Bygder i utarming og oppløysing.

Av Hartvig Sætra.
Troms NKP.



På globaliseringskonferansen i Tromsø fekk vi som avslutning på første dag eit foredrag med høg temperatur og stor samfunnsmessig relevans. Det var Bente Aasjords:

"Økonomisk globalisering og nordnorsk distriktspolitikk."

Det er lenge mellom kvar gong ein hører aktuelle samfunnsspørsmål bli tatt opp på ein så direkte og nesten skremmande måte.


Skremmande fordi ein forstår at dette er sant. Like fullt - eller kanskje nettopp derfor - er det ingen media som vil eller tør ta ein skikkeleg debatt om desse spørsmåla. Ein debatt som rett og slett går ut frå det enkle spørsmålet: Korleis vil vi at det norske samfunnet og landskapet skal sjå ut i nær framtid?

Tidlegare kunne vi føre ein slik debatt her i landet; og det førte til relativt stor semje om at vi ikkje ville la landet avfolkast og gro igjen med krattskog. Det ligg nær å tru at når alle større media nektar å føre ein slik debatt, er det fordi dei reknar med at folket kan komme til å ta fram sine hevdvunne ideal på ny. Dermed vil dei tape også denne debatten - slik dei gjorde i dei to EU-avstemmingane i 1972 og 1994.

Over heile verda blir det nå ført debatt om korleis bygdesamfunnet skal sjå ut i framtida. Det er stor uro overfor det fenomenet som har fått påskrifta ”Rural Exodus” - utdrivinga frå landsbygda. Det er berre her i Norge at det ikkje er muleg å få media til å ta stoff med denne etiketten.




Rural Exodus...pågår akkurat nå...


Bente Aasjords foredrag handla om den norske Rural Exodus - enda ho aldri brukte det ordet. foredraget fall naturleg inn blant resten av innlegg på konferansen - som var prega av høg kvalitet. Det norske samfunnet kan ikkje i lengda ignorere konferansar av denne typen - utdanningsnivået i landet vårt er for høgt til at fakta lar seg undertrykke.

Situasjonen liknar den vi hadde under dei sterkt reaksjonære åra omkring 1960. Også da var reine banalitetar i fokus; men vi opplevde Kongo-krisa, nedskytinga av U2-flyet, danninga av SF og mordet på Kennedy. Alle desse hendigane var eit teikn på labilitet. Og da endringane kom, skjedde dei fort.

Både nasjonalt og internasjonalt er det i dag tre fenomen som driv fram ei samfunnsmessig krise: 1) USAs globale hegemoni-bygging ved hjelp av økonomiske og militære overgrep, 2) USAs og dei multinasjonale gigantanes massive press på verdas økosystem, og 3) Rural Exodus.

Alle tre punkt blir diskutert i over heile jorda. Med unntak av punkt tre, som det er tabu å omtale i Norge.


Steigen Exodus

I vår geografibok heitte det at europeisk tidssone var rekna ut frå ”Steigen meridian” - 15 grader aust for Greenwich. Derfor er Steigen på mange måtar ei sentral bygd i landet vårt. Bente Aasjord er derfrå, og flytta for nokre år sidan tilbake dit. Da var det ennå ganske bra å bu der.

Til konferansen kunne ho fortelje om ei bygd i utarming og oppløysing. Alle postkontor er borte; det er 1 - ein- tilsett i Telenor. Dersom det oppstår alvorlege feil, kostar det 5000 kr ekstra å få kapabel montør frå Bodø. Bygda deler legevakt med fleire nabokommunar, så ein brå sjukdom kan i mange tilfelle føre til store komplikasjonar. Ho minte om at det er stader i Norge som er enda verre stilt: På Kunes i Lebesby, Finnmark, har folk fått gratis førstehjelpskurs, fordi dei ikkje kan bli garantert ambulanse innan rimeleg tid! (Det er hakket før barfotlegar og amatørkirurgi!)

Mjølkekvotar og fartøykvotar er sentralisert. Mens bygda tidlegare fanga og foredla fisk som vart eksportert ut av kommunen, er Steigen i dag netto-importør av fisk. Årsak? Det er i fiskeoppdrett dei einaste nye arbeidsplassane er skapt. Alle andre næringar har hatt ein katastrofal svikt i sysselsettinga. Til eitt kilo oppdrettslaks trengst 4 kg havfisk, og den blir fanga andre stader.

