Hartvig Sætra. Naturlovar, økologi og marxistisk verdisyn.


Naturlovar, økologi og marxistisk verdisyn.

Av Hartvig Sætra


Denne artikkelen bygger på Georgescu-Roegen: ”Økonomi og entropi”, Friheten 17.08.01, Vadim Medvedev: ”Har marxismen bestått historiens prøve?”, Novosti 50/1990, Peter Nielsen: ”Økologisk marxisme”, Salt 01.03.99, og på omfattande lesing av både marxistiske og øko-vitskaplege verk. Artikkelen er bakgrunnsstoff for mi innleiing på konferansen i Narvik 16.-17. feb. 2002:
Marxismen og verdisynet.
Det er nær samanheng mellom synet på kva som skaper verdiar, og det Marx kalla ”samfunnsbasisen”. Marx blir tillagt ein såkalla ”arbeidsverdi-teori”, som går ut på at alle verdiar blir skapt gjennom arbeid. Ut frå dette blir det postulert at han ikkje tilkjenner naturen og naturressursane eigenverdi. Dette har igjen blitt brukt av den såkalla ”tekno-marxismen” og dei ekstremt økonomisk orienterte marxistane til å hevde at ”dersom vi berre får endra samfunnet gjennom ein sosialistisk revolusjon, så er det ressursar nok til ein økonomisk vekst utan avbrot.” At eit slikt vulgær-marxistisk syn har vore utbreidd både i og utanfor det henfarne Sovjetunionen, har eg mange vitnemål om. For eksempel har eg vore i kvass polemikk både med tidlegare NKP-formann Martin Gunnar Knudsen, og med ei rekke ”super-marxistar” i AKP og SV om verditeoriane. Dei har hevda at mitt syn var fullstendig umarxistisk.

På den andre sida har Georgescu-Roegen, som på mange måtar står marxismen nær, i sitt sentrale essay vore sterkt kritisk til dei sovjetiske marxistanes verdisyn, og påviser klart at den dogmatiske versjonen av arbeidsverditeorien er i strid med naturlovane.

Ein liknande vulgær-økonomisk teori er heilt dominerande innanfor alle kategoriar av kapitalistiske ideologar, frå marknadsliberalismen til sosialdemokratiets venstrefløy. Georgescu-Roegen tar, med solid forankring i naturvitskaplege fakta, eit logisk elegant og knusande oppgjer med tankegangen om uopphørleg økonomisk vekst, slik denne trer fram i begge system, både det kapitalistiske og det sosialistiske.

Vi såg det tydeleg da Brundtland-kommisjonen la fram si innstilling i 1987. Gro var den gongen på total kollisjonskurs med alle sine økologiske sakkyndige. Dei meinte at økonomisk vekst og berekraftig utvikling ikkje kan eksistere samtidig over heile jorda, slik Gro pressa Brundtland-kommisjonen til å meine. Dersom vi i utgangspunktet skal ha berekraftig utvikling, og vi i tillegg vil la fattige land få økonomisk vekst, må ein tilsvarande nedgang skje i rike land, elles er den samla utviklingstrenden ikkje berekraftig.

Det kan ikkje herske tvil om at naturvitskapsfolk i dag, med enkelte få, bisarre unntak (Bjørn Lomborg), har akseptert Georgescu-Roegens grunnteser. Og da kjem dette særdeles viktige kravet opp på skjermen med store bokstavar for alle som vil kalle seg ”vitskaplege marxistar”:

 

Vi må få ei endring - nokon vil kalle det ei presisering - av dei marxistiske verditeoriane, slik at dei blir vitskapleg akseptable ut frå moderne fysikk, biologi og økologi.

Vi må ut frå dette legge opp ein strategi for berekraftig utvikling, og erkjenne at ”vekst og vern” er ein fiksjon som hører historia til, akkurat som påstanden om at jorda er flat.

Ut frå dette må vi krevje ei utvikling av globalt likeverd i levekår, og eit globalt demokrati som kan styre dei totalitære korporative strukturane. Markedsliberalismen har til fulle vist at den er ute av stand til å utvikle eit berekraftig, likeverdig og demokratisk globalsamfunn.

Sosialistar og kommunistar må våge å stille i fronten for ei demokratisering av økonomisk makt og ressursbruk på globalt nivå. Det betyr at dersom globale demokratiske vedtak pålegg oss å redusere CO2-utsleppa og andre utslag av vårt overforbruk av lågentropi, så må vi akseptere dette, og ikkje bruke vår teknologiske og våpentekniske overmakt til å tvinge gjennom eit fortsatt overforbruk.

