Ivar Digernes om seg sjølv,
fortald til Torolv Solheim



Eg er fødd på garden Digernes 1904-04-29. Faren min, Knut Digernes, heitte opphavleg Hovde (Ytre-Hovde), men tok namnet Digernes då han flytte til Digernes. Anders Hovden var grannegut og god ven med far i skuleåra. men så kom det ein kurre på tråden - begge interesserte seg for den vakre Birte Digernes.

Dette er skildra ikkje dårleg i Hovdens bok "Odd", eit nokso ramt folkelivsbilete i sentimental naturalistisk stil frå slutten av førre hundreåret. Hovden var prestevigd og skulle ha seg kall, og likevel kunne han tillate seg slikt. Det skulle ikkje ha vore i våre dagar.

Folket på Digernes med patriarken Pål i brodden vart rekna for "beste folket" i byga. Det hadde vore velstand. Far til Pål (bestefar min, f. 1830) hadde hatt fire gardar - det skreiv seg frå pengekaoset etter 1814.

Bestefar og bestemor var systkinborn, begge fra Barstad. Bestemor hadde 8 systkin, som alle sat på nokre av dei beste gardane i Ørsta.
Dei var sterkt religiøse, påverka av haugianismen. Men det var rettferdige folk, snille og bra i all si ferd. Bestefar kjende Ivar Aasen godt. Då ungdomen i Ørsta og Volda ville hylle Aasen siste gongen han var heime, og samla seg i Asentunet, gøymde Ivar seg unna oppe i bjørkeskogen og sat der og rødde med bestefar.

Det var vanskeleg for far å få samtykke til å gifte seg med mor. Dei to unge måtte møtast i løynda. Ute på "Kalvegjerdet" ved Hovdevatnet hadde dei ein stein. Under denne steinen gøymde dei brev til kvarandre. Eg har ei heil smling av desse breva. Uttrykksmåten - den danske språkhamen - er tildels primitiv ... men for ei evne til å få fram det som sinnet er sprengfullt av!!

Gamle Pål vart utsett for store ulukker. Eldste sonen, Arve, var sinnsjuk, og døydde på Rotvoll mange år etter. Den andre sonen, som skulle ha vore so utruleg gåverik, døydde av tæring 27 år gamal i slutten av 90-åra. Han abonnerte på Fedraheimen, hadde anarkistiske skrifter av Krapotkin og Elizee Reculus, tingar på Tambs Lyches tidsskrift "Kringsjå", "17. mai" og "Ringeren"
Han høyrde til den krinsen av unge entusiastar som reiste den frilynde ungdomsrørsla, ville lufte ut i kommunale styr og stell, slåss for nasjonalt sjølvstende, mot det pietistiske svartsynet, osv.

For at garden ikkje skulle gå or ætta, måtte far overta Digernes. Han fekk garden på nokså tunge vilkår.
Vi var ein stor barneflokk. Frå 1900, då far overtok garden, til 1906, kom det til tre nye, ialt vart det 9.
Vi har med andre ord her ein norsk bondhuslyd med kanskje uvanleg sterke patriarkalske tradisjonar, og alle teikn på byrjande oppløysing. Mammon er ute og går.

I dette miljøet vart eg fødd året før Noreg vart fritt. Eg var i det heile eit nokså skrøpeleg barn. Mykje mandlar, halsesjuke og ringkril, "vand" på maten - det vil sei - det var ymis kost eg rett og slett ikkje tolde. Attåt dette var eg reint unormalt tidleg utvikla. Kva tid eg lærte lesa, veit eg ikkje, men det var iallfall lenge før eg begynte i skulen. Det slong ymse bøker heime hjå oss. Eldste broren min gjekk på folkehøgskulen og kjøpte bøker, grannen, Arne, var opplysningsmann og hadde det framifrå populærvitskaplege biblioteket "Lys over land". I 7-årsalderen var eg darwinist og forkynte for kreti og pleti at menneska "nedstammet fra apene". Kjerringane ville gripe inn, men det vart ikkje noko av, kva no det kom av.

Skorten på lesestoff var så stor at eg endå til kasta meg over ei tysk lesebok utgjeven i København i 1800 og ei islandsk med dansk omsetjing - begge uten grammatikk. Snart "kunne" eg både tysk og islandsk , iallefall i eiga innbilling. Uten den sjølvstendige lesnaden min ville det ha vorte svært keisamt for meg på skulen. Men læraren, som forresten var systkinbarnet mitt, forsto at det var best å la meg få vere i fred, og eg hadde det i grunnen godt på skulen. Berre lærdomsmann var eg ikkje, eg var med kameratane på mange eventyrlege tiltak og vart tidleg litt av ein rabulist som heldt med rampen. Eg var til alt anna svært sensibel, men stort sett greidde eg kaste sorgene av.

