn på våre nasjonale tradisjonar. Etter forfallstider då bautasteinane vart vanvyrde, vakna folket og "speided henover de hauger, hvor fortidens nordmenn sover":

- og bautar blev reist
over foregangsmænd
Og navnene lyser,
og minderne maner
os længere frem på de merkede baner.
og viljerne ildnes,
og hjerterne banker
mot nutidens dåd
for fortidens tanker.



Diktet ender med ei maning om å halde "bautane "reiste og rene", for eit folk som let "bautarne synke i gruset, det graver sin grundvold væk under huset".

I si levetid vart Sivle stygt kritisert fordi han skreiv for lite. Og deter sant at dei to banda som inneheld hans "Skrifter", ikkje ruver så svært i hylla. Nokre samlingar av soger, to-tre tynne diktsamlingar, ei forteljing som kunne ha vore ein roman om den hadde fått meir kjøt på kroppen, det var mest det heile. Slikt kunne ikkje gjera krav på diktarløn. Og når dertil kom at mannen drakk.

Anders Hovden svara på dette at det var gale å mæle dikting med metermål. han meinte som så at dikting som hadde gitt folket ein "vårsolkveik" det sårt trong til, ikkje kunne mælast med etter kvantum som ei anna krambuvare. Og Sivle hadde verkeleg gitt den norske ungdomen mykje i dei vanskelege åra fram mot 1905.

Vi har mange vitnemål frå folk som var unge på den tid, om kor mektig eit inntrykk Sivles nasjonale dikting, ikkje minst hans sagadikt, gjorde. Midt i ei tid som i litteraturen her heime elles var merkt av trøytt pessimisme, fin-de-siecle-stemningar, lying til "blodets subjektive logikk", "susinga i beinpipene", mana Per Sivle folket til strid for nasjonalt og sosialt sjølvstende, for ei rikare, lysare, meir menneskeleg framtid.

Dette konsekvent demokratiske, sant folkelege draget i Sivles dikting gjer han til ein einsam fugl i den norske diktarskogen. Og det merkelege er at denne aktive, utvendte, "politiske" diktinga er skapt av ein mann som støtt stridde med låk helse og vonde kløyvingar i sinnet, ein mann som ein skulle tru ville vere predisponert til sjuk gruvling og graving i sitt eige indre.

I det saklege, medborgarlege draget i Sivles dikting ligg det, så rart det kan høyrast for folk som er oppalne til å tru at det norske er individualistisk og berre det, noko djupt norsk.

det er den ekte norske blygskapen frå det einbølte landet som gjer det så vanskeleg å snakke om det som grev ein sjølv. Ibsen hadde det på same måte, Ivar Aasen med, ja Vinje og, i si flirande form for blygskap. Hos den sjuke ylykkelege Sivle er blygskapen heroisk, den må ha kosta han mykje, han som hadde slik djup trong til å få kontakt og bli forstått.

Sivle fekk sin åndelege svip av dei stormfylte åttiåra. Han fylgde johan Sverdrups fane og var han tru då dei fleste av dei radikale vinstremennene alt rekna Sverdrup for eisvartsvikarsjel, Sivle som redaktør for "Buskeruds Amtstidende" og "Kristianiaposten" er eit kapitel for seg. Verd å legge merke til er at han alt i åttiåra tek opp spørsmålet om kampen mot krigen og skriv oppglødd om dei første famlande opptaka til ei internasjonal fredsrørsle. Han viser tydeleg samhug med arbeidarrørsla og legg ikkje fingrane imellom i kvassa åtak på samfunnsuretten. I sitt politiske syn vart han ståande på det standpunkt at arbeidarar og bønder burde halde i hop, som han ga uttrykk for i ein av dei første politiske artiklane sinr, men i sitt sosiale syn låg han langt til venstre for liberalismen.

Den Sivle som kjem til å leve i folkeminnet, det er diktaren, ikkje bladmannen. I debatten utover i slutten av åtti- og i nittiåra er Sivles namn sjeldan framme. Livssoga hans er mykje ei trist rad av motgang, misforståing og kulde. Til slutt var det knapt andre enn den gamle venen hans, presten og diktaren Anders Hovden, som ikkje hadde slått handa av han.

