Kortversjon til framføring i Narvik 16.02.02


1. Marxistiske teser for samfunnsendring ut frå vårt moderne fysiske verdsbilde.

Vi må få ei endring - nokon vil kalle det ei presisering - av dei marxistiske verditeoriane, slik at dei blir vitskapleg akseptable ut frå moderne fysikk, biologi og økologi. Vi må ut frå dette legge opp ein strategi for berekraftig utvikling, og erkjenne at ”vekst og vern” er ein fiksjon som hører historia til, akkurat som påstanden om at jorda er flat. Ut frå dette må vi krevje ei utvikling av globalt likeverd i levekår, og eit globalt demokrati som kan styre dei totalitære korporative strukturane. Markedsliberalismen har til fulle vist at den er ute av stand til å utvikle eit berekraftig, likeverdig og demokratisk globalsamfunn. Sosialistar og kommunistar må våge å stille i fronten for ei demokratisering av økonomisk makt og ressursbruk på globalt nivå. Det betyr at dersom globale demokratiske vedtak pålegg oss å redusere CO2-utsleppa og andre utslag av vårt overforbruk av lågentropi, så må vi akseptere dette, og ikkje bruke vår teknologiske og våpentekniske overmakt til å tvinge gjennom eit fortsatt overforbruk. Vi må erkjenne at det som blir kalla vårt ”økologiske fotefar” - vårt forbruk av lågentropi pr. person - ligg langt over vår ”økologiske kvote” - altså det uttaket av lågentropi som kvar person på jorda har ”rett til”å ta ut i eit berekraftig samfunn.

2. Naturlovar og samfunnsbasis.

Marx bygger sine teoriar på at den økonomiske verksemda er samfunnbasis. Dei religiøse, filosofiske, litterære, humanitære, allmennkulturelle og politiske sidene ved samfunnet er ”overbygget”; dei avspeglar det som foregår i basis. I den første tida da dei økopolitiske saksområda kom på dagsordenen iseksti- og syttiåra, var det ein tendens blant sosialistar og kommunistar til å hevde at ”økologiog naturvern hører tiloverbygget. Det er framleis økonomien som dannar basis i samfunnet”. Men dette er ein forkjært tankegang, som i sin ytterste konsekvens betyr at ein fristeller økonomien frå dei fysiske lovane. Dette har sjølvsagt Marx aldri meint. Han var omhyggeleg med at marxismen måtte ta opp i seg alle sentrale vitskaplege framsteg og erkjenningar. Å lausrive produksjonen, økonomien og samfunnsformasjonane frå det fysiske grunnlaget for all vare-og tenesteproduksjon, ville for han vere ”idealisme”, altså ein tankegang utan røtter i vitskaplege lovar. Samtidig veit vi at svært mange av lovane for den fysiske natur var ufullstendig utvikla på Marx´ tid, og mange sentrale lovar er komne først etter hans død. Det gjeld to av dei fysiske lovane som rangerer svært høgt, nesten like høgt som Einsteins teoriar: Den første og den andre termodynamiske lov. Den første loven seier i popularisert form at materien og energien er konstant, så lenge det ikkje inntrer kjernefysiske reaksjonar, for da vil stoff kunna gå over til energi etter Einsteins formel E = mc2. Den andre loven seier at entropien, som er graden av bunden energi, vil auke kontinuerleg i eit lukka system. Ettersom entropien aukar, vil energien bli mindre og mindre tilgjengeleg til bruk for økonomiske føremål, slik som produksjon, transport og kommunikasjon. Samtidig fortel denne loven at dersom vi brukar låg-entropisk energi til slike føremål, vil denne energien ikkje bli ”oppbrukt”, men få ein høgare grad av entropi eller uorden. energien vil derfor bli mindre tilgjengeleg for produktiv bruk enn før. Og energi som er spreidd i atmosfæren, er i praksis utilgjengeleg for bruk til produktive føremål. Den som har lært oss betydninga av desse lovane for samfunnsbasisen, er eks-rumenaren Nicolae Georgescu-Roegen.

