Ivar Digernes
29.04.1904-08.02.1958.




Ivar Digernes in memoriam


Olav Riste

For vel 8 dagar sidan stod det ei melding i blada om at den unge Ivar Digernes var død etter ei stutt, men pinefull sjukelege. Det var sagte litt uventa. For omlag ein månad sidan hadde eg brev frå honom om at vår sams ven og gode kjenning, Reidar Øksnevad, hadde fått slag, men han nemnde ikkje noko om at han sjølv hadde fått den ulækjelege kreftsjukdomen, eller at han ikkje visste noko om det.

I siste åra var det lite eg høyrde frå han - me var litt i slekt. Eg visste berre at han dreiv som litteraturmeldar og medarbeidar i "Friheten" og hadde nett lese den russiske romanen "Ikke av brød alene", som han hadde omsett til grei og god norsk.

Han var av dei ungdomane som me hadde sett store voner til. Han hadde ein blink i augo som eg aldri vil gløyma, og var sikkert den skarpaste av alle dei elevane han nokonsinne har hatt. Mellomskuleeksamen tok han på stutt tid, og var mellom dei 4 som det året fekk Stf. i hovudkarakter. Og etter 3 års gymnastid på latinlina fekk han som yngstemann (berre 18 år gamal) preseteris m.a. med S i latin skr., noko som var eit sersyn.

Me hadde venta at han skulle ha teke til å studera filologi med det same, men som den idealist han var, eller helst ideolog, tok han til som bladmann i arbeidarpressa. Det vart såleis ikkje mykje tid til å ofra seg for filologien. Men likevel tok han seg tid til å ofra eit semester på engelsk som sidefag til filologisk embetseksamen frå redaktørstillinga si på Notodden, eit fag som andre gjerne brukar 4 semester på.

Eg snakka med lektor Theodor Gleditsch, min fars elev og gode ven frå barneåra i prestegarden, som var sensor i engelsk. Eg visste at Digernes var ein strid kar og alltid måtte protestera, og meiner du ikkje han også den gongen måtte ryka uklar med eksaminator.
Gleditsch moroa seg over denne tilburden, men måtte innrøma at Digernes hadde rett.

Seinare tok han også eksamen i tysk og fekk plass som adjunkt i Narvik med det same krigen braut ut. Han hadde nett vorte gift og fått seg hus i byen, men så vart byen bomba og Digernes miste alt han åtte, og fekk så vidt koma seg over grensa til Sverige. Elles hadde han vel vorte skoten av tyskarane såleis som mange andre av dei som var russisk-venlege eller hadde vore i Russland.

Der var han også i mange år og kom m.a. i lag med Nordahl Grieg som sette stor pris på han som ven og medarbeidar. Ei tid var Digernes medlem av Det norske Arbeiderparti. Men det var nok kommunismen som var hans credo og som han forsvara med nebb og klo.
Ikkje dess mindre kunne han i haust forsvara å levera ei omsetjing av Vladimir Dudintsevs bok, ein romansensasjon frå Sovjet og eit åtak på byråkratiet.

Om nokre mannsaldrar kjem kanskje domen over kommunismen til å arta seg litt onnorleis enn no. Ivar Digernes var idealist på si vis, og var som ein fossesprøyt i øydemarka - men han var ikkje liv laga, og døydde berre 54 år gamal .



Olav Riste


Ivar Digernes in memoriam / Olav Riste. - S. 2.
I: Møre : bygdeblad for Sunnmøre. - Årg. 56, nr 22 (torsdag 20.februar 1958)