|
Ivar Digernes om Nordahl Grieg
I boka si om Nordahl Grieg kjem fru Gerd Grieg inn på samarbeidet mellom Nordahl Grieg og Ivar Digernes ved førebuinga og utgjevinga av tidsskriftet
"Veien Frem".
Det heiter her:
"Nordahl hadde erfaring som journalist, blant annet fra "Oslo aftenavis" og "Tidens tegn". Men uten Ivar Digernes' hjelp var tidsskriftet aldri blitt det det ble. Ikke mange vet hva han betydde for Nordahl i denne tid. Nordahl mente det var hans plikt å si fra- til alt dette hjalp Digernes ham. Jeg husker ikke jeg traff Nordahl i denne tiden uten at han tilkalte Digernes så snart et viktig spørsmål vedrørende "Veien frem" dukket opp, eller et annet viktig spørsmål av ideologisk art. Selv kunne han føle seg usikker. Hølaas skriver muntert om forholdet til Digernes - "en usedvanlig troende marxist" - i forordet til utvalget fra "Veien frem" ...". Digernes ble etter hvert helt uunværlig for Nordahl. Men noen forretningsmann var han ikke, slik som Nordahl hadde håpet.
Det var naturleg at vi kom inn på dette samarbeidet mellom Nordahl Grieg og Ivar Digernes, da eg vitja Digernes på Aker sjukehus straks over nyttår, der han låg i uvissa og venta lækjarane sin dom.
Det var nok ein dødsmerkt Ivar Digernes som helsa meg der eg kom inn på sjukesalen. Men sarkastisk og humørfylt var han som før. "På tunga vit og løgje låg", sjøl om augene doggast og tåra rann når vitsane var slengt ut.
Eg kviler godt her. Og så veit du - gamle kumpanar kjem og helsar på meg. "Nu da jeg neppe har to pegler blod, nu er jeg vakker, nu er jeg god ... ."
Det er visst noke ivegen med gallen min og. Merkeleg - trudde så visst at eg hadde fått pressa ut det som skulle ... men ... du veit, livet var hardt for meg på mange vis ... så det vart vel noke att til å sette seg illt i.
Det speler i augene hans bak brillene: sorg over slit som kunne vore spart, bitre tankar over det han ikkje fekk høve til å gjere, sjølironisk og respektlaus som verje mot det såre og romantiske draget som alltid skalv under.
Den høge panna, som nå har fått det døkke sjukbleike over seg, gjer dei utrykksfulle augene endå meir levande. Det er som alt liv som nå er att samlar seg til motstand og protest der ånd og tanke gir siste spegling til verda omkring.
Ivar Digernes sitt liv har vore tankens. Snakk om sjukdomen blir berre innleiing til dagsens hendingar på det politiske og litterære område. Her har
han levt livet sitt. Om det vil han snakke og skrive. I samtalene på sjukehuset og med brev etterpå, veks det fram eit intervju mellom oss, først og fremst om samarbeidet med Nordahl Grieg, og dessuten om andre litterære og politiske emne. Han arbeider hardt for å gjere ferdig ein artikkel om Ibsen, samtidig som han gjerne vil gjere ferdig omsetjingsarbeid han har teke på seg. Sjøl ikkje nå kan han få til å skulke unna det han har teke på seg. Det blyge, det hederlege ved hans natur, bondegutens pliktkjensle; å gjere rett og skil for seg, set i han til siste andedrag.
Korleis og når møtte du Nordahl Grieg?
Det var Nordahl Grieg som tok initiativet. Ein felles kjenning, den danske forfattaren og omsetjaren, Sigvard Lund, førde oss saman. (Lund var seinare med i spaniakrigen som friviljug. Under okkupasjonen omkom han, truleg under eit forsøk på å kome seg over Øresund i open båt.) Lund hadde ein russisk kjærast, ei talentfull kunstnarinne med eit flott atelier. På dette atelieret såg eg Grieg fyrste gongen. Han låg for det meste utstrekt på to stolar og virka, som engelskmannen seier, relaxed.
