|
||||
Imperialismen som skapte nazismen. Av Hartvig Sætra Det er så uvanleg og befriande i dag å treffe på ein forfattar som vågar å fortelje sanninga om Vesten, at det fristar meg til til å anmelde og kommentere ei bok som eigentleg kom ut for snart ti år sidan, og som for tida er på billegsal her i landet. Det er Sven Lindqvists bok frå 1992: "Utrydd hver eneste jævel". Av Hartvig Sætra. Boka er lagt opp som ein kombinasjon av ei nåtidig reise gjennom Sahara og ei historisk reise gjennom kolonialismens verste ugjerningar. Det er skildringar av ein råskap som knapt blir overgått av Hitler eller Pol Pot; og det er berre eit hundreår som skil oss frå dette barbariet. Boka dokumenterer også korleis nazismen kunne vekse fram og få eit slikt omfang som den fekk. Hitler hadde sine førebilete, seier Lindqvist. I dag er det på moten med ei delvis rehabilitering av nazismen og nazistane. Lengst har dette gått i Kroatia; der er gatenamn etter kommunistiske partisanar om-døypt og namngitt etter Ustasja-bødlar. Det lovpriste ”liberale” styret i landet har ikkje endra dette. Og bagatelliseringa av ”Balkans Auschwitz”, Jasenovac, har til og med blitt adoptert av NTBs journalistar og av utgjevarane av Store Norske Leksikon. Ernst Nolte er Tysklands fremste „revisjonist”, dvs. omskrivar av historia. Han hevdar at ”Hitlers jødeutryddelse var ingen original handling. Det var er en reaksjon på Stalins utryddelse av kulakkene”. Den første delen av utsegna er riktig, seier Lindqvist. Men den andre er fundamentalt feil: ”Alle de tyske historikerne som har deltatt i debatten, synes å se i samme retning. Ingen ser vestover. Det gjorde derimot Hitler. Det Hitler ville skape, var et motstykke til det britiske imperiet. Det var hos briter og andre vesteuropeiske folk han fant de forbildene som jødeutryddelsen er en forvrengt kopi av.” Hovedtesen i Lindqvists bok er altså at det er hos vestlege folk Hitler har funne sine ideal. Og dokumentasjonen han framfører er så rystande at det er ei påkjenning også for oss som er samde med han. For folk som idealiserer Vesten og skyr marxismen, må det vere eit mareritt å lese denne boka., spesielt fordi den er så knakande godt formulert og dokumentert. Lindqvists iskalde, sarkastiske tone vil sjølvsagt terge ”revisjonistane” til kvitglødande raseri. For eksempel hos TV2s ”sanningsvitne”, Lindqvists landsmann Per Ahlmark, og hans medsamansvorne. Dei tenner bål straks dei hører om boka. Lindqvist går tilbake til imperialismens fødsel og seier det slik: ”Det førindustrielle Europa hadde ikke mye som var etterspurt av den øvrige verden. Vår viktigste eksportartikkel var vold... Våre kanoner møtte liten motstand blant de mer siviliserte folkeslagene.” Denne eksporten av vold og brutalitet verkeleggjorde at vi kunne importere både råvarer og billig arbeidskraft. På grunn av ”sigrane” over langt meir siviliserte folk kunne vesteuropeiske bandittar utvikle ein forbløffande grad av sjølvgodskap, illusjonar og menneskeforakt med bakgrunn i sine bravadar på asiatisk og afrikansk jord. Også dette rasistiske mølet importerte dei til vår eigen verdsdel, i lag med te og kakao. Også den gongen var det slik at ”moderne livsstil” vart kombinert med tilbakefall til tidlegare tiders forakt for dei svake. Av dette oppsto fascismen og nazismen - som eit ”moderne prosjekt”, har Zygmunt Bauman sagt. Best kjem dette til syne hos ein av modernismens største poetar, italienaren Marinetti. Han skreiv om den moderne tids behov for intelligente, skapande og sterke menn som kunne ”feie vekk den gammaldagse sentimentaliteten og moralismen” - det vil seie den kristne såvel som den sekulære humanismen. Han vart fascismens kulturelle banner-førar i Europa. Hans tema var industrialismen, vitskapen og krigen, som gav ”det moderne mennesket” rett til å herske. Og ”moderne menneske” fanst sjølvsagt berre i Vesten. Dei påståtte velsigningane ved ”globaliseringa” var på moten heilt frå midten av 1800-talet, men under andre namn. ”Kristendom” for eksempel. Eller ”sivilisasjon”. Dampbåten vart på eit tidleg tidspunkt tilbeden som ”revolusjonerande sivilisatorisk agens”, akkurat som IT-utviklinga i dag. Vyene var like fantasi-eggande og hallusinatoriske den gongen som nå. For eksempel skreiv Mcgregor Laird i 1837: ”Det gir en tilfredsstillelse å se hvordan hundrevis av dampbåter bærer det glade budskap om fred og fordragelighet mellom mennesker til de mørke steder på jorden, som nå er fulle av grusomhet.” - Hm, javisst, ja. Sitatet viser at verda endrar seg forbausande lite på 150 år. Også den gongen vart ei opptrapping av Den overnasjonale kapitalens imperialisme følgt opp av ein ideologisk offensiv, der den sterkastes rett var basis-norm. Også den gongen var etterplapringa og spyttslikkeriet overfor maktfolket den mest lukrative geskjeften for dei som skodde seg på å bedrive ord. Aldri blir det skrive og snakka meir om fred enn når krig herjar. Aldri blir det snakka meir om ”rettferdighet” enn når utbyttinga går mot nye høgder. Aldri blir det snakka meir om ”meneskerettigheter” enn når dei blir krenka mest. Våre heltar var med i slaktehuset I 1898 var den seinare statsmannen og krigshelten Winston Churchill med på slaget om Omdur-man, mellom den engelske kolonihæren og den sudanesiske kalifens hær. Den vart ein ulik kamp, der engelskmennene kunne skyte ned sudanesiske soldatar i tusental utan å miste ein einaste av sine eigne. ”Der ute på sletten skar kulene seg inn i levende kjøtt, knuste og splintret knokler, blod sprutet fra uhyggelige sår, tapre menn kjempet seg frem gjennom et helvete av hvinende metall... Geværene gikk varme og måtte kjøles ned. De tomme patronhylsene falt til jorden og dannet en haug ved hver soldat ... Denne mekaniske skytingen ble snart ensformig...” ”Over 9000 døde lå igjen av de 15 000 som kalifen hadde sendt ut i kamp. De engelske tapene var minimale.” ”Slik sluttet slaget ved Omdurman - den mest eklatante seier som videnskapens våpen noengang har vunnet over barbarer. På fem timer var den sterkeste og best bevæpnede hær av ville som noen gang var blitt stilt opp mot en europeisk stormakt, uten større vanskeligheter, med forholdsvis liten risiko og ubetydelige tap for seierherrene, blitt slått og drevet på flukt”. Å drepe frå ein trygg og risikofri posisjon var altså kjent allereie for hundre år sidan. Det er tydelegvis ein anglosaksisk spesialitet. Men i våre dagar strevar også nordmenn for å henge med. Og i dag er det ikkje berre bomber som blir brukt til avstandsdrap; strukturreformar, gjeldsavskrivingar og frihandel er like effektive drapsvåpen. At England i mellomtida fekk smake litt av sin eigen medisin i to verdskrigar, ser ikkje ut til å ha sett skrekk i Churchills anglo-saksiske arvtakarar. ”Alltid beredt” Grunnleggaren av speidarrørsla, general Baden-Powell, var med på menneskeslakting i Matabeleland i det nåverande Zimbabwe. Han var da offiser i den britiske hæren, men ”utlånt” til ”British Africa Company”. Hans jobb var å drepe ”ville” for at eigarane av selskapet skulle tene meir pengar. Matabelane hadde blitt beseira i 1894; dei mista over 90% av buskapen og all den beste jorda til selskapet. Eit tidlegare velstandsfolk vart heimsøkt av svolt og fornedring. ”I 1896 kom opprøret. Baden-Powell er med, henrykt over endelig å ”have a go” mot en fiende ”som knapt nok er i stand til å tilføye trenede soldater noen skade. Allerede i sin første kamp dreper han og hans tropp 200 ”innfødte” til en pris av bare en fallen europeer.” Tidlegare hadde Baden-Powell vore med på den blodige nedkjempinga av Ashanti-riket ved Guinea-bukta. Sjefen hans, Lord Garnet Wolsley, møtte motstand, derfor hadde dei mykje moro. Slik skriv Baden-Powell: ”Det er bare gjennom egen erfaring man forstår hvilken intens og medrivende følelse av velbehag angrepet på en fiende kan inngi allerede på forhånd ... Alle andre følelser blir bare pling av en dørklokke sammenlignet med drønnet fra Big Ben.” Etter ei tids nedslakting måtte Ashanti-kongen og mor hans, enkedronninga, krype på knea fram for Wolsley og Baden-Powell - dette lysande eksempel for sunne amerikanske og vesteuropeiske barn i speiderbevegelsen gjennom hundre år. For dei kvite vart mottoet: ” Vær beredt - til å drepe”. Og for dei andre: ”Alltid beredt - til å dø”.