Kor mange jordklodar treng Hagen?

Midt under valkampen fekk eg tips om å gå inn på denne nettsida:

earthday net

Der kunne eg svare på nøkkelspørsmål om heimplass, alder, bustad, bil, flybruk osv.
Ut frå dette vart mitt ”økologiske fotefar” bestemt - dvs. kor ressurskrevjande mitt liv er, sett i global samanheng.

Sant å seie venta eg eit relativt pent resultat ut frå mitt relativt nøkterne forhold til bilisme, flyreiser og Syden-turar.

Svaret var likevel ganske sjokkerande: ”Ditt fotefar er på 5,9 hektar. Globalt har kvart menneske 1,8 ha til rådvelde. Dersom alle folk på jorda lever som deg, trengst det 3,3 jordklodar.”

Men under sto det ei viktig tilleggsopplysning: ”Forbruket i ditt land fører med seg at kvar innbyggar i gjennomsnitt har eit fotefar på 7,9 ha.” Ei rask utrekning viser dermed at Ola og Kari treng 4,4 jordklodar.

Altså må det vere mange som har eit langt større fotefar enn dette, når eg ligg ein heil jordklode under gjennomsnittet.

For eksempel: Kva med Carl I. Hagen? Eg slo meg inn på nettsida på ny, og la inn ganske nøkterne tal for hans bruk av bil, importert ferdigmat, svenskehandel, flyreiser, bustad, Syden-opphald osv. Hadde vi hatt lenger tid igjen av valkampen, skulle eg bede lesarane gjette kor mange klodar Hagen (minst) treng for sin livsførsel. Men nå vil eg gi svaret straks: Hans økologiske fotefar er 20,3 ha, pluss/minus ein mindre feilmargin. Dermed treng han 11 klodar!

Litt å tenke over, spesielt for unge menneske som skal overta denne eine stakkars kloden etter Hagens forbruksfest.


Hartvig Sætra
10. september 2003.