3. Ekstraktiv og reproduktiv produksjon.

Vi skal ta for oss to viktige, men nokså ulike eksempel:
a. Når vi brukar bensin til å drive ein bil, utnyttar vi den ordna, kjemiske energien (lågentropien) i hydrokarbon-molekyla. Denne energien driv motoren, men vi klarer berre å utnytte omlag halvparten til drivkraft. Resten ender som utspedd varme i atmosfæren. Der hamnar også driv-energien når motoren blir avkjølt. Dei energirike hydrokarbon-molekyla ender som energifattige molekyl: CO2 og H2O. Med andre ord er resultatet av prosessane i motoren, at jordas mengde av lågentropi i form av energirikt fossilt brensel har minka, mens mengda av høgentropi i form av varme, CO2 og H2O i atmosfæren har auka. I løpet av prosessen har vi tatt ut eit økonomisk utbytte i form av transport over ein viss distanse.
b. La oss ta for oss ein kinesisk bonde som bryt jord og dyrkar ris og grønnsaker. Ein del kan han og familien selje, men det meste et dei sjølve. Også i denne prosessen blir det brukt lågentropiske, energirike molekyl som basis: Stivelse frå risen, - sukker, vitamin og mineral frå grønnsakene, protein frå hønene som har ete ris og avfall, og rishalm og villgras til vannbøffelen som er trekk-kraft. Bondens og bøffelens kroppar omgjer energien i maten til arbeid, som blir brukt til å reprodusere matvarene og gi eit mindre ekstra-utbytte. Også bonden og bøffelen pustar ut CO2 og H2O etter at lågentropien er henta ut. Den store forskjellen frå det forrige eksemplet er kvar energien - lågentropien - kjem ifrå. Svaret her er som kjent: Frå sola. Plantene bind CO2 og H2O i sine klorofyll-celler ved hjelp av energi=lågentropi i solstrålane. Det er den prosessen vi kallar fotosyntese. I dette tilfellet blir ikkje jordas samla mengde av lågentropi minska. Den blir tvert om reprodusert over eit bestemt og ganske kort tidsrom. Den økologiske vitskapen brukar å kalle dette ”bruk av fornybar energi”. Og fordi denne prosessen ikkje forringar jordas samla sum av lågentropi, kallar vi den også ”berekraftig” eller ”reproduktiv”. Den forrige prosessen, bilkjøringa, gå derimot ut på å bruke fossil lågentropi, altså energi som er danna ved fotosyntese i tidlegare årmillionar og deretter lagra i jorda. Denne energien lar seg ikkje fornye, i alle fall ikkje innafor eit akseptabelt tidsrom, og bruken er derfor ikkje berekraftig. Vi kan kalle den ekstraktiv. I motsetning til ”bonde-prosessen”, som resirkulerer CO2, vil denne prosessen auke CO2-innhaldet i atmosfæren. Kva det fører til, veit vi alle.

    4. Kva konklusjonar kan vi komme med om verditeorien ut frå dette?

    Først og fremst dette: Dersom ein økonomisk vekstprosess skal foregå, må vi i all hovudsak bruke den ekstraprofitten vi får frå ekstraktive prosessar, altså frå utnytting av fossil lågentropi. Men det finst unntak; og desse unntaka kan vi utnytte betre enn før på grunn av datateknologien. Det viktigaste unntaket kan vi beskrive slik: Det vart sagt om bilmotoren at den knapt kan utnytte 50% av den fossile energien; resten går til spille. Med ny teknologi kan vi ofte drive utnyttingsgraden opp mot 80%. Og i forhold til primitive motorar er dette ein stor gevinst: Vi får 60% meir økonomi igjen for samme utslepp av varme og avfallsstoff. Men dersom vi med det trur at nå har prosessen ”nesten blitt berekraftig”, tar vi feil. Det er uansett snakk om ei utnytting av fossile ressursar, som riktig nok er blitt minska, men som i heile sitt omfang er ikkje-berekraftig. Ser vi på motor-prosessen i bilen, utnyttar den ein energi som er mange gonger eit menneskes arbeidskapasitet. Vi brukar som kjent å måle den i ”hestekrefter”. Borgström var ein av dei første til å beskrive forholdet mellom reprodusert og fossil energi, da han rekna bilbruk, fly og maskinar om til ”energislave-einingar”. På sekstitalet kom han til at ein gjennomsnittsborgar i USA benytta seg av omkring 270 ”energislavar”, stort sett av fossilt opphav.

    Både Borgströms og Georgescu-Roegens eksempel viser sjølvsagt at arbeidsverditeorien i si enkle form berre kan brukast om reproduktive produksjonsmåtar. Når ein stor del av produksjonsvolumet i eit kapitalistisk samfunn kjem frå ekstraktiv produksjon, utbyttar kapitalen både arbeidaren (i form av arbeidskraft og intellektuell kreativitet) og naturen/ressursgrunnlaget (i form av ”energislavar”).

