Friheten - innenriks - Nils Aslak Valkeapaa er doed


Aillohas er borte - Samieatnam i sorg


Den stoerste av alle kulturpersonar i Samieaetnan, Nils Aslak Valkeapaa, doydde i forrige veke, 58 aar gammal.. Med dette har ikkje berre Sameland, men heile Skandinavia, mista ein av sine fremste kulturpersonar. Det er ikkje utan grunn at han, forutan aa bli minna i alle skandinaviske storaviser, ogsaa har faatt ein nekrolog i britiske The Guardian, av eit slag som berre blir store utanlandske aandshovdingar til del.

Av Hartvig Saetra


Baade Dag Solstad, Erlend Loe og Ari Behn faar lett - kanskje av og til lettkjoept - tilgang til norske media. Men dei vil aldri faa tre linjer paa Guardians kultursider. Aillohas fekk bortimot ei halv side. Det er i overkant av kva vaare verkeleg store har faatt: Olav H. Hauge og Rolf Jacobsen.

Saa var da ogsaa Nils Aslak Valkeapaa noko heilt for seg sjoelv. Han var ikkje berre diktar; i alle fall ikkje berre diktar i ord. Han skreiv diktsyklusar og songtekster, prosadikt, essays og protest-artiklar. Dessutan var han komponist, joikar, songar, jazzmusikar og skodespelar. I tillegg var han grafikar. Kort og godt var han paa ein gong baade Beatles, Bob Dylan, Jan Garbarek, Herborg Kraakevik og Arne Garborg innanfor sin kulturkrins. Pluss ein flik av Erik Werenskiold.

Nils-Aslak Valkeapaa vart foedd i Palojoensuu i den finske ishavskorridoren mellom Sverige og Norge. Faren var finsk og mora var norsk same. Seinare bygde han seg hus i utkantbygda Paattikkaa lenger nord i Enontekio kommune. Paa slutten av livet budde han i Storfjord i Norge, i ein diktarbustad som kommunen var med og bygde. For nokre aar sidan vart han sterkt svekka av ei alvorleg bilulykke, men med sin store viljestyrke klarte han aa ta opp att skrivearbeidet. I vaar kom den siste boka hans: Eanni, Eannazan (Jorda, vaar mor). I slutten av november i aar doydde han braatt under ein tur til Sverige i embets medfoer.

Foerste gong Valkeapaa vart presentert for eit norsk publikum, var den nynorske omsettinga av debattboka Helsing fraa Sameland 1978. Den gongen var han internasjonal kultursekretaer for Verdsraadet for urfolk (WCIP). Til og med i denne typiske debattboka slo hans store biletskapande kraft klart igjennom, ogsaa i dei politiske artiklane. Og fordi alt han gjorde var saa noye gjennomtenkt, styrkte dette bodskapen i boka. Denne boka fekk derfor stor innverknad ogsaa paa norsk opinion, ikkje berre innanfor Samieatnam, men i heile folket.

I denne tida var Alta-saka under utvikling, og dei norske samane hadde faatt ein dugande og uredd talsmann i Ole Henrik Magga. Baade for han og for musikaren Mari Boine var Valkeapaa ein slags farsfigur enda han berre var ein halv generasjon eldre. Naa er det berre to att av Samieatnams viktigaste ambassadoerar utanlands.

Festspela i Nord-Norge var eit viktig forum for han. Gjennom dei naadde musikaren, poeten og illustratoeren Valkeapaa eit norsk publikum. Laila Stien vart etter kvart norsk omsettar for baade poesi og prosa fra hans hand. Men ogsaa svenske Mia Berner har tolka Aillohas paa ein framifraa maate i Vidderna inom mig. For den vart Aillohas foerste gong nominert til Nordisk Raads Litteraturpris i 1988.

I 1989 kom den fabelaktige Beaivi, ahcazan (Solen min far), seinare omsett vekselvis til tre spraak: nynorsk, bokmaal og svensk, av Jon Todal, Harald Gaski og Kristina Utsi. I 1990 kom Ruoktu vammus (Vindens veier), omsett av Laila Stien. Ei avdeling i den inneheld dikt og tonar til fuglane paa vidda. I 1993 fekk han Prix Italia for sin Fuglesymfoni, som bygger paa ein del av dette verket. Kjaerleiken til trekkfuglane var eitt av Valkeapaas fremste kjennemerke.

Men Nils-Aslak Valkeapaas stoerste triumf kom i 1991, da han fekk Nordisk Raads Litteraturpris for Beaivi, Ahcazan. Sjeldan har ei prisutdeling faatt saa allmenn og begeistra tilslutning over heile Norden. I denne boka brukar han ikkje berre orda, men ogsaa den typografiske plasseringa heilt bevisst. Eit dikt om ein reinflokk spreier seg ut over sidene som ein reinflokk i snoen!

I alle boekene gaar hans eigne illustrasjonar inn i ein naturleg heilskap - det meste er grafikk, svart paa kvitt, eller hans store spesialitet: kvitt paa svart. Valkeapaas rype og reinkalv er klassiske, akkurat som joiken, melodiane, orda, typografien, og poesiens vide, nordiske himmel over det heile.

Valkeapaas biograf, professor Harald Gaski, gjekk ut i vinterkvelden etter at han fekk meldinga om at Aillohas var doed. Han leita etter ei ny stjerne paa himmelen.

Underskrivne fekk det paa ein annan maate. Eg har ein gong tatt bilde av ein reinsbukk mot ein uroleg himmel over Saitejavri. Eg kalla det Konakas - Kongen.For meg er han symbolet paa Nils-Aslak Valkeapaa: Majestetisk, men sky og vaktsam paa trygg avstand. Han staar paa fast fjellgrunn mellom hardfoer bjerkeskog og urolege, trugande skyer. Mens ein mjuk sommarvind stryk over vidda, og blaastrupen syng i krattet; fuglen med dei samiske fargane i brystet.



I: FRIHETEN
Desember-2001.