Hartvig Sætra. Priviligerte overklasse-sønner slåst om verdas lagnad.





Priviligerte overklasse-sønner slåst om verdas lagnad.

Av Hartvig Sætra



Vi har ein krig gåande, der to milliardær-sønner med eit tidlegare liv i sus og dus står mot kvarandre.

Sjølve risikerer dei lite og ingenting; men dei er villige til å ofre livet til hundretusenvis fattige og underpriviligerte menneske, både i sitt eige land og i land langt borte.

La oss legge til den nyheita som nyleg vart kjend i USA: Milliardærane Bush senior og bin Laden senior har begge investert store pengar i samme multinasjonale firma: Carlyle Group, ein handelsbank som i stor grad finansierer verdas våpen- og flyindustri (Emperor’s Clothes 08.10.01).

La oss ta med det som blir sagt om dei to personane frå det velrenommerte alternative nyheitsbyrået Indymedia (23.10.01) — byrået til dei fredelege demonstrantane i Gøteborg, Genova og Quebec:

Etter to veker med tung og massiv bombing som har krevd mange sivile liv, gjer nå president George W. Bush klar for innsats av bakkestyrkar for å spore opp sin motpart Osama bin Laden.

Heretter vil underpriviligerte soldatar frå begge sider skyte kvarandre i denne striden mellom to tidlegare selskapsløver som nå har omvendt seg til kvar sitt bilete av Gud. Både før og etter dette har dei to gjort seg skuldige i drap av sakeslause enneske — flypassasjerar, personell i bygningar, flyktningar, sivile i byar og landsbyar, narko-offer over store delar av verda.

Dette seier Bush: «Osama bin Laden er symbolet på det vonde; ein mann med ansvar for mord på tusenvis av uskuldige amerikanarar. Han vil ikkje sleppe unna lov og rett.»

Presidenten bed Kongressen om $250 mill - omtrent det beløpet som Osama bin Laden arva frå sin far, den styrtrike saudiske entrepenøren.

Sjølv levde Bush sine tjue- og trettiår drivande rundt i det han sjølv kallar sin «nomadiske periode». I 40-årsalderen fekk han via den enorme familieformuen kjøpt opp ein farm i Texas på 6500 mål dyrka mark og atskillig bygningsmasse.

Samtidig gjekk han over til metodistane og begynte eit «liv utan alkoholen».

Omtrent samtidig med Bushs «nomadiske år» gjekk bin Laden på fylla i Beirut og slåst om kvinnfolk på barane. Tidlegare hadde han studert engelsk og økonomi etter vestleg mønster, for å ta over familiebedriften. Ingen ting i hans liv og oppførsel tyda på noko anna enn ein kopi av vestleg kapitalistisk familiedynasti, før han 34 år gammal brått for til Sudan, og seinare etablerte seg som uredd antikommunistisk krigar og støttespelar for CIA i Afghanistan.

Nå seier bin Laden i sitt siste intervju (med al-Jazeera): «Den skamlause innverknaden frå Vest må drivast ut av den arabiske verda med ein gong og for alltid».

I sin tale til nasjonen på måndag 22. oktober. sa Bush: «USA vil aldri la seg beseire. Våre krigarar er sterke. Dei er førebudd på det som står framfor».

Og amerikanske militære bakka opp om presidenten utan nøling.
«Vi må inn der og ta ut bin Laden», sa Joseph Barton, ein 19 år gammal armé-reservist frå den utarma småbyen Sissonville, West Virginia». Den her er budd på jobben. Og han ladde rifla og gjorde seg klar til å slåst med 18-19 år gamle Taliban-soldatar frå den utfattige landsbyen Qalat, Afghanistan.

I følgje dr. James Cleary ved Georgetown universitet (Guyana), professor i politisk teori, er både Bush og bin Laden lysande eksempel på korleis rikdom og makt er ulikt fordelt både i Aust og Vest.

«I USA er det velkjent at politisk makt er eit domene for dei rike», seier Cleary. I den arabiske verda er det annleis. Der er politikken eit domene for dei super-rike.

Og vi kunne føye til: Både i Aust og Vest er det fattigfolk som må betale prisen når dei tidlegare festløvene brakar i hop i kamp for kvar sin Gud.



Av Hartvig Sætra,
oktober 2001