Toppane i Sivles produksjon, og dei er ikkje så få, likevel, høyrer til det aller beste i vår nasjonale dikting. Slike ting som "Tord Foleson", "Den fyrste songen", "Berre ein hund" kan berre ein stor diktar skrive. Attåt det kjem mange andre ting som viser et stort talent og eit genialt instinkt, men der ein kan merke at skaparevna liksom er lama og ikkje har fått klinga fulltonande ut.

Dette magre, ufullborne, inntrykket av store krefter som ikkje fekk utløysing, er ikkje noko særsyn hos dei beste norske diktarar. Dei er liksom kronglefurer, skakke og skeive av styggevær og mager næring på blåberggrunnen.

Sivles soger og Vossastubbar er folkelivsskildring av ein type som vi har hatt altfor lite av her i landet. Den tradisjonelle kvasirealistiske folkelivsskildringa her i landet dreg helst fram det tunge og triste, fåkunne og fordomar, pietisme og trongsyn, i ein sum alt det negative. Det er blitt mote å baktale folket og gi dets usseldom skulda for alt som er gale her i verda. Ein framifrå metode til å gjelde for radikal og samstundes stå seg bra med maktene. Sivle dyl ikkje at det finst svarte flekkar i biletet, men han veit at folkelivet må bygge på ærleg arbeid, og at det derfor er sunt i botnen. Og det den friske humoren hans fortel av livet er då merkeleg snodig med all sin harm.

Vi har hatt folkelivsskildrarar etter Sivle som har gripe djupare ned og nækt sider av livet som han ikkje dro fram. Men knapt nokon av dei har havt ei slik "naiv" og barnesann tru på dei gode kreftene i folket. Her har vi den samme bakgrunnen til at det rørde seg så mykje friskt liv på bygdene i nittiåra; trass i økonomisk naudardom, utvandring og stigande oppløysing av den patriarkalske idyllen var det eigrotid, med store og lyse voner.

Anders Hovden skriv i den vesle gode Sivle-biografien sin (når kjem det eit nyopplag?) at det er i sine sogedikt at Sivle har avlagt si meisterprøve. Og sant er det at ingen annan norsk diktar har evna å gjere soga til ein levande medkjempar i dagens strid slik som han. Den gamle nasjonalromantikken greip og tilbake til Norges gamle "stordomstid", men det vart mykje til det at dei av "mindets gravhoug hul" bygde seg "sløvheds skalkesjul" som Brand seier til Fogden. Sivles syn på soga er ei styrkekjelde til arbeidet med å bygge framtida. "Gamle soga":

Du syner livet
i vokster drag,
du styd, og du gjev oss råd,
du provar, at enn
hev me aukande dug
i verdi til lukka og dåd.


den moderne historieskulen som prøver å redusere t.d. Snorre til ein upåliteleg romanforfattar, kan ikkje ha myke til overs for Sivles "romantisering" av Olav Haraldson. Men er det i grunnen noko brotsverk mot sanninga og vitskapen å vise litt nasjonal byrgskap over dei som greidde det storverk å samle dette landet nørdst i grendom og forsvara det med odd og egg mot framande landerøvarar? Det torer hende at Sivles historiesyn kjem til å stå lenger enn den flotte kjeldekritiske klokskapen som ikkje ser anna enn småleg pirk.

Sivle forsto instinktivt det som mange patenterte lærde aldri kan lære: at kampen for sjølvstende, vyrnad for sitt eige, retten til å vere husbond på eigen grunn er den naudsynte føresetninga for alt framgangsstrev i eit folk.