Kommunikasjonane er tilbake til sekstitallet; det trengst ei ekstra overnatting for å dra til Bodø tur-retur, og to for å ta ein tur til Oslo.

Ein slik baksmell er svært merkbar, i ei tid da alle byar og sentrale område får stadig betre kommunikasjonar.

Det blir nesten ikkje fødd ungar, så skolane står framfor total fjære sjø. Kulturelt er bygda også i forfall. Bygda får verken inn NRK 2, NRK Alltid Nyheter og P 2 - sistnemnde fordi ein av spareomsyn har lagt Sameradioen på P 2-frekvensen. (Det fører til at tradisjonelt primitivt samehat blomstrar opp igjen). I staden får bygda masse lokalradio med ”hurra for deg” og amerikansk og svensk pop. P 2 er jo for”dei intellektuelle”, og slike finst pr definisjon ikkje i nordnorske bygder - sett frå Marienlyst. Riktig nok er tettheita av folk med universitets- og høgskoleutdanning mindre i utkantane. Men like fullt har folk i Bygde-Norge svært godt utdanning i forhold til bygdefolk
i nesten alle andre land.


Kystfolket blir splitta

Politikarane spelar på å splitte kystfolket. Det var samhaldet på norskekysten som knekte JA-sida både i 1972 og 1994. Ein slik forsmedelse vil ikkje sentrale politikarar og media oppleve ein gong til.

Og nå får dei hjelpav EØS-systemet:

Havbruksnæringa blir truga med store tollavgifter dersom ikkje Norge sluttar å verne jordbruket.

Det er også eit enormt press frå EU for å få fjerna vårt viktigaste distriktspolitiske verkemiddel:

Den graderte arbeidsgjevar-avgifta.

Ein kan undrast på at det er så om å gjere å knekke noko så marginalt som norsk utkantjordbruk; men EU legg store ressursar inn i dette prosjektet. Og A, H og FRP er ivrige medspelarar for EU og EØS. (1)

For kommunar som Steigen vil ei avvikling av jordbruket vere katastrofal. Det hjelper ikkje at politikarane får stjerner i auga når dei snakkar om fiskeoppdrett. Jordbruket er ryggraden. der som i dei fleste kystsamfunn.


Ingen debatt om avviklinga av bygdene

Det eksisterer ingen debatt her i landet om den nært føreståande avviklinga av jordbruket. Ingen spør om konsekvensane for folketalet og for økosystemet. Kyst-Norge blir pressa til å velje bort bøndene for å berge fiskeoppdrettsanlegga - som i dei fleste tilfella er eigd av store kapitalinteresser. Men jordbruket er viktigare enn vi trur. Kva er Lofoten utan bønder? Det er langt fleire bønder enn fiskarar i den regionen. Men ingen diskuterer avviklinga av jordbruket. Media sviktar. Korfor? (2)

Så kan vel dei som blir ledige i jordbruket, flytte til byen og få betre jobb?

Å nei, det går ikkje. Verdien av heimegarden er så liten, ut frå dei rådande marknadsforholda, at jordbruksfamiliar ikkje har råd til å flytte. Mange må leve nærmast frå handa til munnen på den nedlagte garden. Dei som har råd til å flytte, er dei som har fått gitt fiskekvotar gratis, og seinare har selt dei for milliongevinstar.

Og her er vi ved ei sentral side av utviklinga: Det går føre seg ein hard, kapitalbasert kamp om naturressursane - ein kamp som dei vanlege innbyggarane i slike kommunar er dømt til å tape. Allmenningen skal privatiserast. Det som ein gong var bygdefolks felleseige, skal førast over på nokre få priviligerte eigarar som kan gjere seg til mangemillionærar på ranet av felles-verdiane - allmenningen. (3)


Periferien er ekskludert frå kunnskapssamfunnet og ”det moderne” (4)

Utkantane blir konsekvent definert frå sentrum. Utkantanes eigen-forståing blir totalt ignorert. Og dette skjer trass i ei veldig berrsynt og skremmande kunnskapsløyse i sentrum. Vi har hatt kontakt mellom ein skole i Steigen og ein i Oslo. Ved å undersøke kunnskapar og elevhaldningar begge stader var det lett å finne ut at Steigen-elevane hadde fleire kunnskapar og færre fordomar om Oslo, enn det som var tilfellet andre vegen. Fordomane blant Oslo-ungdommen var til dels ganske skremmande.