Vi må erkjenne at det som blir kalla vårt ”økologiske fotefar” - vårt forbruk av lågentropi pr. person - ligg langt over vår ”økologiske kvote” - altså det uttaket av lågentropi som kvar person på jorda har ”rett til”å ta ut i eit berekraftig samfunn.

 

Georgescu-Roegens utfordring.

 

Den vitskapsmannen som i første rekke har utstyrt oss med teoretisk grunnlag for å studere samfunnsbasisen ut frå moderne naturvitskap, er rumensk-amerikanske Nicholas Georgescu-Roegen. Han er ikkje eineståande fordi han står åleine om teoriane, men fordi han er så presis og klar i forhold til dei fleste andre. – Den einaste omsettinga til norsk av Georgescu-Roegens berømte essay er gjort av underskrivne, og sto i Friheten av 17. august 2001.

G.-R.s utgangspunkt er at ”eit menneske kan verken lage stoff eller energi, uansett kreativitet eller arbeidsinnsats”. Det følgjer av ein fundamental naturlov, loven om materiens og energiens konstans eller Den første termodynamiske loven. Konklusjonen av dette må vere at ”mennesket i realiteten ikkje er i stand til å produsere noko som helst, verken stoff eller energi - berre absorbere slike materielle faktorar og sende dei frå seg kontinuerleg. Det som går inn i ein slik prosess, er verdfulle naturressursar, og det som blir kasta vekk frå prosessen, er verdlaust avfall. I mellomtida er det skjedd ein økonomisk prosess, oftast med forbruksvarer som synleg resultat.

Frå termodynamisk synsstad går stoff/energi inn i den økonomiske prosessen i ein tilstand av lågentropi, og kjem ut av prosessen i ein tilstand av høgentropi.”

 

Det betyr i praksis:

1. Naturen må bli tillagt den verdien den rettmessig har som grunnlag for vareverdi, bytteverdi, velstand og økonomisk vekst.

2. Ein må dermed akseptere Georgescu-Roegens grunntese, at fundamentet for vår tids velstandssamfunn og økonomiske vekst er utnytting av lågentropisk materiale og energi - altså materiale og energi med ein slik grad av orden at den kan nyttast i ein økonomisk prosess. Detbetyr: i ein prosess som skal auke menneskas fysiske og psykiske trivsel. Vi kallar også ei slik energiform ”fri energi”, i motsetning til den høg-entropiske energien som er ”bunden energi”.

3. Ein må altså erkjenne at for å skape økonomiske goder, må ein normalt utnytte lågentropi, som dermed blir omgjort til høgentropi (”utspedd varme” i miljøet; energi som er utilgjengeleg for nye økonomiske prosessar).

4. I og med at jordkloden er å sjå på som eit lukka system, kjem også Den andre termodynamiske loven inn i bildet: Entropien (= graden av bunden energi) i eit lukka system vil auke kontinuerleg, slik at ”orden” i eit lukka system alltid vil utvikle seg mot ”uorden”.

 

Ekstraktiv og reproduktiv produksjon.

 

Vi skal ta for oss to viktige, men nokså ulike eksempel:

a. Når vi brukar bensin til å drive ein bil, utnyttar vi den ordna, kjemiske energien (lågentropien) i hydrokarbon-molekyla. Denne energien driv motoren, men vi klarer berre å utnytte omlag halvparten til drivkraft. Resten ender som utspedd varme i atmosfæren. Der hamnar også driv-energien når motoren blir avkjølt.

Dei energirike hydrokarbon-molekyla ender som energifattige molekyl: CO2 og H2O. Med andre ord er resultatet av prosessane i motoren, at jordas mengde av lågentropi i form av energirikt fossilt brensel har minka, mens mengda av høgentropi i form av varme, CO2 og H2O i atmosfæren har auka. I løpet av prosessen har vi tatt ut eit økonomisk utbytte i form av transport over ein viss distanse.

b. La oss ta for oss ein kinesisk bonde som bryt jord og dyrkar ris og grønnsaker. Ein del kan han og familien selje, men det meste et dei sjølve. Også i denne prosessen blir det brukt lågentropiske, energirike molekyl som basis: Stivelse frå risen, - sukker, vitamin og mineral frå grønnsakene, protein frå hønene som har ete ris og avfall, og rishalm og villgras til vannbøffelen som er trekk-kraft. Bondens og bøffelens kroppar omgjer energien i maten til arbeid, som blir brukt til å reprodusere matvarene og gi eit mindre ekstra-utbytte. Også bonden og bøffelen pustar ut CO2 og H2O etter at lågentropien er henta ut.

