Foretrakk Hagen framfor Riddu Riddu

På 21. juli hørte vi at journalistar frå Dagbladet og VG hadde vore innom Riddu Riddu og fotografert. Alle rekna det som eit stort pluss at nå var
festivalen endeleg oppdaga også av hovudstadspressa. Fulle av forventning kjøpte vi begge aviser både på søndag og måndag. Ikkje eit ord om Riddu Riddu.

Men samtidig forsto vi korfor journalistar i desse avisene var på ein av sine
ekstremt sjeldne visittar i Nord-Troms: Dei skulle dekke Carl I. Hagens valmøte i Nordreisa!

I Dagbladet førte dette til ein veritabel skrytereportasje som Frp kan la gå
rett inn i valmateriellet. Blant anna var dei overgitt over det gode
frammøtet, omkring 200 personar. Til det kan seiast at allereie i 1967
klarte Nordreisa SF å samle over 200 menneske til eit møte med Finn
Gustavsen. Og da var kommunikasjonane i denne regionen ganske annleis
vanskelege enn i dag. Nå er det er lett å samle folk frå heile regionen pr. bil.

Dagbladet og andre Oslo-media prioriterer Hagens spel for galleriet framfor ekte engasjerande teater. Mens Totalteatret perforerte den antisamiske rasismen i ei av nabobygdene, foretrakk Dagbladet å hylle den store helten for dei som skyt ned samiske skilt i Nord-Troms. Det fortel mykje om
forfallet i norske media når dei set ein kulturlaus ego-politikar framfor
ein levande norsk utkant-kultur i regi av vår spill-levande urbefolkning.



Hartvig Sætra
30-07-2001.