Men slik må det jo bli når nesten alle ungdomsprogram på TV foregår i Oslo. Når dei ein sjelden gong er lagt utanfor sentrum, snakkar programleiaren alltid Oslo-mål. (5)


Sentrum hegnar om sine eigne fordommar - og dyttar dei på oss

Både i Oslo-avisene, og især på TV, blir distrikta systematisk mobba. Mest grotesk er OJ, men dei andre ”moro-mennene” er ikkje stort betre. (6)

Utkantane reagerer på to måtar på dette: a) Utkant-sentra forsøker febrilsk å melde ut at ”sjå kor moderne/konkurransedyktige vi er”. Men overfor sentrum blir dette alltid ein kamp på bortebane. b) Dei som er litt mindre servile, satsar på lokal ressurs-kontroll, kulturvern og turisme. Det er bra, men ikkje godt nok Bygdene treng meir varierte arbeidsplassar.

Kvinnfolka lid under dette. Det er dei som er best utdanna. Men som den reaksjonære Rögnvaldur Hannesson ved Handelshøgskolen i Bergen seier det: Skal kystsamfunna overleve, må kvinnfolka tilbake til kjøkkenbenken! Han meiner at det ikkje er rom for at både mann og kone kan vere yrkesaktive i kystbygdene; det er rett og slett ikkje muleg å skaffe arbeidsplassar nok.

Slik som det nå utviklar seg, er vi på full fart mot eit macho-samfunn som kvinnene ønskar seg bort frå. Og begeistringa for Hagen - som eigentleg er den mest distriktsfiendtlege av alle norske politikarar - kjem av at mannfolka på bygdene har gått fullstendig i vranglås.

Og sentrum forsøker av alle krefter å bygge opp under sine eigne fordommar. Det er ikkje berre Oslo som mobbar primærnæringane og Kyst-Norge. Nyleg hadde Ytreberg frå NRK Troms ein reportasje om nedgangen i fiskeprisane. I staden for å intervjue fiskarane på ein skikkeleg måte, fekk han ein mann til å seie at : ”Æ må ro rævva av mæ for å klare utgiftene. Æ har ikkje tid til å være heime og ligge me kjærringa.” Slikt gjer seg nok godt når journalisten skal hauste poeng frå Oslo-miljøet. Men det er ikkje å ta kystens folk på alvor.


Merknader frå referenten:

(1) Saka gjeld nok neppe dei små mengdene av jordbruksvarer som eventuelt kan seljast til Norge. Det er større ting det er snakk om: Å splitte den norske NEI-fronten og få Norge med i Unionen, slik at Europas overdimensjonerte fiskeflåte kan forsyne seg av småfisken i Barentshavet.

(2) Det er ikkje berre det at media ”sviktar”. Dei er stort sett i hendene på motparten - dei multinasjonale matvaregigantane - som er ute etter å privatisere fiskeriallmenningen og skvise dei sjøleigande bøndene i rike land.

(3) Det er presis den samme typen ran som har skjedd med industrien og jorda i dei tidlegare sosialistiske landa i Aust, og som kommunistpartia var åleine om å reagere mot. Kanskje det er eit tankekors for RV/AKP?

(4) Eigentleg er jo ikkje dette sakas kjerne; bygdefolk har i dag høgare utdanning enn nokon gong tidlegare - spesielt kvinnene. Det er berre det at nesten ingen vil bruke den utdanningsreserven som finst der. I så måte stiller bygdefolk nesten i samme kategori som asylsøkarar.

(5) Det ”kulturelle mangfaldet” i barne-og ungdomsprogramma blir ”varetatt” ved at dei fleste program har barn og unge med anna hudfarge. Men vel å merke: Dei må snakke perfekt Oslo-mål for å bli godtatt! Kvite, dialekttalande barn og unge er like bannlyst i barne- og ungdomsprogramma som svarte barn i TV under Apartheid i Sør-Afrika.

(6) Den siste tida har vi sett at så lenge OJ sparkar nedover - på bygdesamfunnet - reagerer ingen politikarar eller større media. Men når han sparkar oppover, blir det ståhei.

Det er ein gyllen regel at ein ikkje skal forsøke å lage moro på bekostning av menneske som ein foraktar; da blir det mobbing og sjikane, ikkje humor. Honningsvåg-revyens behandling av samane og ”NRK-humoristane” si behandling av Bygde-Norge er grelle eksempel på dette.


I: FRIHETEN
Hausten 2002.