Den store forskjellen frå det forrige eksemplet er kvar energien - lågentropien - kjem ifrå. Svaret her er som kjent: Frå sola. Plantene bind CO2 og H2O i sine klorofyll-celler ved hjelp av energi=lågentropi i solstrålane. Det er den prosessen vi kallar fotosyntese.

I dette tilfellet blir ikkje jordas samla mengde av lågentropi minska. Den blir tvert om reprodusert over eit bestemt og ganske kort tidsrom. Den økologiske vitskapen brukar å kalle dette ”bruk av fornybar energi”. Og fordi denne prosessen ikkje forringar jordas samla sum av lågentropi, kallar vi den også ”berekraftig” eller ”reproduktiv”.

Den forrige prosessen, bilkjøringa, gå derimot ut på å bruke fossil lågentropi, altså energi som er danna ved fotosyntese i tidlegare årmillionar og deretter lagra i jorda. Denne energien lar seg ikkje fornye, i alle fall ikkje innafor eit akseptabelt tidsrom, og bruken er derfor ikkje berekraftig. Vi kan kalle den ekstraktiv. I motsetning til ”bonde-prosessen”, som resirkulerer CO2, vil denne prosessen auke CO2-innhaldet i atmosfæren. Kva det fører til, veit vi alle.

 

Kva konklusjonar kan vi komme med om verditeorien ut frå dette?

 

Først og fremst dette: Dersom ein økonomisk vekstprosess skal foregå, må vi i all hovudsak bruke den ekstraprofitten vi får frå ekstraktive prosessar, altså frå utnytting av fossil lågentropi. Men det finst unntak; og desse unntaka kan vi utnytte betre enn før på grunn av datateknologien. Det viktigaste unntaket kan vi beskrive slik:

Det vart sagt om bilmotoren at den knapt kan utnytte 50% av den fossile energien; resten går til spille. Med ny teknologi kan vi ofte drive utnyttingsgraden opp mot 80%. Og i forhold til primitive motorar er dette ein stor gevinst: Vi får 60% meir økonomi igjen for samme utslepp av varme og avfallsstoff. Men dersom vi med det trur at nå har prosessen ”nesten blitt berekraftig”, tar vi feil. Det er uansett snakk om ei utnytting av fossile ressursar, som riktig nok er blitt minska, men som i heile sitt omfang er ikkje-berekraftig.

Ser vi på motor-prosessen i bilen, utnyttar den ein energi som er mange gonger eit menneskes arbeidskapasitet. Vi brukar som kjent å måle den i ”hestekrefter”. Borgström var ein av dei første til å beskrive forholdet mellom reprodusert og fossil energi, da han rekna bilbruk, fly og maskinar om til ”energislave-einingar”. På sekstitalet kom han til at ein gjennomsnittsborgar i USA benytta seg av omkring 270 ”energislavar”, stort sett av fossilt opphav.

 

Både Borgströms og Georgescu-Roegens eksempel viser sjølvsagt at arbeidsverditeorien i si enkle form berre kan brukast om reproduktive produksjonsmåtar.

Når ein stor del av produksjonsvolumet i eit kapitalistisk samfunn kjem frå ekstraktiv produksjon, utbyttar kapitalen både arbeidaren (i form av arbeidskraft og intellektuell kreativitet) og naturen/ressursgrunnlaget (i form av ”energislavar”).

 

Ein stor del av profitten er altså naturbasert, ikkje arbeidskraft-basert.

 

Derimot er det framleis slik at i ei reproduktiv produksjonsform, der det ikkje blir tatt ut meir lågentropi enn det som blir gjenskapt, kan vi bruke Marx sitt resonnement for arbeidsverdien som vi alltid har gjort det.

 

Marxismen og verditeorien i lys av entropilovane.

 

Korfor er det så viktig for marxistisk teori å gjere denne distinksjonen?

Før vi svarer på det, må vi sjå litt på kva Marx sjølv eigentleg har sagt om desse problema.

Både Medvedev og Nielsen siterer avsnitt frå Marx, der han aksepterer at verdiane ikkje berre oppstår gjennom arbeid,men at naturen har ein eigenverdi ut over arbeidsverdien:

 

”Ethvert af det kapitalistiske landbrugs fremskridt er et skridt videre i kunsten at plyndre ikke blot arbejderen, men også jorden; ethvert fremskridt, når det gælder at øge dens frugtbarhed for en given periode, er samtidig et skridt videre i ødelæggelsen af de varige kilder til denne frugtbarhed.” (Marx: Kapitalen I s. 718-19, d.utg.)