Nordahl hadde mykje moro av Lunds fabelaktige latskap, men karen var ikkje lat når ein innsats skulle gjerast.
Eg hugsar at Grieg kort til etter ba meg heim til seg i Pilnjaks villa. Pilnjak var på den tid ein vidgjeten forfattar. Villaen tydde heller ikkje på at han lei noka materiell naud.
Nordahl og eg vart sitjande og prate til langt på natt. På heimvegen gjekk vi opp på taket av restauranten Praga og såg ein fantastisk soloppgang over Moskva.
Nordahl flytte inn på hotell "Novaja Moskovskaja", som ligg på andre sida av Moskvaelva i flukt med Den raude plassen. Hotellet hadde nett fått påbygt eit par etasjar. I omlag eit år var eg minst eit par gonger i veka hos Grieg. Han hadde eit koseleg rom med ei imponerande utsikt over Kreml.
Og Nordahl Griegs politiske syn og interesser på denne tida?
Nordahl kjempa på den tid for å komme fram til eit konsekvent livssyn. Fascismens siger i Tyskland hadde gjort eit sterkt inntrykk på han. Han skjøna at her bar det mot ei veldig krise,
men han var ennå ikkje fullt klar over kva rolle Sovjetunionen og arbeidarklassen ville kome til å spele. Den heroiske innsatsen til det russiske folket som sleit med å bygge opp det mest elementære grunnlaget for sosialismen, og samstundes trygge freden for landet - alt dette forsto han langt på veg - men kosta det ikkje for mykje, fanst det ikkje ein lettare veg, gjennom semje mellom framstegskrefter i alle samfunnslag?
Hos meg trur eg han fekk kontante og temperamentfulle svar. Eg hadde studert marxisme, lese historie og poliktikk, og hadde ein samanheng i synet som Nordahl Grieg vanta. Litt etter litt nærma vi oss kvarandre. Dette er sjølsagt langt frå berre mitt verk. Endå meir hadde den direkte kontakten Nordahl hadde med russarar å seie.
Kom tanken om eit tidsskrift i Norge på tapet den gongen?
Ja. Ideen om å skape tidsskriftet "Veien frem" vart til på hotell "Novaja Moskovskaja" og var nok min frå fyrsten. Eg lengta etter å kome heimatt til Norge. Eg hadde i si tid vore med i Mot dag, og ei tid i redaksjonen saman med Erling Falk, og ville derfor gjerne sjå fram til ei heimkome til eit nytt tidsskrift. Den jobben eg hadde i Moskva var i og for seg både ansvarsfull og interessant. Eg var redaktør i eit forlag som skulle omsetje marxistiske klassikarar til norsk, serleg Lenin. Eit par norske medhjelperar var der, men dei kunne ikkje russisk. Arbeidstilhøva var ille,vi arbeidde i eit rom med omlag 20 personar frå ikkje mindre enn 6-7 nasjonar. Dessuten såg det ut for at oppgåva aldri ville ta ende. Eg måtte til Norge. Her borte gjekk eg i frø.
Eg fekk etter mange vanskar sett igjennom at eg skulle få reise heimatt til Norge, det enda med at ein annan norsk kommunist vart "utveksla" mot meg.
Nordahl Grieg var straks fyr og flamme for ideen om eit tidsskrift. Det galdt om å samle alle gode krefter til kamp mot den fascistiske fåren. Grieg ville gjere seg ferdig med denne hersens Jack London i ein fei. Grieg finansierte nemlig moskvaopphaldet sitt delvis med å omsetje Jack London.
Grieg kom seg først av garde. Han hadde då planar om ein film - film var i det heile Nordahls evige lengt - men det vart spelestykke "Vår ære og vår makt".