Verst var at far utvikla seg til ein Mammons trel fyllt av stadig angst for at det skulle gå ut med garden. Det galdt berre å samla kontantar. Under første verdskrigen merka han og høgkonjunkturen: alle steinrøysene som var køyrde ned i føra, kom no i god pris. Men så vart han freista av styggemannen til å ta aksjar i kjemiindustri i Hardanger, ikkje eit øre kom att. Resultatet var ikkje verre enn at han likevel fann å måtte sende meg på landsgymnaset. Men det måtte gjerast billeg. Presten Peder Berge hadde lova å undervise meg i tysk og engelsk eit par timar i veka, og så skulle eg ta 1-årskurset til mellomskulen. Det gjekk fint, eg fekk to S og to M i skriftleg. Sidan skulle eg hoppe over første klasse i gymnaset. Det og gjekk. Eg las både fransk og kjemi som tidkort ved sida av sauegjetinga og anna produktivt arbeid.

Om gymnastida mi er det lite å seie.

Eg rekna meg for bolsjevik alt på denne tid, men kontakt med verkeleg arbeidarrørsle hadde eg ikkje hatt. Eg var enno filologisk innstilt, min trong til kunnskap var som håens. Og sjølv om eg var skeptisk innstilt til det "frilynde", slik det hadde utarta i Ørsta og Volda på den tid, var eg framleis målmann og norskdomsmann først og fremst - i alle fall trudde eg det. Forresten er det ikkje godt å seie kva eg var så lang tid etter. I Volda var vi underleg isolerte. Eg las ikkje osloaviser regelmessig - dei hadde dei ikkje på kafeane ein gong, trur eg.

Eg tok ein fin artium - 3 M og 1 S - i latin. Det året var det ingen S i skriftleg blant præseteristane - og eg var den einaste som hadde S i latin. På eit eller anna merkeleg vis hadde eg knekt ei not som ingen andre hadde greidd. Det var sikkert ein slump.

Artiumsresultatet gjorde at far for skams skuld ikkje kunne la vere å sende meg til Oslo, til det kgl. Fredriks. Det vart ordna med lån, må vite, og eldste broren min, som var komen heim frå Amerika i 1917, måtte vere med å kausjonere. Første tida budde eg på Studenterhjemmet i Schultzgt. 7. Så var det då leseværelset og forelesningane. Eg må seie at både forelesningane til førebuande prøver (Anathon Aall og Schelderup) og spesielt forelesningane i filologi (Trampe Bødtker, Collin) gjorde eit deprimerande inntrykk på meg. Ikkje rart at det ikkje finst nachwuchs i engelsk filologi her i landet når ein har folk som Trampe Bødtker og Collin å bygge på.

Det var ikkje rart at eg interesserte meg meir for møta i Studentersamfunnet og idekampen der. Eg rekna meg snart som motdagist og vart kjend med fleire av koryfeane alt i vårsemestret 1923, men aktiv vart eg først på hausten 1923. Eg hugsar eg var tilstades på det store møte i Arbeidersamfunnet etter partisprenginga i 1923, då gmale Holtermann Knutsen mana forsamlinga til å støtte opp om D.N.A.

Falk gjekk på denne tid aktivt inn for å vinne leiinga i D.N.A. Litt for framfus var han når han t.d. let seg foreslå til redaktør i Arbeiderbladet like etter sprenginga. Han oppnådde likevel at redaksjonen på Rjukan skulle overtakast av motdagistar. Som redaktør vart utsett karar som Hegna, Sømme og Arne Ording. Blant dei som skulle prøvast som journalistar, "redaksjonssekretærar", var ma.a. Broch (no rådmann i Tønsberg), Hans Heiberg og eg. - Eg var på Rjukan vårsemestret 1924. haustsemestret skulle eg ta bifag, engelsk, organisasjonen finansierte det. Det var ei underleg finansiering, men når vi hadde pengar, vart det ikkje spart på noko. Falk var rast slik, Eg tok ein god laud endå eg ikkje hadde lese for mykje. Etter nyår drog eg til Rjukan att, der Hegna no residerte. Partiet hadde lansert parolen om militærstreik, og Mot dag gjekk inn for denne for fulle mugger. Aksjonen vart brukt til å ta knekken på Falk og Mot dag som "fremmedelement".

På Rjukan vart det ei frykteleg huskestue. Eg var formann i ungdomslaget, og laget vedtok å velje meg oppatt som formann etter at eg var ekskludert. Men det hjelpte ikkje, vi måtte dra frå Rjukan, og Jakob Friis tok over.