”Arbejdet er ikke kilden til al rigdom. Naturen er i ligeså høj grad kilden til brugsværdierne.”

(Marx: Kritikk af Gotha-programmet, Udvalgte skrifter bd.II s. 11).

 

Begge sitat over viser at både Georgescu-Roegen og andre moderne naturvitskapsfolk i ein viss grad tar feil når det gjeld Marx´ forhold til naturressursane. Han var faktisk allereie på eit tidleg tidspunkt klar over dei problematiske sidene ved arbeidsverdteorien. Ei heilt anna sak er det at både hans samtidige, Engels, og seinare Lenin og heile hærskaren av marxistar fram til slutten av 1960-åra, sto steilt på ei fundamentalistisk tolking av arbeidsverditeorien. Det gjaldt både NKP, AKP og heile den super-marxistiske delen av SV.

Underskrivne las Georgescu-Roegen alt i 1973, og forsto straks at det var vitskapleg umuleg å avvise hans teoriar om samanhengen mellom entropien og dei økonomiske prosessane. Det måtte bety at dersom marxismen ikkje kunne bygge sine teoriar på dette grunnlaget, ville den miste sin vitskaplege legitimitet.

 

Entropi-lovane gir korrekt oppfatning av krisene i kapitalismen.

 

På den andre sida kan vi, ved hjelp av Georgescu-Roegen, forklare årsakene til at kapitalismens store krise har uteblitt, og at kapitalismen til dels har klart å skape større velstand for heile befolkningar enn det dei ”realsosialistiske” regima i Aust-Europa klarte. Å finne ei slik forklaring er det som Medvedev kallar ”marxismens historiske prøve”.

Medvedev kjenner tydelegvis ikkje Georgescu-Roegen. Men han vedgår indirekte at ”forsøkene på at udråbe marxismen-leninismen til en slags ”over-videnskap” som kan forklare alt og alle, kom senere, da det skjedde en dogmatisering av Marx´ lære.... Men Marx og Engels ofrede aldrig den objektive sandhed for ideologiske dogmer.”

Medvedev, som så mange kommunistar med samfunnsfagleg bakgrunn, forstår at det er noko galt med den marxistiske arbeidsverditeorien, men han forstår ikkje kva det botnar i. Nielsen er komen eit godt stykke nærmare løysinga, ved at han drar inn ”naturens egenverdi”. Men det er først og fremst gjennom ein ”marxist på gjerdet”, Georgescu-Roegen, at vi kan finne ei vitskapleg forklaring på korfor kapitalismens krise og samanbrot har uteblitt i etterkrigstida. Løysinga er kort og godt: Så lenge kapitalismen kan auke uttaket av lagerressursar og fossil lågentropi, kan ein også sikre det som er kapitalismens livline: Den økonomiske veksten. Og den har eit einaste fundamentalt utgangspunkt: Auka tilgang på lågentropi - anten i form av auka uttak frå ressurskjeldene, eller ved å oppnå høgare virkningsgrad, slik vi har vore inne på tidlegare. Vi har også eksempel på meir ressursnøytrale ”tekniske fix” som har gitt entropi-gevinstar. Slike gevinstar kan ein oppnå gjennom delar av dataindustrien; men desse er ubetydelege i forhold til det auka ressurs-uttaket.

 

Korfor kan ikkje sosialismen ”vinne” over kapitalismen under økonomisk vekst?

 

Dette har med den sosiale dynamikken i eit vekst-samfunn å gjere. Så lenge det er ekstraktiv ekstraprofitt å hauste, vil systemet gi store økonomiske gevinstar til dei som er flinkast til å maksimere denne profitten. Veldig ofte vil den største profitten bli hausta i rike land der ein kan minimere arbeidsstokken ved rasjonalisering, eller i fattige land der arbeidskrafta er billeg. Dermed blir åtaka på fagorganisering, lønningar og arbeidarvern viktige for kapitalen. Økonomisk vekst blir lokkemidlet, både overfor dei arbeidarane som unngår oppseiing, og for styresmaktene: Ved hjelp av den kan arbeidarane unngå forverring av arbeidsvilkåra og lønningane, utan at profittraten for kapitalen går ned. Meirverdien som er brukt til dette, kjem frå auka bruk av profitabel lågentropi, og minska bruk av arbeidskraft.

Dei relativt få arbeidarane som unngår svartkatten, blir innprenta at deira arbeidsplassar er totalt avhengige av høgt forbruk av lågentropi. Dermed vil alle forsøk frå venstresida på sparing og fordeling av lågentropi, bli møtt med motvilje hos den tradisjonelle arbeidarklassen. Slik blir dagens arbeidarklasse lett offer for propaganda frå H og FRP.