| Benin - imperialismens Trnopolje og Srebrenica Ennå kring 1840 hang det att ein humanistisk tradisjon i dei europeiske landa, slik at forteljingane om nedslaktinga i Afrika skapte sinne blant kristne og intellektuelle. Uroa kunne i blant bli eit alvorleg indre problem, både i England og Frankrike. Sterkast var reaksjonane i Tyskland, sjå eige avsnitt om det. Det oppsto behov for å skape ”balanse” i det psykologiske bildet av kolonihærane. Altså måtte ein ty til propaganda og manipuleringar av sanninga. Og den gongen som nå var det viktig å skape eit bilde av visse ”verstingar” hos motstandarane. I dag veit alle kven det dreiar seg om. For hundre år sidan var det Benin som var utpeika til å spele Serbias rolle. Sjølvsagt var heller ikkje eineherskarane i enkelte av dei innfødde kongerika mors beste barn. I Benin foregjekk det menneskeofringar. Dette kunne brukast etter at Benin vart storma, plyndra og brent i 1897. Klok av tidlegare tabber vart det ikkje offentleggjort kor mange ”ville” som vart drepne. I staden vart det publisert måleri(!) av ofringsstadene. ”Hodeskaller skinner som hvitveis på marken”, skreiv den kulørte pressa, som fråtsa i detaljar. Avgudsbilder dekt av levra blod vart grøssande tema under London-fiffens ”five o´clock tea”. Dei intellektuelles kritikk av den engelske hærens masseslakt dampa vekk som dogg for sola. Akkurat som venstresidas innvendingar mot å bombe serberane vart borte etter ITNs manipulerte reportasjar frå den såkalla ”konsentrasjonsleiren” i Trnopolje, vart England nå samansveisa mot ”villskap og hedenskap”. Sjølvsagt ofra Benins herskarar folk. Dei vart til og med korsfesta under offerhandlinga. Akkurat som i Srebrenica var det ei kjerne av sanning i propagandaen om Benin. Det var berre det at dimensjonane vart forvrengt og brukt til å rettferdiggjere eigne overgrep av enda større dimensjonar. Propagandaen har altså endra seg lite. Den gongen brukte dei pensel og palett, i dag brukar dei videokamera og redigeringsbord. Resultatet blir det samme: Hemnen kan mangedoblast utan at eigen opinion reagerer over det. Utviklingslæras elende Det er mange biologar det siste hundreåret som har tenkt slik som eg av og til gjer: ”Det er klart at utviklingslæra er sann. Men når ein tenker på all den brutaliteten og rasismen som denne læra har blitt brukt som påskot til, var det kanskje betre om vi hadde forsont oss med kyrkjas løgner”. - Sjølvsagt veit eg at det er forkjært å seie slikt. Ein må heller slåst på anna grunnlag mot misbruket av utviklingslæra. Det starta i Frankrike med geologen Cuvier, som systematiserte fossilane, og Lamarck, som reelt er ”utviklingslæras far”. Wallace og Darwin gav i ettertid ei riktigare forklaring, men hovudjobben med begrepet ”utvikling” var gjort på fransk jord. Både Darwin og Wallace opplevde brutale nedslaktingar av innfødde på sine reiser. Darwin reagerer skarpt på brutaliteten til den argentiske generalen Rosas: ”Alle her er overbevist om at det er en rettferdig krig, siden den utkjempes mot barbarer. Hvem hadde kunne tro at slike ugjerninger kunne bli begått i et kristent, sivilisert land i vår tid”. Det sa altså lærefaderen i 1830-åra. Han var ennå merka av humanismen i etterkant av den franske revolusjon. Det han ikkje visste, var at det skulle bli mykje verre; og han sjølv skulle bli tatt til inntekt for barbariet. Darwin fekk dei samme problema med darwinistane som Marx med marxistane: Læra kunne tolkast i ganske forkjærte retningar. For mange av darwinistane gav ”kampen for tilværelsen” eit grunnlag for å forsvare imperialismen. Riktig nok laga dei ei slutningsrekke som beit seg sjølv i halen: ”Fordi dei kvite klarer å drepe dei svarte, og ikkje omvendt, er dei svarte underlegne, og dermed har dei kvite