Etter at han hadde vunne sigeren på heimebane med spelestykket sitt, telegraferte Grieg kort og godt: Kom!
Eg hadde eit lite helvete med å kome meg laus. Vart kalla inn til ein svært sinna høgre partifunksjonær som skjelte meg ut for desertør. Eg svara at eg var nordmann og ynskte å arbeide i Norge. Vel, eg fekk reise, men med ein lei attest i helane på meg: eg måtte ikkje brukast til ansvarleg partiarbeid. Du veit, venlege sjeler som omskriv personleg nid til politiske problem har det alltid vore i alle parti. Ikkje minst i arbeidarrørsla.
Hadde du vore vel frittalande?
Ja, frittalande har eg vel alltid vore, du veit, bondehåtten fører til glefs mot det ein misliker, og eg vog vel ikkje alltid på gullvekt når eg snakka i private samkomer.
Men tilbake til heimkoma og tidsskriftet?
Ja, før vi kunne kome igang med tidsskriftet, måtte vi ha trykkeri, kontor, namn på det nye barnet, forretningsførar osv. Til forretningsførar engasjerte
Nordahl ein jockey som ein kjenning i Gyldendal hjadde tilrådd. Meininga var at eg skulle ha ein viss kontroll, men den var ikkje lett å gjennomføre all den
tid kontoret støtt var okkupert av jockeyen og dei norske kameratane hans. Det
varte og det rakk før Nordahl fekk gjort slutt på tilstandet. Men slk er det alltid. Når ein kom fram til ei rimeleg ordning, var det for seint. Tidsskriftet hadde gjort si gjerning og måtte gå inn.
Før vi starta "Veien frem", hadde vi av taktiske grunnar eit møte med Sigurd Hoel, Arnulf Øverland, Nils Johan Ruud og visstnok Nils Lie. Det var ute i Nordahl Griegs hytte i Asker. Da Groeg tok til å snakke om tidsskriftet, hevda Hoel og Øverland at tidsskrift dugde ikkje i Norge. Ein måtte ha avis, apparat, annonser og greier. Etter dette var det nokså klart at dei ikkje ville vere
med. Dessuten var dei i dei dagane mest interesserte for sin libido - profeten dr. Reich var komen til Norge.
Problemet med å gi barnet namn, viste seg å gi oss mykje hovebry. Etter mitt
framlegg bestemte vi oss endeleg for "Veien frem". Namnet var ikkje originalt -
eg hadde eit halvgløymt minne om ei propagandabrosjyre for D.N.A.
Korleis var Grieg som redaktør?
Grieg var ein dynamisk redaktør. Til spesialnummeret om Quisling, t.d. mobiliserte han folk som sikkert vrei seg i fyrstninga, men dei kunne ikkje stå seg mot hans sjarme. Eg fekk brev og epistlar om innkalling til konferanse osv.,
både seint og tidleg. Dessverre er breva gått tapt. Det meste gjekk nok i papirkorga etter kvart. Nokre lengre brev som eg hadde tatt vare på, gjekk med i Narvik. Huset eg budde i, brende ned under stridane der i 1940. Nordahl kunne skufle ned på papiret i all hast, så han knapp gadd skrive alle orda heilt ut, men jamvel små fort nedrabla brev var stundom reine perler.
Odd Hølås skriv i føreordet til samlinga "Veien frem" at eg var Nordahl Griegs sekretær, og at eg hadde ein slags post som overvakar over Griegs politiske reinlivnad. Dette er noke vås. Eg var redaksjonssekretær i "Veien frem". I praksis arta dette seg rett nok slik at eg måtte vere konsulent ved arbeidet på slike spelestykke som "Men i morgen" og "Nederlaget". Det var stundom slitsamt. Når ånda kom over han, kjende Nordahl ingen omsyn, alt måtte vike for den heilage skaparmakt. Eg kjende meg ofte som ein pressa sitron når eg gjekk nedatt frå Holmenkollen der Nordahl nå budde. Noka "overvaking" var det sjølvsagt ikkje tale om. Ofte såg vi ikkje kvarandre i vekevis.
