Pierre Bourdieu




Eit mastetre har falle i ein utbrent skog


Torsdag 24.01.02 fekk vi meldinga om at Pierre Bourdieu er død, 71 år gammal. Med han er ein av Europas store venstreintellektuelle borte.


Av Hartvig Sætra


Det er ikkje ein avfeldig og bortgløymt gamling frå forrige hundreår det er snakk om. Tvertom var han ein av de få som på slutten av nitti-åra hadde ein visjon for det neste hundreåret - og det neste tusenåret - ut over pengeflytting, vekst og konsum. Han var ein av dei få som heldt fram med å gjere vestens ungdom medvitne om dei destruktive sidene ved utviklinga av den ekstreme liberalismen.

Han gjorde folk innan verdas priviligerte 20% klar over risikoen ved å la dei andre 80% søkke ned i større armod; og han nådde fram, i alle fall til dei beste blant dei. Det ser vi i gatene når verdas makthavarar held sine toppmøte i Seattle, Genova, Gøteborg, Quebec osv.

Bourdieus sentrale tese var at liberalismens åtak på den demokratiske styringa av kapitalen er ei destruktiv handling mot den mest høgståande sivilisasjonen vi kjenner - dei europeiske velferdsstatane. Sett i ein slik samanheng var Pierre Bourdieu ein av vår tids mest hjartevarme verdikonservative, i kamp mot den iskalde monetariske kynismen. Hans viktigaste bodskap var at på denne heilt særeigne kloden med sine klart avgrensa ressursar, må vi alle ta ansvar for vår neste. Gjer vi ikkje det, og let den økonomiske "jungelens lov" herje fritt, er det i lengda ute med oss alle.

Dei som demonstrerer i gatene, og held ved like dei beste tradisjonane i Det intellektuelle Vestens klare logikk og ansvarlege etikk, kan i stor grad reknast som Bourdieus disiplar.

Nå er han borte. Men yngre folk tar over; for eksempel dei som står bak ATTAC, Indymedia, FIAN og den internasjonale småbrukarorganisasjonen Via Campesina. Derimot er det få store blant dei progressive fagorganiserte og dei marxistiske intellektuelle.

Den allsidige Bourdieu høyrde på sett og vis til blant alle desse gruppene. Ikkje minst var han med blant dei "bestefars-revolusjonære" - ei gruppe av tilårskomne intellektuelle som i 1968 tok opp kampen for dei utstøytte i europeisk arbeidsliv.

Det store befolkningselementet som tidlegare utgjorde den europeiske arbeidarklassen, er nå splitta i ein "vellykka" del som er systemoperatørar og mediefolk, og ein "ulykkeleg" del som har mista sine tradisjonelle jobbar i industrien på grunn av automatisering og utflytting til lågkostland. Begge fenomen aukar profitten for den overnasjonale, korperative kapitalen, og gjer "taparane" apatiske, rastlause - til dels reaksjonære og rascistiske.

Bourdieu tok føringa i kampen mot liberalismen i boka " Contre-Feu" ("Mot-eld"). Vi hadde her i avisa ein artikkelserie i desember 1998 om Bourdieu og hans støttespelarar Eric Hobsbawn (engelsk), Zygmunt Bauman (polsk-engelsk) Viviane Forrester (fransk). Bourdieus begrep "moteld" definerte han slik: "Dersom ein eldstorm trugar store samfunnsverdiar, må du sjølv syte for å møte katastrofen ved å tenne fyr på ein del av din eigen skog for å berge resten". Og han sa at " motelden må tennast langt til venstre. Det er ikkje gagn i dei system-konforme radikalarne som han kallar "det integrerte venstre", av typen franske sosialdemokratar, Tony Blair - og for den saks skuld Persson og Stoltenberg.

Bourdieu var også svært opptatt av kulturen; han meinte den var nøkkelen til det moderne menneskets medvit og samvit. Derfor var han ein innbiten motstandar forsøka på å lage eit amerikansk kulturmonopol. Og han ønska derfor ein forsterka kamp for nasjonale og lokale media, spesielt etermedia.

I den samanhengen vart han sterkt inne på noko som også er ubderskrivnes kjepphest: I dag er det lokale og nasjonale viktigare element i klassekampen enn nokon gong tidlegare. Klarer vi ikkje å skape skikkelige alternativ til den amerikanske propagandaen og den generelle fordumminga, er det vanskeleg å vekke folk til politisk handling. Og eit slikt alternativ kan berre tuftast på det nasjonale og det lokale. Den dagen vi alle er amerikanarar, er det for seint.

På mange måtar kan vi bruke Bourdieus eige bilete i denne stunda av sorg: Han døydde som eit mastetre i det delvis utbrende landskapet som super-liberalismen legg etter seg. Vi som står att, får bøye oss i takksemd og begynne å plante på nytt, i trygg visse om at han etterlet seg ein underskog som alt er i vekst.



Hartvig Sætra i Friheten
01-02-2002.