Somaren 1925 dreiv Mot Dag i form av Arbeideropposisjonen framleis aktiv kamp for militærstreik. Eg var agitator og gjekk omkring i gråbeingardane på austkanten. Det var mange som ville, men då det kom til stykket, drog nok dei fleste seg. Aksjonen hadde likevel sin virkning på den lova som vart vedteken av Stortinget. Den hadde bl.a. til fylgje at eg vart frikjend av lagmannsretten åreet etter, og aldri sidan har eg høyrt noko frå det norske militærvesenet.

Det var ikkje lenger råd for meg å halde meg i Oslo. Å skaffe seg arbeid var ikkje å tenkje på. Så vart det til at eg laut reise heim og lese på eiga hand: historie. Det var ein fæl jobb, det fins ikkje plan i det lesepensumet som er sett. Eg tykte det heile var like knugande som Liadalsnipa og Høgehornet kan vere ein gråversdag med vestavind. Nei, her kunne eg ikkje gå.

Eg søkte postar i aust og vest, til og med vikariat i folkeskulen. Aldri eit svar. Eg søkte postar i aviser. Elskverdige svar stundom, men resultat null. Når dertil kom ein liten personleg tragedie, skal ein ikkje undra seg over at eg vart desperat: eg fekk dra til Amerika. Det var gammal tradisjon i familien alt. Eldste broren hadde vore der alt, og om han ikkje hadde vorte rik, så hadde han lært mykje.
Den nest eldste, Pål, var alt amerikansk borgar og skulle ta styrmannsskulen (han var styrmann frå Noreg, men emigrerte fordi her var så elendige tider her heime) Eg hadde ein slektning, ein doktar i Duluth, som nok ville hjelpe meg. Bror Pål lovte å sende pengar.

Eg drog til Bergen, der eg budde hos ei syster som var lærerinne. Og så bar det ikkje verrre til enn at ein dag i ei avis såg eg ei annonse om lærarstilling ved privat gymnas. Eg dura opp til adressaten, og det viste seg å vere ein martialsk herre n\med tydeleg militær bakgrunn, lektor ved Sydneshaugen skole, Sørbøe. Han såg på attestane mine og tok meg på flekken. Å finne noken som kunne greie både engelsk, tysk, historie, norsk, latin og gud veit kva elles, for den betaling var nok ikkje så enkelt.

Skulen var organisert for avskummet av Bergens borgaryngel som dei ikkje kunne ha på andre skular. I mitt tilfelle råka eg på ei smling av meir eller mindre skakk-køyrde ynglingar, men med nokre bra inni mellom. Det uløyselige problemet var å halde disiplin i dette pandemonium. Dei skikkelege som ville læra noko, kunne ikkje hevde seg mot dei frekke Meyerane etc., arvingar av store eigedomar, som trur at dei gjev fa'n i alt. Sørbøe skulle liksom hjelpe meg, men det var tydeleg at han var livande redd for å misse elevar, det kunne øyfdeleggje heile businessen. Så måtte eg hjelpe meg sjølv med eit forferdeleg kjeftbruk og beisk hån, det hjelpte stundom.

Her fekk eg godt innblikk i norsk "skulestell", rett nok i karikatur, men likevel med mange karakteristiske drag frå dei anstendige og kultiverte. Tilstandet i svært mange klasser skil seg ikkje svært mykje frå det som rådde i klasseromma på Sydneshaugen.

Mot dag var no kome med i partiet (kommunistpartiet) og eg hadde meldt meg inn i Bergen. Eg kjende Reinert Torgeirson, men dei gamle bergenskommunistane såg tydeleg skeivt til meg - agent for Falk. Så kom Falk til Bergen, og under eit samvær fortalde eg han om den gamle draumen min om å kome til Sovjetunionen. I fleire år hadde eg vore sovjetromantikar, og hadde lese alt eg hadde kome over om dei første økonomiske oppbyggingsplanane, som no verkar så merkeleg fattigslege, men som eg den gongen såg gjennom ein glorie av lys framtid. No var Hansteen i Sovjetunionen. Han måtte kunne hjelpe meg til rette. falk var med på notane med ein einaste gong. Vi trengde folk som kunne russisk, hadde studert marxisme-leninisme og var inne i russisk politikk og samfunnsskikk. Slike folk hadde vi faktisk ikkje. Eg meinte at eg kunne studere ved eit russisk universitet.l Falk var enig i det. (Det viser forresten at han visste svært lite om dei spesifikke vanskane russarane arbeidde under).

Eg var ferdig ved skulen og drog med Falk til Oslo. Etter nokre veker i Oslo, drog eg til Sovjet.

Sovjet såg litt annerleis ut enn eg hadde førestelt meg det.