"Veien frem" fekk ingen stønad frå presse og ålmenta. Nordahl gjekk personleg til Tranmæl og bad han omtale dette nye partilause organet som skulle slåss mot krig og fascisme. Resultatet var ein bitte liten notis, sidan var det stopp. Stort betre var det heller ikkje med dei andre organ, "Tidens tegn", t.d. Likevel gjekk tidsskriftet ut i ei opplag på ca 5000.
Spaniakrigen ruska opp i det norske folket. Arbeidarane ville hjelpe, men som kjent hadde dei styrande sine eigne planar og funderingar; nonintervensjonspolitikken var i emning. I denne tida måtte vi møte giftige bakhaldsåtak, fyrst og fremst frå den kvasiradikale psykoanalytiske falanksen. Eg rykte ut med ein artikkel mot dr. Reichs politiske "filosofi". Han svara med ein vill skjellsordflaum i tidsskriftet "Zeitschrift für Sexualökonomie und politische Psychologie. (kom ut i Oslo på tysk på det instituttet Reich hadde etablert.).
Ei av oppgåvene vi hadde sett oss med tidsskriftet var å utvikle ein marxistisk kritikk på norsk grunn. For å kunne greie dette, måtte ein gjennomføre ein kritisk revisjon av heile synet på historia vår. Kritikken skulle vere ein vesentleg del av litteraturen. Men kvar skulle ein få eit lyttande øyra for slike tankar? Hos Nordahl Grieg fann eg det fyrste gongen. Sjølv var eg i den
første tida forferd over kor blank han virka i denne materien. Vi kom faktisk på
bølgjelengde i det meste, bortsett frå at eg tykte han var ein bursjoa, som i fyrstninga hadde svært tungt for å setje seg inn i vanlege arbeidsfolks verkelege tenke- og kjenslemåte. Og han på si side tykte sikkert at eg var ein
stor raring.
Korleis såg du på samanhengen i forfattarskapet til Nordahl Grieg frå "Norge i våre hjerter" og til han siste arbeid?
Nordahl Grieg forsto det nasjonale spørsmålet betre enn mange skolerte marxistar. I slutten av tjueåra var det ennå mote, på same vis som det nå har vorte det att hos visse typr av "radikale" å nedvurdere og ringeakte den nasjonale arven. Nordahl Grieg fekk derfor hånsord fordi han ope vedgjekk sin kjærleik til folkets Norge, sin ærlege og redelege patriotisme.
Slikt vart utlagt på den vis at han var reaksjonens mann. Men alt tidleg hadde Grieg vorte klar over samanhengen mellom arbeidsfolket sin kamp og den nasjonale kampen, opprørsviljen hos kolonifolka, og dei motkreftene for frigjeringa som låg i dei livsøydande kreftene til kapitalen og konkurransen verda rundt. Men han vanta på ei vis eit livssyn, eit kompass for si eiga deltaking i kampen for det menneskelege. Slik var han: han kunne ikkje tenke seg eit liv som diktar i eit elfenbeinstårn over slagtummelen. Han måtte vere med, gjere ein innsats, gi heile seg, ikkje stykkevis og delt. Dette var natur hos ham.
Like frå Nordahl Grieg, ung og gnistrande av talent, storma inn på det gråe norske Parnasset, burde det vore klart at han representerte den humanistiske line frå den store realistiske litteratur i gullaldertida vår. Det er like tydeleg i sjømannsromanen "Skipet går videre" som i "Atlanterhavet" og "Norge i våre hjerter"
Di meining om Griegs polemiske artiklar og essay?