    5. Korfor kan ikkje sosialismen ”vinne” over kapitalismen under økonomisk vekst?

    Dette har med den sosiale dynamikken i eit vekst-samfunn å gjere. Så lenge det er ekstraktiv ekstraprofitt å hauste, vil systemet gi store økonomiske gevinstar til dei som er flinkast til å maksimere denne profitten. Veldig ofte vil den største profitten bli hausta i rike land der ein kan minimere arbeidsstokken ved rasjonalisering, eller i fattige land der arbeidskrafta er billeg. Dermed blir åtaka på fagorganisering, lønningar og arbeidarvern viktige for kapitalen. Økonomisk vekst blir lokkemidlet, både overfor dei arbeidarane som unngår oppseiing, og for styresmaktene: Ved hjelp av den kan arbeidarane unngå forverring av arbeidsvilkåra og lønningane, utan at profittraten for kapitalen går ned. Meirverdien som er brukt til dette, kjem frå auka bruk av profitabel lågentropi, og minska bruk av arbeidskraft. Dei relativt få arbeidarane som unngår svartkatten, blir innprenta at deira arbeidsplassar er totalt avhengige av høgt forbruk av lågentropi. Dermed vil alle forsøk frå venstresida på sparing og fordeling av lågentropi, bli møtt med motvilje hos den tradisjonelle arbeidarklassen. Slik blir dagens arbeidarklasse lett offer for propaganda frå H og FRP.

    6. Kven blir utbytta under ”imperialismen på framtida”?

    Dette å forsere dagens utnytting av fossile energiressursar opp mot den fysiske uttaksgrensa, skaper rikeleg med profitt i dag for den kapitalen som er delaktig. Denne profitten blir ikkje i første rekke trekt ut av arbeidarklassen, uansett korleis vi definerer den. Heller ikkje er imperialistisk utbytting av våre samtidige i u-land nøkkelen til verdiauken for kapitalen. Det meste består i det ein kan kalle ”imperialisme på framtida”: Forsert og usolidarisk uttapping av lagerressursane. Når oljen minskar og til slutt blir borte, må dei generasjonane som kjem etter oss, anten tåle økonomisk nedgang eller dei må betale dyrt for å utvikle alternativ til dei fossile lågentropi-kjeldene. Dette vil med stor visse føre til økonomisk stagnasjon og nedgang. Men den dagen da kapitalismen møter veggen i ressursmessig samanheng, er krisa eit faktum. Den dagen eit relativt rikt land må skjere ned på forbruket, og veksten blir negativ, vil folk etterspørje likeverd, solidaritet og utjamning. Og i lengda vil alle samfunn på jorda møte eit slikt ”sannhetens øyeblikk”, da ressursane ikkje lenger gir rom for økonomisk vekst, dvs. forbruksvekst for alle i samfunnet. Denne situasjonen er den liberalistiske kapitalismen totalt ute av stand til å takle.

    7. Einaste alternativ: Sosialistisk sparing og fordeling.

    Eit samfunn som må innrette forbruket etter ressurstilgangen for framtida, vil strype kapitalismen fordi den ikkje får si livgjevande føde: Aukande uttak av lågentropi, økonomisk vekst, og dermed profitt. Dette er grunnen til at vi må halde sosialismen levande som idé framover: Det er berre den som kan berge oss når folketalet aukar, lågentropien skrumpar inn, og den økonomiske veksten blir borte. Dessutan ser vi allereie i dag at trass i det aukande ressurs-uttaket og den økonomiske veksten, blir resultatet av den enorme lågentropi-bruken ekstremt skeivt fordelt, slik at dei rike stadig blir rikare og dei fattige blir fleire og enda fattigare. Dette kan sjølvsagt ikkje halde fram. Det er ikkje enkelt å vere sosialist i eit rikt land, og bere fram kravet om global utjamning; for det betyr jo eit krav til mange menneske om innstramningar i den personlege økonomien. Men dersom vi skal gjere alvor av våre gode ord om å gjere livsvilkåra betre for jordas fattige fleirtal, kjem vi aldri unna ei slik innstramming. Det er nemleg ikkje ressursar nok på jorda til at vi både kan hjelpe fleirtalet av fattige, og halde oppe luksus-elementa i levestandarden til gjennomsnittsbefolkninga i rike land. Men vi skal hugse at også i rike land finst det fattige menneske, som lever langt under gjennomsnittet. Derfor har den framtidige rekninga som blir presentert for velståande nordmenn to postar: Ein stor for global utjamning, og ein mindre for utjamning på innanlandsk nivå. Mange av oss har råd til å vere med på begge delar.