 

Kven blir utbytta under ”imperialismen på framtida”?

 

Dette å forsere dagens utnytting av fossile energiressursar opp mot den fysiske uttaksgrensa, skaper rikeleg med profitt i dag for den kapitalen som er delaktig. Denne profitten blir ikkje i første rekke trekt ut av arbeidarklassen, uansett korleis vi definerer den. Heller ikkje er imperialistisk utbytting av våre samtidige i u-land nøkkelen til verdiauken for kapitalen. Det meste består i det ein kan kalle ”imperialisme på framtida”: Forsert og usolidarisk uttapping av lagerressursane. Når oljen minskar og til slutt blir borte, må dei generasjonane som kjem etter oss, anten tåle økonomisk nedgang eller dei må betale dyrt for å utvikle alternativ til dei fossile lågentropi-kjeldene. Dette vil med stor visse føre til økonomisk stagnasjon og nedgang.

I økonomisk språkbruk blir slike utgifter som vareproduksjonen fører med seg, men som ikkje blir rekna inn i vareprisen, kalla ”eksternkostnader”. Økonomane reknar utgiftene ved sur nedbør, drivhuseffekt, ozoneffekt, nedbygging av dyrka mark, og ikkje minst kostnadene ved å finne alternativ når oljen tar slutt, med i eksternkostnadene.

I og med at vi ikkje dekker eksternkostnadene ved forbruket vårt, og dyttar kostnadene over på komande generasjonar, oppstår det ein falsk låg varepris og eit utbyttingsforhold overfor komande slekter. Slik kan kapitalismen klare å oppnå kortsiktige fordelar samanlikna med eit sosialistisk system. Kapitalismen er med andre ord makelaus til å forsere ressurs-uttaket og skape økonomisk vekst, så lenge dei har ressursane under kontroll og utnyttar dei ut frå kortsiktige profitt-omsyn.

Men den dagen da kapitalismen møter veggen i ressursmessig samanheng, er krisa eit faktum. Den dagen eit relativt rikt land må skjere ned på forbruket, og veksten blir negativ, vil folk etterspørje likeverd, solidaritet og utjamning.

Og i lengda vil alle samfunn på jorda møte eit slikt ”sannhetens øyeblikk”, da ressursane ikkje lenger gir rom for økonomisk vekst, dvs. forbruksvekst for alle i samfunnet. Denne situasjonen er den liberalistiske kapitalismen totalt ute av stand til å takle.

 

Det einaste svaret er: Sosialistisk sparing og fordeling.

 

Det finst berre ein måte å meistre ein slik situasjon på: Ved å organisere samfunnet etter sosialistiske retningsliner. Eit samfunn som må innrette forbruket etter ressurstilgangen for framtida, vil strype kapitalismen fordi den ikkje får si livgjevande føde: Aukande uttak av lågentropi, økonomisk vekst, og dermed profitt.

Dette er grunnen til at vi må halde sosialismen levande som idé framover: Det er berre den som kan berge oss når folketalet aukar, lågentropien skrumpar inn, og den økonomiske veksten blir borte.

Dessutan ser vi allereie i dag at trass i det aukande ressurs-uttaket og den økonomiske veksten, blir resultatet av den enorme lågentropi-bruken ekstremt skeivt fordelt, slik at dei rike stadig blir rikare og dei fattige blir fleire og enda fattigare. Dette kan sjølvsagt ikkje halde fram.

Og noka anna løysing enn sosialismens sparing og fordeling finst ikkje. Det ville i så fall vere ei kraftig opptrapping av forbruket av lågentropi, slik at både dei rike og dei fattige blir rikare. Og ein slik kraftig auke kan vi berre makte ein svært kort periode; etter dette vil situasjonen for fleirtalet på jorda ver enda verre enn før. Også for det store fleirtalet av rike menneske, som alle norske borgarar hører til, uansett kva vi ønskar å kalle oss sjølve.

Det er ikkje enkelt å vere sosialist i eit rikt land, og bere fram kravet om global utjamning; for det betyr jo eit krav til mange menneske om innstramningar i den personlege økonomien. Men dersom vi skal gjere alvor av våre gode ord om å gjere livsvilkåra betre for jordas fattige fleirtal, kjem vi aldri unna ei slik innstramming. Det er nemleg ikkje ressursar nok på jorda til at vi både kan hjelpe fleirtalet av fattige, og halde oppe luksus-elementa i levestandarden til gjennomsnittsbefolkninga i rike land.


februar 2002