Dei politiske og polemiske artiklane har sin plass i hans kunstneriske produksjon. Dessverre har det ennå ikkje gått opp for folk at det å skrive ein verkeleg god artikkel krev ikkje så lite kunstneriske evner. Ein blar ikkje lenge i Nordahl Griegs artiklar og politiske essay før ein blir overtydd om at dette er kunst. Artiklane er knappe, fyndige, ikkje overlessa med bilete, men likevel skrivne med eit sant dikterisk flog i tanken. Stundom virker dei improvisert, skapt og festa på papiret i den lukkelege augneblinken. Men Nordahl var svært nøgje i alt sitt arbeid. Han drøfta sjøl "småtteri" med venner og kjenningar som han sette pris på å få dom av. På slik vis fekk han
spørsmåla drøfta frå forskjellige synspunkt. Fleire ser meire, om ikkje betre, enn ein ... . Og Nordahl var alltid villeg å forkaste ei manuskript når han fann at det ikkje held mål. Men det som kom fram for ålmenta, var alltid hans eige. Alt snakk om at han lot seg dirigere, er blankt tøv.
Det fins store diktarar som berre yter det beste på eit enkelt felt. Det fins andre der det store ligg i det allsidige. Nordahl Grieg høyrde til den siste gruppe. Han var ein renessanseskapning - einsidig var han minst av alt.
Snakka han ofte om sitt framtidige arbeid som diktar?
Ja, han var ingen dølram mann med dei planane han hadde. Det går jo fram av Gerd Griegs bok alt det han hadde i emning i krigstida, både av lyriske opplegg, filmmanuskript og andre ting.
I den tid eg var mykje saman med han, snakka han ofte om dei ting han ville ha gjort, sprengfyld av planar og syner, som om han hadde ei æva av liv framfor seg. Men i den tida måtte alt vike for det aktuelle i kampen mot krigen og fascismen.
Då eg ein gong ytmta om at romanen "Ung må verden ennu være" var noke laus i liminga ymse stader, braut han meg av med: "Kjære deg, jeg vet det så inderlig godt, men husk hva årstall vi skriver". Dette var i 1938. Nokre månader etter braut krigen ut, og snart skylde brenningane inn over våre eigne kystar. Det som nå var om å gjere, var å vekke folket til ettertanke med det ennå var tid.
Han hadde ennå mykje uskrive. Det var problemet om den nasjonale arven, banda mellom det gamle og det nye Norge, Wergeland, og så mykje anna.
Nordahl Grieg hadde noke å by dei menneske han var glad i.
Og det er vel igrunnen det som er kjelda til all sann dikting.
Var det noken gong opplegg til konflikt mellom dykk?
Ja, det brygga opp til konflikt då eg i 1937 melde meg ut av kommunistpartiet. Men Nordahl og eg vart samde om at dette spørsmålet ikkje skulle skilje oss. Eg var sjøl i tvil og hadde ei vond tid. Nordahl var naivt trygg på at i Moskva, der måtte alt gå bra. Nå var dessuten partiet meir merksam på at Nordahl Grieg verkeleg betydde noke, og Viggo Hansteen vart meir både den personlege og partimessige kontakten for Nordahl Grieg. Eg var vel nøgd med dette. Måtte nemleg sjå meg om etter eit levebrød. Nordahl var også lei av "Veien frem", trur eg, han hadde så mange andre plattformer han kunne bruke.
I 1938 tok eg to bifag: tysk og historie og vart dermed cand. mag. Hausten 1939 drog eg så som adjunkt til Narvik. Kontakten mellom oss vart halden vedlike heile tida. Nordahl Grieg var hos meg like før eg reiste nordover. Det siste brevet frå han fekk eg nokre dagar før 9. april 1940. Det var frå Gudbrandsdalen og børja omlag slik:
"Nå, gamle Digernes, må du legge hodet i bløt og gi meg en grundig orientering - det begynner å bli litt broket ..."