Einsleg gjekk Sivle og fraus på Noregs heid, seier Anders Hovden i minnediktet til venen sin. Han søkte ein plass, eit skalderom og kjende det som det vart nekta han av dei han hadde tent utan svik, av den kloke stortingsbonden og det liberale sakførarkrapylet. Kjensla av at han var forsmådd av dei som vakt ville vere, er den såre klangbotnen i eit dikt som "En plads" (1896), der han vender seg til massene, til arbidarane, dei som liksom han sjølv sto utanfor døra og fåfengt banka på:

Kom, sank jer omkring min harpe,
I samfundets paria-folk.
Det er til jer, jeg mig vender,
jeg søger en plads som tolk.


I mange Sivle-dikt finn ein sterke uttrykk for hans varme samhug med arbeidarrørsla og hans hat til imperialisme og nasjonal underkuing (diktet om Kuba, "President Krüger", hans hylling til Tolstoi, og andre). Men den kontakten han søkte, fann han ikkje.

Alt i den ypperlege forteljinga "Strik" (1891) hadde Sivle vist at han forstyo at ei ny mektig samfundsrørsle var åt og braut seg fram. Boka er bygd på minne frå trelastarbeidarstreiken i Drammen 1881. "Streik" kom akkurat i den venda nyromantikken slo gjennoom, og drukna i flaumen. Og tradisjonen er seig. I Beyers kitteraturhistorie er "Streik" ikkje eingong nemnd. Eirik Mørkassel i Dagbladet karakteriserte boka som "et ubetinget gjennembrud, og det er et av de betydeligste og interessanteste i vår litteratur siden Alexander Kiellands "Arbeidsfolk"".

Men noko gjennombrot vart det ikkje for Sivle. Boka var nok med og gjorde han suspekt i dei svært moderate krinsane som dominerte i Venstre. Den var for realistisk, "krass", og vart utskriken som "naturalistisk", eit "einsidig" debattinnlegg og ergo dårleg kunst.

"Streik" skildrar den spontane uorganiserte arbeidarrrørsla før sosialismens tid. Arbeidarane er enno ikkje medvetne om si stilling i samfunnet, det er naud og fortviling som driv dei til kamp. Dei møter vald med vald, blir slått ned og søkk ned att i sløv resignasjon. Men kampen har ikkje vore til fånyttes, dei har lært noko og biar si tid. Trass i det fragmentariske i handsaminga av emnet har Sivle greidd å gje ei framifrå analyse av klassemotsetningane og straumdrag som bryt seg i ein arbeidarklasse som ennå berre held på og tek form. Her har vi både den patriarkalske arbeidaren som heng fast i den gamle forestillingsverda frå før kapitalismen si tid, vi møter den veike kunstnarnaturen som ikkje blir stålsett, men går til botnar, og vi møter den ultraradikale frasehelten, anarkisten som alltid dukkar opp i slike pionertider. "Streik" fortel sant om livet slik det var den gongen, og gir et varsel om det som skulle kome. Denne magre boka inneheld eit framtidsprogram for ein ny norsk sosial realisme som enno over seksti år [etter] stort sett er urealisert. Reint meistarleg er hans bruk av symbolske bilete: vårflaumen som ingenting kan stoppe, og pukksteinen om det formlause "underklassen".

på tre sentrale område har Sivle peika ut framgangsliner for folket vårt: det folkeleg demokratiske, vernet om dei nasjonale tradisjonane og den sosiale frigjeringskampen. Difor har skalden Sivle om han enn ikkje, som så mange andre gode nordmenn både før og sidan, vann å realisere fullt ut det som budde i han, om livsverket hans vart ein torso, gjort seg fortent til ein heidersplass mellom våre store norske føregangsmenn. Og difor burde, som han sjølv seier i det vakre minnediktet om Wergelands trufaste unge døde stridsfelage Sylvester Sivertson,

- me som hev livs-id
av sama slag,
fletta ditt minne
ein krans i dag.
Det gjer me, fordi
du var Noreg tru.
Me lyfter det sverd,
du laut sleppa, du.
- Gjev det vart sagt,
der me kvar ligg lik:
Her kvilar ein nordmann
utan svik.




Om Per Sivle / av Ivar Digernes. - S. 241-246.
I: Fossegrimen : emne frå samfunnsliv, historie og litteratur.
Årg. 1, hf. 6/7 (1954)