Utskrift fra www.folketsframtid.no. Folkets Framtid © 2004

09.05.2003:


Norsk utviklingshjelp til Texas og Oklahoma?

Grunnen til dette spørsmålet er at både NRK og mange norske aviser har gått til nye, sterke åtak på tollvernet for norsk jordbruk. Denne gongen er det ikkje omsynet til stakkars norske forbrukarar det gjeld. Men dei norske bøndene står i vegen for norsk u-hjelp. Som det gjerne heiter: «Vi må avvikle en type handelspolitik og støtteordninger som holder jordbruksproduksjonen i den tredje verden utenfor våre markeder».

Av HARTVIG SÆTRA, Moen

Den måten media ordlegg seg på, kan få uinformerte folk til å tru at når Norge legg toll på innførsel av potet, korn, mjølkevarer og kjøtt, så stenger vi ute produksjon frå u-landa. Men dette er ikkje sant. Det er ingen u-land som vil forsyne oss med potetar og havre. Det er ingen fattige u-landsbønder som står klar til å sende mjølk, ost og sauekjøtt til den norske marknaden. Og det er få som har overskott av storfe- og grisekjøtt. Dei få landa som er aktuelle, som f.eks. Botswana, har allereie gunstige særordningar. Utan at dette hjelper bøndene i Botswana. Det er stort sett «kvit» sørafrikansk kapital som står bak.

Og det er også «kvit» storkapital som står bak denne heftige
propagandaoffensiven mot norsk jordbruk som vi har sett den siste tida, og som NRK og avisene har gått på med begge beina. Utgangspunktet er ein sirkulærartikkel frå Verdensbanken - ein bank som blir styrt av amerikansk storkapital. Ikkje minst av multinasjonal amerikansk matvarekapital.

Når WB hevdar at Norge må avvikle vernet av norsk jordbruk for å drive «utviklingshjelp», er dette blank løgn. Dersom norsk jordbruk skal leggast ned, og produksjonen bli erstatta med import, vil langt over 90 % av denne importen komme frå EU, Australia, New Zealand - og ikkje minst frå det amerikanske industri-jordbruket i Texas, Oklahoma.og andre sørstatar. Billeg, ja - men gen-manipulert, giftbehandla, og til ein kostnad på over 10 kaloriar fossilt
brensel pr. kalori i maten.

Er det slik u-hjelp norske media ønskar at vi skal drive? Skal vi legge ned norsk jordbruk for å drive «u-hjelp» i Texas og Oklahoma?