lov til å herske - og drepe dei svarte”. Dermed var vegen kort til å kalle rasismen ”vitskap”, koloniseringa fekk stempelet ”modernisering”, og å akseptere folkemord var synonymt med ”å følgje med i tida”. Det fanst eit ”Aborigines Protection Society”, danna i 1838 som reaksjon på redselsskildringane frå koloniane. Men, seier Lindqvist, ”denne kamporganisasjonen mot folkemord arbeidet gjennom resten av 1800-tallet i stadig sterkere motvind”. Med andre ord: ”Aborigines Protection Society” var den tidas “museumsvakter” - ein parallell til FIAN, Palestina-gruppene og NKP i vår tid. Også i den tida var det ”markedets jernharde lov” som rådde. Klassikaren Adam Smith sa det slik: ”Etterspørselen etter mennesker, liksom etter alle andre varer, regulerer produksjonen av mennesker; øker den når den går for langsomt og minsker den når den går for fort.” Slik kommenterer Lindqvist dette: ”Gjelder ikke Adam Smiths lov også i dag? Kommer et samfunn som ikke kan hevde retten til arbeid, i det lange løp til å kunne hevde retten til liv? En voksende andel av den raskt voksende befolkningen i dag blir uegnet eller overflødige sett fra arbeidsgivernes synspunkt. Ennå har ikke presset fra de sultne og desperate milliardene i verden blitt så sterkt at verdens mektige ser Kurtz´ løsning (utrydding, o.m.) som den eneste humane. Men den dagen er ikke langt borte. Jeg ser den komme. Derfor studerer jeg historien.” Dei anglosaksiske overmenneska Den ”vitskaplege rasismen” starta i 1850 på anglosaksisk grunn, med Robert Knox´ ”The Races of Man”. Her kjører han rase- og utryddingsteoriane ut i sin ytterste konsekvens: Han skriv at alle rasar er lågare og meir forderva enn den kvite; og blant dei kvite rasane er alle lågare enn den anglosaksiske. Dei ”mørke rasane” er dømt til å døy ut, hevda han. ”Etter Knox og Darwin ble det mote å trekke på skuldrene av folkemord. Om man ble opprørt, røpet man bare sin mangel på dannelse. Protesterte gjorde bare noen gamle stabeiser som ikke hadde klart å følge med på naturvitenskapens fremskritt.” ”I 1898 sa Englands statsminister lord Salisbury i sin berømte tale i Albert Hall: ”Man kan grovt inndele verdens nasjoner i de levende og de døende. De svake statene blir stadig svakere”, sa han, ”og de levende nasjoner bemektiger seg de døendes territorium”. Da var det gått nesten femti år sidan Robert Knox skreiv dette: ”Lover er til for å binde de svake og brytes av de sterke”. Betrakt det som USA og Israel foretar seg i dag, og du ser at dette prinsippet står like fast også 150 år etter Knox. I dag blir det praktisert av fleire: Heile EU pluss kroatane og israelarane er tatt inn i varmen i lag med dei anglo-saksiske herskarane, det er heile forskjellen. Tyskland kjem omsider på banen Tyskarane hadde i 1850 ennå ikkje utrydda noko folk. Tyske antropologar, geografar og filosofar hang lenger igjen ved tidlegare humanistiske ideal enn folkeslaga lenger vest. Men kring forrige hundreårsskifte skjer det eit omslag. Da lagar kulturgeografen Ratzel begrepet ”Lebensraum“. Eit slikt rom var ikkje lenger tilgjengeleg i Afrika og Asia. Det førte til at tyskarane retta sin ekspansjon austover mot slavarane og ”innover” mot jødane. Endeleg, meinte mange, var Tyskland blitt ein sterk, ”moderne” nasjon og ikkje ei stagnert makt. For å demonstrere sin nye ”globaliserte” posisjon hadde Tyskland tatt det nåverande Namibia i Afrika. Der tok dei sitt monn igjen i 1904 ved å likvidere heile herero-folket på 80 000 menneske. Det skjedde ved at dei vart jaga ut i ørkenen og omkom der av svolt og tørste. Da regntida kom, fann tyskarane skjeletta rundt 12-16 meter djupe vasshol som hereros hadde forsøkt å grave for å overleve. Dette var den tyske generalstaben stolte av. ”Hæren fortjener fedrelandets takknemlighet”, som det vart sagt. Tyskland var på veg til å ta igjen angelsaksarane og franskmennene. Og grunnlaget for det som skjedde 30-40 år seinare, var lagt. Som Lindqvist skriv: ”(Inspirert av begrepet Lebensraum) begynte Hitler krigen for