Det var ikkje lett for meg som var einaste "utanlandske spion"
i Narvik og elles hadde min internasjonale "informasjon" frå "Dagens nyheter" og
Stockholmstidningen, men eg fekk då sendt eit svar. Brevet kom ikkje fram
Under krigen hadde vi ingen kontakt - gudskjelov hadde eg nær sagt. Mi stode i Sverige var svært vanskeleg - og korleis Nordahl hadde det i London, det kan ein lese hos Gerd Grieg.
Han har skjøna mykje av det uhyggjelege spelet som vart drive. Har kjent seg som i ein svinesti. I desperasjonen har han søkt døden ved å smite seg med i dette toktet over Berlin. Det kunne likne han. Det var nemleg mykje dødsdrift i han. Romantisk, litt overspent, kanskje, men det høyrde med til hans natur som kunstnar og menneske.
"Nordahl Grieg - hvis lengsel jo gikk efter åndelige absolutter - hadde her hjemme en viktig politisk insperetor, medredaktøren i "Veien frem": Ivar Digernes. Gerd >Grieg forteller om hvilken betydning Digernes hadde for dikteren. Denne opplysningen leser man to ganger, så leser man den enda en gang - og man tenker: Inspirasjonens veier har mange gåter. Har virkelig Ivar Digernes, dette humørløse, mest upoetiske, mest doktrinære vesen i Skandinavias kommunistverden, har virkelig han belært en av våre mest blodfulle diktere?
Spørsmålet som jo har litteraturhistorisk interesse, må visstnok besvares med ja.
Vi har jo attpåtil å gjøre med en forfatter, hvis egen svigerfar - formann i Norges kommunistiske parti - var et hjertevarmt menneske, en poetisk sjel, et edelt individ. Vår arbeiderbevegelse er jo ellers rik på betydelige personer, det skulle være nok å velge mellom - men dikteren valgte Digernes. Griegs lyriske kvaliteter og legendeaktige innsats i Norges krig løftet ham opp over politiske særmeninger; de fleste ble tvunget til å overse hans avvikelser ..."
Det er Odd Eidem som i ei melding av Gerd Griegs bok om Nordahl Grieg, i "Verdens gang", finn seg kalla til å gi denne karakteristikken rimelegvis av ein einaste grunn: Nordahl Grieg valde verkeleg Ivar Digernes til sin politiske og litterære medarbeidar i tidsskriftet "Veien frem"
For ein som har kjent Ivar Digernes dei siste tjue år og dessutan hatt litt peiling på samarbeidet melllom Grieg og Digernes, og lynne og veremåte både hos diktaren og medarbeidaren, verka dette temmeleg heimegjort i Eidems eiga hjernesmie.
Til dette svara Digernes ganske kort:
Ja, eg ser at Odd Eidem klagar sårt i meldinga si av Gerd Griegs bok, at diktaren kunne velje dette "humørløse vesen", "den mest upoetiske og dogmastiske person innen skandinavisk kommunistverden" til rådgjevar. Eg har aldri hatt den ære å vere kjent med Odd Eidem, men eg må gje han honnør for hans utifrå gode kjennskap til "Skandinavisk kommunistverden".
Slik det låg an i Moskva i 1934, hadde Nordahl Grieg ikkje noke val. Bortsett frå Carsten Aasebø, fanst det ingen andre norske kommunistar i Moskva på den tid. (somaren 1934). Elles går det fram av det eg har sagt før, korleis samarbeidet kom istand, korleis det arta seg. Men det var sjølvsagt beklageleg at Nordahl Grieg ikkje vart peila inn på ein politisk og litterær kapasitet som Odd Eidem, etter som eg nå forstår.
(Ivar Digernes døydde laurdag 8. februar. Minneartikkel om Ivar Digernes kjem i komande hefte av "Fossegrimen")
Ivar Digernes om Nordahl Grieg / [intervjua av Torolv Solheim]. - S. 32-40.
I: Fossegrimen. - Årg. 5, hf. 1 (1958)
|