å skaffe mer jordbruksland, og det bare et par tiår før alle Europas stater begynte å betale sine bønder for å legge ned jordbrukene.” Denne ekspansjonen skulle skje mot aust. Der var det både jødar og slaviske folkeslag. Jødane skulle døy. Det skulle også alle kommunistar; og Hitler var raus med å bruke den merkelappen, akkurat som Håkon Lie, Hagen og Bush, og Suharto i 1965 . Dei slaviske folkeslaga skulle miste sine leiarar og bli slavar. Som namnet sa. ”Skrittet fra massemord til folkemord ble ikke tatt før den antisemittiske tradisjonen møtte den folkemordstradisjon som hadde oppstått gjennom Europas ekspansjon i Amerika, Afrika, Australia og Asia”, skriv Lindqvist. Nå vart det også laga ein fellesnemnar for dei ”verdige” folkeslaga: ”Den ariske rasen”. Men uheldig nok for Hitlers velmeinte idé vart det innbyrdes krig mellom ariske folk. Det var likevel stor skilnad på behandlinga av ariske og ikkje-ariske fiendar: Berre 3,5% av engelske og amerikanske krigsfangar døydde i tysk fangenskap. Av dei sovjetiske døydde 57%. På Balkan skjedde det samme under Hitlers felttog som i dag: Kroatane vart automatisk forvandla til å vere ”ariske”. Muslimane misunte dei, og laga ei eiga historie om at dei stamma frå ein eigen arisk stamme, bohumil-ane. Da vart dei godtekne som ”ariske” av Hitler i 1942. Kjenner du dette igjen, sa du? Ja da, det var ei utstilling i Oslo først i nittiåra, der vår ”Balkan-ekspert” Mønnesland gjekk god for denne historia. Og da Thorvald Stoltenberg sa at ”de er jo egentlige serbere alle sammen”, vart han sjikanert av SVs avis Ny Tid. Også SV hadde tydelegvis akseptert bohumil-historia. Også SV oppfatta bosniske muslimar som ”ariske”. Eller kanskje vi heller skulle bruke Knox´ ord: ”Anglo-saksiske”? Visste folk kva deira landsmenn gjorde? Ja, seier Linqvist. Folk visste det ”Liksom dannede franskmenn på 1950- og 60-tallet viste hva deres tropper gjorde i Vietnam og Algerie. Liksom dannede russere på åttitallet visste hva deres tropper gjorde i Afghanistan, og dannede sørafrikanere og amerikanere visste hva deres ”hjelpetropper” gjorde i Mocambique og Sør-Amerika. Liksom dannede europeere i dag vet hvordan barna dør når gjeldssvøpen hviner over de fattige landene. Det er ikke kunnskapen som mangler. Den dannede allmenhet har til alle tider visst hva som ble og blir begått i Fremskrittets, Sivilisasjonens, Sosialismens, Demokratiets og Markedets navn.” Sjølvsagt har han rett. Men ”de dannede klasser” har også sørga for at ”de mindre dannede” ikkje skal få vite kva som skjer. I 1991 fekk eg i retur ein bestilt artikkel til antologien ”Den uoverstigelige grense” (Chr. Michelsens Institutt) som eigentleg var klar for trykking, utan økonomisk vederlag for arbeidet. Årsak? Eg hadde skrive om ”hvordan barn dør når gjeldssvøpen hviner over de fattige landene”. Eg hadde skrive om dei 500 000 som i følgje UNICEF døyr kvart år på grunn av Verdensbankens og Pengefondets strukturreformar. Eg omtala også ei doktoravhandling som viste at sveltedøden er ein av dei mest smertefulle som finst. Dei 500 000 blir torturert i hel - på avstand. Ein årleg, mangedobbel reprise på Omdurman. Og eg samanlikna denne massakren med nazismens massakrar. Det syntest eg det var god grunn til. Men det syntest ikkje ”menneskerettsprofessoren” Bernt Hagtvedt. Derfor vart eg sensurert vekk frå antologien. Hagtvedt kunne ikkje ”motbevise” UNICEFs tal. Men det var upassande å snakke så høgt om det. Hagtvedt representerer den delen av vestleg nyheitsmanipulasjon som Sven Lindqvist tar eit generaloppgjer med i denne viktige boka - den viktigaste som kom ut i Norden i nittiåra. Men det er Hagtvedt som er sigerherren. Og Lindqvist er på billegsal. Snart har det gått den vegen med all opposisjon i nordiske land, som Joseph Conrads romanperson Kurz ønska når det gjaldt afrikanarane: ”Utrrydd hver eneste jævel!” Sven Lindqvist: "Utrota varenda jävel". Bonnier 1992, norsk utgåve Oktober 1993. Nominert til Nordisk Råds litteraturpris, men nådde ikkje opp. |